Prosjektet handlar om å byggje om den gamle lokomotivstallen I Nissedal til klatrehall, samt å formidle historia. I formidlinga vil dei vise korleis lokstallen, Treungbanen og stasjonsbyen Treungen er eit viktig lokalt kulturmiljø. Slik inngår arbeidet i ei heilhetlig områdeutvikling med utgangspunkt i Nissedals industri- og samferdslehistorie.
– Dette er eit godt ombruksprosjekt som synar korleis den gamle lokstallen og kulturmiljøet har verdi som ein ressurs i stadutviklinga. Det kan gje ny næring og arbeidsplassar, og eit nytt aktivitetstilbod for både dei som bor og vitjar Nissedal, seier avdelingsdirektør Linda Veiby hjå Riksantikvaren.
Kommunen rapporterer at dei jobbar med å finne finansiering til ombygginga av verkstaden. Riksantikvarens tilskott har gått til prosjektutvikling og formidling, og er ikkje ei støtte til byggjeprosjektet.
Dette er Riksantikvarens satsing på verdiskaping:
Verdiskaping i kulturmiljø er ei tilskotsordning over statsbudsjettet. Målet er at prosjekta skal bidra til verdiskaping i kulturmiljøa. Verdiskapingsmidlane er eit viktig verktøy i arbeidet med dei nye bevaringsstrategiane.
Riksantikvaren skal leggje til rette for gode prosjekt for kulturmiljøbasert næring, distriktsutvikling og omstilling i lokalsamfunn. Samarbeid med Sametinget, fylkeskommunane og nasjonale partar står sentralt i satsinga, og skal styrke kunnskapsutvikling, læring og formidling.