Avgjørelser i klagesaker

Båten LJPJ «Seladon». Klage på avslag på søknad om status som verna skip

Vår referanse 23/03303

Publisert: 5. desember 2023 | Endret: 29. januar 2024

I vedtak, dagsett 4. oktober 2023 gav Riksantikvaren avslag på søknad frå Foreninga Seglkutteren Seladon om å gi båten LJPJ Seladon status som verna skip. Fylkeskommunen hadde tiltrådd at slik status vart innvilga. Riksantikvaren tok ikkje søknaden og innstillinga til følgje. Riksantikvaren sitt vedtak vart påklaga i brev av 31. oktober 2023.

Riksantikvaren har i vurderinga lagt vekt på vanlege krav til autentisitet i utforming og teknikk, for å få status som verna skip. Riksantikvaren viser til at båten er ombygd og i ettertid har fått utsjånad frå ei eldre periode enn båten sitt byggeår 1937. Direktoratet har framheva det positive arbeidet som båtforeininga gjer med omsyn til miljø og aktivitetar som er knytta til opplæring av ungdom på båten. Riksantikvaren meiner like fullt at dette ikkje kan være grunnlag for å få vernestatus, og heller ikkje at båten er eit sjeldent døme i sitt slag. Men Riksantikvaren har signalisert at dersom eigar av «Seladon» heller legg perioden som motordrive fiskefartøy til grunn for vidare vernearbeid, og legg fram tilstrekkeleg dokumentasjon som syner at dette er mogleg, kan det sendast inn ny søknad om vernestatus.

Etter ny vurdering i klagerunde, har Riksantikvaren ikkje funne grunnlag for å endre vårt vedtak. Saka er difor sendt til Klima- og miljødepartementet for endeleg avgjerd.