Nyheter

Besøk ei historisk vandrerute i sommar!

Fleire og fleire får augene opp for sommarferie i eige land, og du treng ikkje reise langt for å få spektakulere turopplevingar.

Publisert: 2. august 2023 | Endret: 29. januar 2024

Viglesdalen Foto: Njål Vadla, Stavanger Turistforening

Få land i verda har like vill og vakker natur som oss her i Noreg. Vi har djupe fjordar, dalstrok og kystlandskap, og naturen har vore nytta til både ferdsel og rekreasjon i fleire hundre år.

På midten av 1800-talet byrja europearane å interessere seg for den vakre naturen vår. Alt i 1868 vart Den Norske Turistforeininga (DNT) skipa, og rundt 1890-åra skaut hotellbygginga på Vestlandet fart. Noregsturismen var eit faktum. Keisar Wilhelm forelska seg i Vestlandsfjordane, og Ludwig Wittgenstein budde og skreiv i Loen. Kongen av Thailand likte seg godt i Telemark. Han vitja blant anna Brevik i 1907, sjølv om hovudmålet med reisa nok var kraft-og kunstgjødselsindustrien på Notodden og Rjukan.

Dei historiske vandrerutene er eit samarbeid mellom Riksantikvaren og DNT. Ferdsel, både på land og i vatn, er ein viktig del av historia om Noreg. Vi har nytt utsikta frå fjelltoppar, vandra over fjellvidder, langs skogstrekningar og på sjøen, mellom bygder, grender, byar og gardar til alle tider. Og ferdselsrutene vart brukt av alt frå handelsmenn til fiskarar, embedsmenn, pilegrimar, postførarar, omstreifarar, biletkunstnarar og mange fleire.

På desse rutene får du fantastiske tur-og naturopplevingar, samtidig som du vandrar midt i Noregshistoria. Du kan gå flyktningeruta til Sverige, ville og vakre Aurlandsdalen, eller oppleve stølsliv i Valdres. Dei 16 historiske vandrerutene er unike, og byr både på utfordringar og læring for alle. Her er rutene:

Aurlandsdalen

Den vakre og sagnomsuste Aurlandsdalen strekker seg frå Vassbygdi i Aurland til Geiteryggen, ved vasskillet mot Hallingdal. Ruta kronglar seg gjennom ville og vakre dalføre, opp på høgfjell og gjennom vakre beiteområde for husdyr og villrein.

Kva kan du oppleve her?

Her kan du gå langs gjel og juv, gjennom utsprengte hyller og påmurar omkransa av mektige fjellformasjonar. Her finn du fleire fantastiske fråflytta gardstun, blant anna Nesbø, Sinjarheim og Almen. Her står husa slik dei stod då det budde folk her. Det er også fleire tufter etter eldre busetnad i dalen, og flotte jettegryter langs ruta. I 2022 fekk Vener av Aurlandsdalen Riksantikvarens kulturminnepris for arbeidet med ruta.

Her kan du sjå ruta.

Aurlandsdalen Foto: Marius Dalseg Sætre, DNT

Brudleruta

Ferdselsvegen mellom Sirdal og Kvinesdal går gjennom eit vakkert heilandskap med mange interessante kulturhistoriske spor som gjev turen ein ekstra dimensjon.

Kva kan du oppleve her?

Namnet «brudle» kjem frå gammelt av frå «eit brudefølge». I Agder var ikkje brudle berre sjølve brudefølgjet, men også ei rad med steiner lagt etter kvarandre i ei linje på bart fjell. Samlinga av brudle på Josdalshei, som du kan sjå langs ruta, er den største samlinga i Agder – totalt 16,men ein del av desse er i dag dekka av vegetasjon. Å legge brudle er kjent frå 1600-talet i indre Agder.

Her kan du sjå ruta.

Brudleruta Foto: Åse Bitustøl, Riksantikvaren

Driftavegen

Denne ruta er ein del av nettverket av gamle ferdsleårar austover fjellet frå Ryfylke til Setesdal. Her startar ein frå parkeringsplassen i Nes i Årdal, og vandrar innover mot Viglesdalen, Stakken og Nilsebu.

Kva kan du oppleve her?

