Kulturmiljø av nasjonal interesse i byar og tettstadar (NB!-registeret) er ei oversikt over kulturmiljø som det knyter seg nasjonale interesser til. Sidan etableringa i 2006 – 2010 har kulturmiljø i fylka Agder og Nordland vore ein del av denne oversikta. I 2020 blei forslag til revisjon for Agder og Nordland sendt ut på høyring. No er høyringsinnspela vurdert og endringane publisert.
– Riksantikvaren er no godt i gang med å revidere NB!-registeret. Med revisjonen vil Riksantikvaren bidra med oppdatert kunnskap og faglege råd om berekraftig forvalting og utvikling av desse kulturmiljøa, seier Elisabeth Dahle, avdelingsdirektør for Samfunnsavdelinga hjå Riksantikvaren.
Kulturmiljøa er ikkje freda og har ikkje eit formelt vern, men forvaltast mellom anna av kommunane og fylkeskommunen gjennom verkemiddel i plan- og bygningslova. Det er Agder og Nordland fylkeskommune som er næraste kontaktpunkt for sine kommunar, andre myndigheiter og ålmenta i forvaltinga av kulturmiljøe i NB!-registeret.
Kulturmiljø av nasjonal interesse i Agder og Nordland
Kulturmiljøa i oversikten i dei to fylkene omfattar i alt 13 kulturmiljø i Agder og 10 kulturmiljø i Nordland. Revisjonen av kulturmiljøa består i hovudsak av presiseringar av tekstar og tilføyingar av faglege råd for forvalting for kvart enkelt kulturmiljø. Nokre av kulturmiljøa har fått nye namn, og fleire stader er det gjort endringar i avrensingane til kulturmiljøa. I nokre tilfelle er kulturmiljø tekne ut av oversikten.
Revisjon av NB!-registeret i Agder og Nordland
Revisjonen er eit oppdrag til Riksantikvaren frå Klima – og miljødepartementet og har forankring i Meld. St. 16 (2019-2020) «Nye mål i kulturmiljøpolitikken – engasjement, bærekraft og mangfold».
Revisjonsforslaget for Agder og Nordland blei sendt på ei avgrensa høyring til fylkeskommunen og kommunar ved juletider i 2020, med frist våren 2021.
– NB!-registeret er eit resultat av eit langsiktig samarbeid mellom Riksantikvaren, regional kulturmiljøforvalting og kommunane. I revisjonen er det kome mange gode innspel frå fylkeskommunane og dei aktuelle kommunane. Innspela har vi vektlagt og freista å kome i møte i størst mogleg grad. Vi håpar at den oppdaterte kulturmiljøkunnskapen og dei faglege råda i revisjonen blir nyttig i kommunane og fylkeskommunane sitt planarbeid, sier Dahle.
I Agder fylke inngår no desse 13 kulturmiljøa i NB!-registeret:
- K29 Arendal Tyholmen
- K30 Arendal Pollen
- K31 Grimstad Sentrum
- K32 Lillesand Sentrum
- K34 Tvedestrand Sentrum
- K35 Risør Sentrum
- K226 Farsund Sentrum
- K227 Flekkefjord Sentrum
- K228 Kristiansand Kvadraturen
- K229 Kristiansand Murbyen
- K230 Kristiansand Posebyen
- K231 Kristiansand Solbygg
- K232 Mandal Sentrum
I Nordland fylke inngår no desse 10 kulturmiljøa i NB!-registeret:
- K95 Bodø sentrum
- K96 Bodø Svenskebyen
- K98 Kabelvåg Parken
- K99 Mo i Rana Moholmen
- K97 Henningsvær
- K101 Mosjøen Sjøgata
- K102 Narvik Trekanten (tidligere: Narvik Industriområdet NSB og LKAB)
- K104 Narvik sentrum
- K105 Stamsund
- K106 Svolvær Svinøya og Bukkedauden (tidligere: Svolvær Svinøya)
To kulturmiljø i Nordland er tekne ut av oversikten. Det er:
- K100 Mosjøen Byparken
- K107 Svolvær Torget
Byparken i Mosjøen takast ut fordi den er freda og difor underlagt eit sterkare vern enn NB!-registeret gir. Torget i Svolvær takast ut på bakgrunn av ei samla vurdering etter innspel frå lokal kulturmiljøforvalting. Tidlegare avgrensing av kulturmiljøet var ikkje tilstrekkeleg for å sikre dei nasjonale interessene, og utviklinga i Svolvær har gjort kulturmiljøet fragmentert.
Revidert informasjon om kulturmiljøa er tilgjengeleg for alle på nettsiden Kulturminnesøk og Askeladden – Nasjonal database for kulturminne, kulturmiljø og landskap.
Forvalting av kulturmiljø i NB!-registeret
Kulturmiljøa er fellesgode som fortel historia om Noreg. Samtidig er byar og tettstader stadig i endring. Med god planleggjing kan kulturmiljø sikrast og videreutviklast i eit langsiktig perspektiv, som ein ressurs i samfunnsutviklinga. Kulturmiljø er viktig for identitet, tilhørigheit og trivsel og kan samstundes brukast som grunnlag for lokal utvikling og verdiskaping. Å ta vare på og utvikle kulturmiljø gjennom berekraftig utvikling er også viktig for å møte Noreg sine lovnadar knytt til Europarådets landskapskonvensjon og FNs berekraftsmål. Kommunen, saman med eigarar, er viktige aktørar for å sikre nasjonale kulturmiljøinteresser.
Registeret skal bidra til å ta vare på og styrke kulturmiljøverdiar og er i dag, saman med Riksantikvaren sin strategi og anbefalingar for by- og stadsutvikling, eit viktig verktøy som brukast i samfunnsplanlegging og kulturmiljøforvalting.
Pressevakt Riksantikvaren
Ikke send sms, telefonen viderekobles.Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153
Dokumenter
- Agder fylkeskommune - Høringssvar
- Adger fylkeskommune - Høringssvar
- Agder - Kunngjøring
- Agder - Høringsnotat
- Arendal - Vedtak
- Bodø - Høringssvar
- Bodø - Høringssvar
- Fortidsminneforeningen - Høringssvar
- Grimstad - Høringsuttalelse
- Høring - Riksantikvarens forslag til revisjon av NB!-registeret
- Kristiansand - Høringsvar
- Narvik - Høringssvar
- Nordland Fylkeskommune - Høringssvar
- Nordland fylkeskommune - Høringssvar
- Nordland - Høringsnotat
- Nordland - Kunngjøring
- Riksantikvarens NB!-register
- Vefsn - Vedtak
- Vågan - Høringssvar