Pressemelding

Fredar minnesmerke over jødiske born og unge

Statuen og minnesmerke Cissi Klein er freda den 25. november. Kunstverket er eit minnesmerke over alle våre jødiske barn og tenåringar som blei drepne i Holocaust.

Publisert: 25. november 2022 | Endret: 28. november 2022

Fredar minnesmerke over jødiske born og unge. Cissi Klein-statuen i Trondheim.
Minnesmerke over jødiske born og unge som blei myrda i Holocaust. Statuen av Cissi Klein blir freda den 25. november 2022. Det er eit minnesmerke over alle våre jødiske barn og tenåringar som blei drepne i Holocaust. Skulptur, 1997 © Tore Bjørn Skjølsvik / Tone Ek / BONO. Foto: Monica Anette Rusten, Trøndelag fylkeskommune

– Det at vi fredar dette minnesmerket, er ikkje ei verdinøytral handling. Tida no er ikkje berre prega av mangfald og inkludering, men også av ny krig i Europa. Noreg svikta barn og unge som Cissi Klein for åtti år sidan. I dag er statuen eit symbol for at me ikkje skal gløyme, seier riksantikvar Hanna Geiran.

I snart hundre år har Riksantikvaren freda kulturminne, og med det vore med på å definere kva som er norsk historie. Dei siste åra har dette biletet om kva som skal fredast  blitt endå større og breiare.

Riksantikvaren fredar vanlegvis ikkje minnesmerke. Men i dette tilfellet har representantar frå Det Jødiske Samfunnet peika på at dette minnesmerket er særs viktig for den jødiske kulturarven i Noreg.  Med denne fredinga, og med fredinga av deportasjonsmonumentet ved Akershuskaia, gjer Riksantikvaren unntak.

Pressevakt Riksantikvaren

Ikke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153
FredingaHer finn du heile fredinga av Cissi Klein-minnesmerket
Nærbilete av føtene til statuen i bronse av Cissi Klein. Føttene hennes rekker ikke helt ned til bakken, det er en del av symbolikken i verket.
Cissi blei kun 13 år Ho rakk ikkje å bli gammal nok til å nå bakken med føtene. Skulptur, 1997 © Tore Bjørn Skjølsvik / Tone Ek / BONO.
Foto: Monica Anette Rusten, Trøndelag fylkeskommune
Nærbilde av plaketten i fanget til statuen av Cissi Klein, utført i bronse. Plaketten viser navnet hennes og Davidstjerna
Nærbilete av minnesmerket over jødiske born og unge som blei myrda under Holocaust. Skulptur, 1997 © Tore Bjørn Skjølsvik / Tone Ek / BONO.
Foto: Monica Anette Rusten, Trøndelag fylkeskommune
Statue av Cissi Klein, utført i bronse. Det er en benk der det sitter en ung pike med en veske i fanget med navnet hennes og Davidstjerna på. Føttene hennes rekker ikke helt ned til bakken, det er en del av symbolikken i verket.
Statue av Cissi Klein Minnesmerke over jødiske born og unge i Noreg, som mista livet under andre verdskrigen. Kunstverket er plassert på Museumsplass i Trondheim. Skulptur, 1997 © Tore Bjørn Skjølsvik / Tone Ek / BONO.
Foto: Monica Anette Rusten, Trøndelag fylkeskommune

Cissi var trøndar og eitt av 102 jødiske born og unge i Noreg som vart forfølgd og myrda av nazistane under påskot av å vere ein trussel for samfunnet.  Ho var 13 år da ho blei myrda. Ingen av borna kom tilbake. Ei freding etterlet seg varige, fysiske spor, og statuen skal for all framtid minne oss på alle dei unge menneska som ikkje fekk leve vidare og setje eigne spor i samfunnet.

