Nyheter

Frå Transylvania til Trønderlag

Handverksutveksling på tvers av landegrenser har vore viktig for læringa ved Musea i Sør- trønderlag, og under restaureringa av Litjbuan på Sverresborg Trøndelag Folkemuseum.

Publisert: 13. mars 2023 | Endret: 29. januar 2024

Litjbua på Sverresborg Trøndelag folkemuseum Foto: MiST, Museet i Sør-Trøndelag

The ASTRA Museum of Traditional Folk Civilization” i Sibiu i Romania er eit av Europas største friluftsmuseum. Museet husar over 400 bygningar som representerer ulike delar og epokar av rumensk kulturarv.

– Sverresborg Trøndelag Folkemuseum har eit samarbeid med ASTRA museum i Sibiu som ligg i Transylvania i Romania. Det er eit av dei største friluftsmusea i Europa. Både Sverresborg og Rørosmuseet er involvert, og det handlar om utveksling av kunnskap om tradisjonshandverk, ikkje minst for nye generasjonar, seier Karen Espelund, Direktør for Musea i Sør-Trøndelag (MiST).

Sjå film om prosjektet på Riksantikvaren sin YouTube-kanal:

Føremålet med prosjektet er å utvikle nye metodar for formidling av tradisjonshandverk i museet, og utveksle kunnskap om tradisjonshandverk. I 2022 var rumenske handverkarar på besøk i Noreg. Som del av besøket hadde norske og rumenske handverkarar workshop for elevar både i den vidaregåande skulen og for elevar frå 6-klasse. Prosjektet er del av den kulturelle skulesekken, og elevar vart invitert til museet for å lære tradisjonelle handverk og metodar.

– Handverkarane frå Romania var på besøk her hjå oss, og arbeida med Litjbua-prosjektet. Vi har også vore på besøk i Romania på deira museum, seier Espelund.

Utveksling av kunnskap

MiST har også vore på besøk i Sibiu i ei veke for å utveksle kunnskap med rumenske handverkarar, og dei har fått midlar til istandsetting av Litjbuan, ein markagård frå 1600-talet på Sverresborg Folkemuseum. Aktivitetane finansierast av EØS-midlane. Prosessen skal dokumenterast og garden skal bli ein ny arena for formidling av handverk og bygningsvern. I løpet av prosjektperioden har MiST og ASTRA knytt seg til eit kompetansenettverk på Balkan som arbeider med universell utforming. Det vil seie korleis museum kan arbeide med å gjere museet og formidlingsarbeidet tilgjengeleg for alle, blant anna for døve, blinde og rullestolbrukarar.

– Vår læring blir at nokon ser oss frå utsida og stiller spørsmål om kvifor vi gjer som vi gjer i formidlinga vår. I tillegg utvekslar vi detaljkunnskap om alt frå konkrete handverksteknikkar til tresortar, seier Espelund.

Målet med samarbeidet er å utveksle kompetanse om formidling av tradisjonshandverk. Musea skal også samarbeide om å utvikle utdanningsopplegg for ulike grupper. I Løpet av prosjektet har ASTRA museum blant anna utvikla eit opplæringsprogram for elevar i den vidaregåande skulen i Trøndelag.

– Det å få eit blikk på arbeidet vårt frå utsida er veldig verdifullt. Det tek vi med oss inn i vårt eige arbeid. Prosjektet er fullfinansiert av tilskot frå EØS-midlane, som Riksantikvaren forvaltar, seier Espelund.

Riksantikvaren sitt EØS-arbeid

EØS-midlane er Noreg, Island og Liechtensteins bidrag til å redusere sosiale og økonomiske ulikheiter i Europa, og til å styrke kontakt og samarbeid mellom Noreg og dei 15 landa i sentral- og sør-Europa som tek imot midlane.

Riksantikvaren er partner for EØS-midlane og har eit spesielt ansvar for å informere norsk kulturarvsektor om moglegheitene som finnast i EØS-midlane og rettleie norske aktørar som deltek i kulturarvprosjekt.

Alle aktivitetar som finansierast av EØS-midlane skal direkte eller indirekte bidra til EØS-midlanes første mål: å redusere sosiale og økonomiske ulikheiter i Europa. Kulturarvprosjekt som støttast er har som regel følgjande tema:

 

  • Forvaltning, konservering og restaurering av kulturarv
  • Immateriell kulturarv
  • Revitalisering av kulturarv
  • Dokumentasjon og tilgjengeliggjøring av kulturarv
  • Formidling og utstillinger
  • Kapasitetsbygging for kulturarvaktører
  • Publikumsutvikling og undervisningsaktiviteter