Næring

Folkefinansiert feinschmeckerkaffi

En liten, hvit kiosk med buet tak og uteservering ligger på et asfaltert område med planter, foran boligbygg og et 30 km/t-skilt.
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Om prosjektet

Engasjement frå nabolaget var avgjerande da nokre eldsjeler ville etablere kaffibar i den gamle bensinstasjonen på Galgeberg. Fokus på kvalitetskaffi, berekraft og det å bli ein aktiv del av nærmiljøet var sentralt i konseptet. Drifta er godt tilpassa den vesle bygningen og plasseringa i bydelen.

ADRESSE
St. Halvards gate 71A, Oslo

VERNESTATUS
Regulert til bevaring

PROSJEKTET
Eigarane, Hoi!, Murmester Øyvind Eikvam

KONTAKT
Kiosk! Oslo

Svart-hvitt-bilde av et stille gatehjørne med flere trær, gamle biler og bygninger i flere etasjer, inkludert et skilt med teksten «Norsk Gjær- & Spritfabrikk».
1961: "Mobilgas" bensinstasjon på Galgeberg i 1961. Den gongen var det òg flotte tre rundt bygningen. Logoen til Kiosk! er inspirert av logoen til Mobil Oil. Foto: Truls Teigen / Oslo Museum

Historikk

Den vesle bygningen er teikna av arkitekt Paul Hoel og vart bygd i 1935 som bensinstasjon og kiosk for Sporveiens Bensindepot. Etter få år tok Mobil Oil over drifta. I bygningen ved sida av var det verkstad knytt til bensinstasjonen. Bygningen har eit utprega funksjonalistisk uttrykk, typisk for tidsperioden.

Etter kvart vart bensinstasjonen lagt ned, men verkstaden var i drift ein del år til.

En barista tilbereder en drink bak disken på en koselig kafé med planter, en kaffemaskin, en meny på veggen og kaffeposer på gulvet.
Det er investert i topp utstyr som gir svært god og presis kvalitet på kaffien. Drifta dei har lagt opp til er tilpassa både den vesle bygningen og trafikken i området, som no er meir basert på kollektivtransport og mjuke trafikkantar enn da bensinstasjonen vart bygd. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren.

Utfordringar og løysing

Etter at bensinstasjonen hadde stått tom i mange år, melde folka bak Kiosk! AS i 2021 interesse for å leige, og etablere kaffibar i den vesle bygningen. Kaffibaren har no direkte leigekontrakt. Kiosk! AS i seg sjølv er folkefinansiert og deleigd av 65 lokale aksjonærar.

Da kaffibaren vart etablert, var det med mål om å skape ein plass som gir mykje attende til nærmiljøet, og å servere kaffi av beste kvalitet. Difor knytte dei til seg ein eigar med god kompetanse som barista. Bygningen var i ganske god stand, og trengte i hovudsak mindre reparasjonar og overflatebehandling. Det var ikkje naudsynt å søke bruksendring for å kunna opne kaffiutsal, men ettersom det er moglegheit for å setta seg ned inne og ute måtte dei søke serveringsløyve frå næringsetaten i kommunen. Kaffien seljast berre i eingongskoppar (eller i kopp du tek med sjølv, da med rabatt), noko som gjer at krava frå Mattilsynet er mindre omfattande.

Den kompakte bygningen rommar mykje. Inne i hovudrommet er det disk, plass for tillaging av kaffi, og nokre få sitteplassar. I kjellaren er det lager med tilkomst innanfrå. Frå utsida kjem ein inn til eit toalett. Arbeidstilsynet har normalt krav om separat toalett for kundar og tilsette, men her er det gitt dispensasjon for dette ettersom bygningen er såpass liten og har enkel drift. Av same grunn gjeld heller ikkje hygienekrava frå Mattilsynet som ein har med eit storkjøkken, og det er difor ein enkel oppvask. Utover drikke blir det berre seld ferdig bakst.

Kaffibaren har ope seks dagar i veka, heile året. Opningstidene er basert på eitt skift, slik at ein kan halde kostnadane nede ved å ikkje treng å løne fleire tilsette i løpet av ein dag. Areal som tidlegare var parkeringsplassar er no trivelege opphaldsareal for store og små, og i helgene er det ofte bruktmarknader og andre arrangement. I slike samanhengar kjem den store baldakinen til god nytte!

Eit godt, berekraftsfokusert konsept og relativt enkle tiltak var det som skulle til for å forvandle den gamle bensinstasjonen til ein triveleg kaffibar som gjer nabolaget rikare. Drifta dei har lagt opp til er tilpassa både den vesle bygningen og trafikken i området, som no er meir basert på kollektivtransport og mjuke trafikkantar enn da bensinstasjonen vart bygd.

En liten kiosk med et stort overhengende tak, opplyst av runde lys, er omgitt av lyseblå utendørsbord og stoler på et tomt gatehjørne.
Kaffibaren har få sitjeplassar inne, men ute har areal som tidlegare var parkeringsplassar no blitt eit trivelege opphaldsareal. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Læringspunkt

  • Drift som i prinsippet er ganske like den opphavlege gjorde prosessen kring oppstart enklare, både ved at det ikkje var naudsynt med bruksendring, og at lokala var eigna.
  • Konseptet er ulikt det opphavlege, og er tilpassa notida på staden bygningen står.
  • Fokus på berekraft er synleg mellom anna i ombruk av bygning og møblar, berekraftige materiale, grøne opphaldsareal i staden for parkering, oppmoding til bruk av eigen kopp, og arrangement med fokus på sosial og materiell berekraft.

Lignende eksempler