– Det har vore ein veldig fin prosess for oss i fylkeskommunen å få arbeide med denne fredingsaka. Å kunne bidra til å løfte fram kulturminne i Noreg som er knytt til jødisk liv og virke, og vår felles mangfaldige kulturhistorie, er eit viktig og prioritert arbeide seier fylkesordførar Tore O. Sandvik.

Statuen blei avduka i 1997 ved Trondheims tusenårsjubileum, på årsdagen for deportasjonen av jødane i Noreg. Kunstnarane bak verket er Tore Bjørn Skjølsvik og Tone Ek.

Ein viktig del av Trondheims historie

Opphaveleg stod statuen på ein annan stad. Den blei flytta i samråd med Det Jødiske Samfunnet i Trondheim i 2010, til plasseringa statuen har i dag. Den nye plasseringa på Museumplassen er ikkje tilfeldig. Cissi og familien hennar budde i andre etasje i Museumsplass 3, i dag Hans Hagerups gate 5, ein av bygardane som omgjev parken. Her ligg også snublesteinar til minne om Cissi og familien hennar. Bygarden der Cissi budde har også ein plakett. Den var Trondheims fyrste offentlege minnesmerke over jødane som vart drepne under den andre verdskrigen.

– Cissi Klein er ein viktig del av Trondheims historie den dag i dag. Dei fleste trønderar kjenner til historia hennar. Cissi Klein er ein sjølvsagt del av Trondheim by si historie, og den nasjonale historia om den andre verdskrigen og deportasjonane, seier ordførar Rita Ottervik

Statue av Cissi Klein, utført i bronse. Det er en benk der det sitter en ung pike med en veske i fanget med navnet hennes og Davidstjerna på. Føttene hennes rekker ikke helt ned til bakken, det er en del av symbolikken i verket.
Statue i bronse av Cissi Klein Skulptur, 1997 © Tore Bjørn Skjølsvik / Tone Ek / BONO. Freda minnesmerke over jødiske born og unge som blei myrda under Holocaust. Foto: Monica Anette Rusten, Trøndelag fylkeskommune

Smertefulle kulturminne

Fleire kulturminne frå krigen kan knytast til omgrepet smertefull kulturarv, altså kulturarv med ei historie som er vond å minnast. Desse minna har ei særs viktig rolle for framtidas samfunn. Det er viktig å ta vare på dei for å fortelje om kva som hende, og minne oss om at dette aldri må skje igjen.

– Styret i Det Jødiske Samfunn i Trondheim er særs nøgd med prosessen som leda fram til det førebels første fredingsforslag av jødiske kulturminne i nordre del av Noreg. Fredinga er resultat av eit viktig arbeide som markerer vilja til storsamfunnet til å ta omsyn til minoritetars behov for å ta vare på minne frå ein forferdeleg epoke i Noregs historie. Det er fint å kunna bevara minnet om Noregs «Anne Frank» for kommande generasjonar, seier Ralph Buchmann, forstandar i Det Jødiske Samfunn i Trondheim.

Kulturarv for alle

Riksantikvaren har ei målsetjing om at heile befolkninga skal være representerte på fredingslistene. Difor er eit utval jødiske kulturmiljø i Noreg vald ut for fredingRiksantikvaren skal løfte fram og få auka kunnskap om heile den norske kulturarven og frede eit utval av dei nasjonale minoritetane sine kulturminne. Minnesmerket Cissi Klein-statuen er eitt av fleire utvalde kulturminne i Trondheim.

Statue av Cissi Klein, utført i bronse., sett bakfra Det er en benk der det sitter en ung pike med en veske i fanget med navnet hennes og Davidstjerna på. Føttene hennes rekker ikke helt ned til bakken, det er en del av symbolikken i verket.
Minnesmerket på Museumsplass i Trondheim Cissi Klein. Skulptur, 1997 © Tore Bjørn Skjølsvik / Tone Ek / BONO. Freda minnesmerke over jødiske born og unge som mista livet under Holocaust. Foto: Monica Anette Rusten, Trøndelag fylkeskommune