Universell utforming

Jobbar for å tilrettelegge freda klyngetun

Foto: Kjell Andresen, Riksantikvaren.

Om prosjektet

Ved Agatunet i Ullensvang har dei gjort ein grundig og brei prosess for å auke tilgjenge til det freda anlegget. Museet søkte om midlar frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) til kunnskapsutvikling og kompetanseheving knytt til universell utforming. Ved å gå systematisk til verks gjennom kartlegging og involvering, fekk museet oversikt over behova og eit grunnlag for å prioritere tiltak.

ADRESSE
Aga 90, 5776 Nå

VERNESTATUS
Freda

PROSJEKTET
Hardanger og Voss museum, Universell utforming AS

KONTAKT
Agatunet, Hardanger og Voss museum

Agatunet er eit klyngetun som består av mange gamle hus. Det eldste er frå tidleg på 1200-talet. Tunet er ikkje særleg tilgjengeleg i dag, men museet har sett i gang ein prosess for å sjå på tiltak som kan betra tilgjengelegheita i det verdifulle kulturmiljøet.

Historikk

Agatunet er eit svært godt bevart klyngetun i Ullensvang. Det er eigd av Stiftinga Agatunet, og blir drive av Hardanger og Voss museum. Tunet har 30 freda bygningar. Den eldste er Lagmannsstova, ein gildehall frå omlag1220-30. Lagmannsstova var bygd som eit administrasjonsanlegg etter europeisk modell, og vart nytta som representasjonsbustad og rettslokale. I dag er Lagmannsstova det einaste huset av sitt slag i Noreg, og eit av dei best bevarte sekulære mellomalderbygg me har i landet.

Tunet i seg sjølv byr på stemning og opplevingsverdiar. Det er derfor eit mål at fleire kan få høve til å bevega seg rundt mellom husa. Foto: Karen Elkjær, Riksantikvaren.

Utfordringar og løysing

Hardanger og Voss museum ønskjer å gi flest mogleg høve til å oppleve det freda klyngetunet utan at tiltaka for tilgjengelegheit går på tvers av fredingsomsyn.

På Agatunet er det fleire forhold som kan utgjere hinder for folk med ulike typar funksjonsnedsetjingar. Hindera dreier seg til dømes om hus med berre naturleg belysning, grusdekke mellom husa, bratte trapper og høge tersklar. Slike forhold gjer det vanskeleg for menneske med funksjonsnedsetjingar å delta på omvisingar.

Museet gjekk difor inn for å få gjennomført ei heilskapleg vurdering av moglegheitene for universell utforming i tunet. Dette var for å kunne prioritere riktig og realistisk. Det var òg for å kunne sjå ulike tiltak i samanheng. Fordelen med ei heilskapleg tilnærming er til dømes at ein kan unngå å gjere tiltak i bygningar som likevel ikkje vil bli meir tilgjengelege på grunn av utvendige forhold.

Ein del av prosjektet handla òg om kompetanseheving. Kompetanseheving vil gjere at dei tilsette lettare kan identifisere løysingar og mogleg grep for å betre tilgjenge med enklare middel.

I kartlegginga deltok personar med funksjonsnedsetjingar, saman med rådet for funksjonshemma i kommunen og Universell utforming AS som var hyra som rådgjevarar.  Deltakarane vart delte i grupper, som fekk oppgåver på forskjellige stader på tunet. Oppgåvene dreidde seg om å vurdere stadene med utgangspunkt i ulike typar funksjonsnedsetjingar. Deltakarane skulle til døme vurdere om anlegget var enkelt og intuitivt å bevege seg rundt i, om informasjonen var forståeleg, om det var like moglegheiter for alle og om det kravdefysisk anstrenging å bruke området.

Ein del av kartlegginga gjekk ut på å sjå på kva fredingsverdiar som eit tilgjengelegheitstiltak vil røre ved eller endre. Kartlegginga gjekk òg ut på å sjå  kva kulturminnet toler av endringar før fredingsverdiane blir forringa.

Det vart laga ein rapport i etterkant, kor avgrensingane vart gradert og vurdert. Graderingane og vurderingane dannar grunnlag for å vurdere løysingar. Dei vurderte kva tiltak som trong dispensasjon og ikkje, og kva det vil koste. Denne oversikta gjer at dei kan prioritere og arbeide med tiltak for tilgjengelegheit over tid. Eit tiltak kan være alternative måtar å formidle det som er omfatta av tilpassingsavgrensingar. Andre løysingar kan tene både tilgjenge og vern. I ein gang med mykje slitasje og mange høge tersklar i ulike høgder kan til dømes eit plattformgolv skape ei heil flate, som også vernar det originale golvet.

Gjennom ei heilskapleg kartlegging av tunet, fekk dei god oversikt over kor avgrensingane ligg. Dei erfarte at dei standardiserte verktøya er lite anvendelege for den typen anlegg som Agatunet representerer. Krava i TEK17 er ikkje mogleg å oppfylle alle plassar, men dei kan likevel gjere tiltak for å betre tilgjengelegheita og måten å formidle tunet på.

Foto: Karen Elkjær, Riksantikvaren.

Læringspunkt

  • Søkte midlar frå Bufdir til kunnskapsutvikling, kompetanseheving og informasjon om universell utforming.
  • Målretta arbeid og bredt perspektiv for å finne løysingar som gjer tilgjengelegheita i heile tunet betre utan å forringe verneverdiar.
  • Seminar og kartlegging der brukargrupper, personar med funksjonsnedsetjingar og rådet for funksjonshemma i kommunen var representert la viktig grunnlag for prioriteringar og tiltak.

Lignende eksempler