– Noreg har ein rik båttradisjon, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen. – Vi ser at det no er behov for å styrke fagutviklinga i fartøyvernet, og har for 2024 fått til ei auke på 2 millionar. Vi voner at dette kan bidra til å byggje meir kunnskap og kompetanse for å ta betre vare på verna og freda fartøy i heile landet.
Tilskotet i statsbudsjettet til fagutvikling i fartøyvernet er i 2024 på 18,55 millionar. Dette skal finansiere kjerneaktiviteten hjå dei tre fartøyvernsentra og fagutviklingsprosjekt hjå kompetansemiljø i heile landet.
De tre nasjonale fartøyvernsentra har søkt om 18,8 millionar kroner til kjerneaktivitetar i 2024. Kjerneaktivitetar er aktivitet knytt til dokumentasjon, rådgjeving, nødhamn og delelager, noko som gjer at dei tre sentra kan fylle rolla som nasjonale kompetansesenter for alle som eig verna og freda fartøy.
– Dei tre nasjonale sentra har ei sentral rolle, både som forskingsmiljø og som rådgjevarar til båteigarar og båtbyggjarar, seier riksantikvar Hanna Geiran. – Vi har lagt opp til at tilskota til kjerneaktivitetar skal vere føreseielege over fleire år, men Nordnorsk fartøyvernsenter har store utmaningar. I samråd med Klima- og miljødepartementet er vi difor innstilte på å gje eit auka tilskot til dette senteret.
Dette får dei tre nasjonale sentra i tilskot til kjerneverksemda i inneverande tre-årsperiode:
Senter | 2023 | 2024 | 2025 |
Bredalsholmen dokk og fartøyvernsenter | 3 641 503 | 3 950 000 | 3 950 000 |
Hardanger fartøyvernsenter | 4 539 261 | 5 955 000 | 5 955 000 |
Nordnorsk fartøyvernsenter | 1 357 272 | 3 000 000 | 3 200 000 |
Totalt | 9 538 036 | 12 905 000 | 13 105 900 |
Fagutviklingsprosjekt gjer det mogeleg for fleire å samarbeide
Riksantikvaren har motteke 30 søknadar om fagutviklingsprosjekt på til saman 11,6 millionar. 13 av søknadane er innvilga, og til saman går 4.022.849 millionar kroner til fagutviklingsprosjekt landet rundt.
– Vi vil skape solide fagmiljø gjennom samarbeid med dei nasjonale fartøyvernsentra og andre kompetansemiljø, seier Geiran. – Det seier seg sjølv at med så mange søknader må vi prioritere godt, men vi er glade for å sjå at kvaliteten på søknadane er gode i år. Vi har prioritert prosjekt som gjev fagleg samanheng og heilskap, og der fleire aktørar har nytte av resultata.
Prosjektet «Segl i naturfiber – eit levande handverk» er eit godt døme på at fleire samarbeider om gjennomføringa av prosjektet og at mange vil ha nytte av resultata frå prosjektet. Prosjektet byggjer vidare på ein vellukka første del, og gjennomførast i samarbeid med det nasjonale fartøyvernsenteret i Hardanger fartøyvernsenter og det regionale senteret Isegran fartøyvern. Kunnskapen om å sy segl av naturfiber på tradisjonell måte skal no gjenvinnast og sikrast, og vil kome heile seglskipsflåten til gode.
Fartøy ikkje berre langs kysten
Båtar er ikkje berre eit kystfenomen. Det finst eit rikt tilfang av lokale tradisjonsbåtar langs vassvegane inne i landet, men desse er framleis lite dokumenterte. Eit prosjekt knytt til gjenvinning/sikring av byggjetradisjon for tradisjonsbåt på Mjøsa får i år tilskot. Dette prosjektet svarar direkte på merksemda retta mot små og opne båtar som følgje av innskrivinga av den nordiske klinkbåttradisjonen på UNESCO si liste over verdas immaterielle kulturarv.
Tilskot til fagutvikling og fartøyvernsenter
- Tilskotsordninga har ei eiga forskrift
- Ordninga er løyva over statsbudsjettet
Pressekontakt:
Pressetelefon: 404 65 153.
E-post: kom@ra.no
Tilskot til prosjekt 2024
Søkjar | Prosjekt | Tilskot |
Bragdøya kystlag | Kompetanseheving for trebåtbyggerne og fartøyvernet | 250 000 |
Båtbyggarmuseet i Vestnes | Innreiing i jakter og galeasar | 350 000 |
Glomdalsmuseet | Revitalisering av mjøsbåtkulturen | 600 000 |
Isegran Fartøyvern | Forskning og dokumentasjon Hvalerskøyte | 550 000 |
Tarpon AS | Seil i naturfiber et levende håndverk del 2 | 480 000 |
Veteranlaget Wichman | Kurs i sikring, istandsetting, drift og vedlikehold av motorer i fredete og vernete fartøy | 165 000 |
Bredalsholmen dokk og fartøyvernsenter | Valsing av hudplater | 677 650 |
Hardanger fartøyvernsenter | Forprosjekt – Oppfølging av seminar om skipsdata | 50 280 |
Hardanger fartøyvernsenter | Fagskole – Vidareutdanning for håndverkarar i fartøyvern | 412 240 |
Hardanger fartøyvernsenter | Forprosjekt klinkbygging på modellspant: småfartøy og linjeproduserte småbåter | 63 280 |
Hardanger fartøyvernsenter | Måleeiningar og målepunkt | 89 800 |
Hardanger fartøyvernsenter | Videodokumentasjon av håndverksteknikker | 192 294 |
Nordnorsk fartøyvernsenter | Fagskole videreutdanning for håndverkere hos NNFA | 142 305 |
Sum | 4 022 849 |