Her går du på ein imponerande drifteveg, bygd av svenske rallarar. Det er fantastiske oppmurte bruer, og stier på vegen gjennom kulturlandskapet. Ved enden av Viglesdalsvatnet ligg fjellgarden Viglesdalen. Her er det arkeologiske spor heilt tilbake til jernalderen.

Her kan du sjå ruta.

Vigsledalen Foto: Njål Vadla, Stavanger Turistforening

Ferdselsvegen over Kamperhamrane

Jostedalen er typisk postkortlandskap frå Vestlandet. Her får er ein store naturopplevingar med isbrear og bratte fjell i stor monn.

Kva kan du oppleve her?

Den gamle ferdselsvegen over Kamperhamrane går austover frå Sunndalen i Oppstryn og gjennom Rauddalen til setergrenda Framruste i Skjåk. Deler av ruta går over eit bratt fjellparti som kallast Kamperhamrane. I den bratte fjellskråninga er det gamle oppmurte steintrappar, og på toppen møtest ein av store siktevardar som har synt vandrarar vegen i fleire hundre år.

Her kan du sjå ruta.

Kamperhamrane Foto: Åse Bitustøl, Riksantikvaren

Fieldfare-ruta i Tafjordfjella

Det spektakulere fjellområdet Tafjordfjella ligg i Møre og Romsdal og Innlandet. Namnet kjem frå Tafjorden, den innste fjordarmen til Tafjord som leier inn til fjellområda.

Kva kan du oppleve her?

Fieldfare-ruta syner ruta som motstandsmennene Joachim Rønneberg, Birger Strømsheim og Olav Aarsæther brukte då dei skulle sabotere tyskarane sine kommunikasjonslinjer i Romsdalen. Langs ruta er det også eit stort antal kulturminne frå tidlegare tider, buplassar, steinbuer, fangstgraver og -anlegg som er fleire tusen år gamle, i tillegg til Jakobsaga og Reindalssaga i Reindalen og Zakariasdammen.

Her kan du sjå ruta.

Fieldfare Ruta Foto: Marius Dalseg, DNT

Finnskogrunden

Forbi Kongsvinger og mot grensa til Sverige finst det store skogsområder. Desse kan du utforske på denne turen, i tillegg til å lære og sjå skogfinsk kultur og levesett.

Kva kan du oppleve her?

På Finnskogrunden kan du oppleve eit tverrsnitt av Finnskogens særeigne historie og kultur – gjennom kulturlandskap, kulturminne og kulturmiljø. I tillegg opplever du variasjonane i natur og skoglandskapet. Runden går rundt innsjøen Møkeren i Kongsvinger kommune, og følgjer oppgåtte og mindre oppgåtte stiar mellom finnetorp, husmannsplassar, skulestover og grender. Den svingar også innom den freda skogfinske husmannsplassen Abborhøgda.

Her kan du sjå ruta.

Finnskogrunden Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Flytktningeruta

For dei som interesserer seg for krigshistoria er dette ein perfekt, men krevjande tur. Her går ein 12 mil i flyktningane sine fotspor frå Oslo og over til Sverige. Ei sterk oppleving, og ein tur som også Kronprins Haakon gjekk i samband med 75-årsjubileet for frigjeringa av Noreg.

Kva kan du oppleve her?

Rundt 50 000 nordmenn flykta til Sverige under krigen. Rutene til Sverige blei brukt av kurérer og flyktningar som ville kome seg i sikkerheit i Sverige under andre verdskrigen. I dag er Flyktningeruta ein kombinasjon av fleire ruter som blei brukt ut frå Oslo under krigen. Fram til Øyeren følgjer den i stor grad «Timianruta», som først og fremst var ei kurèr-rute der det blei frakta viktig post, pengar og utstyr. Ruta var aktiv frå juni 1943 og fram til krigen slutta.

Her kan du sjå ruta.

Flyktningeruta Foto: Sindre Thoresen Lønnes, DNT

Hallevägen

Dette var svenskene sin gamle veg til Halden. Hallen er eit tidlegare namn på Halden, og for mange, også på svensk side av grensa, var Halden ein viktig stad for å kjøpe og selge varer.

Kva kan du oppleve her?

Det var flere handelsvegar frå Sverige til Halden. Langs leia er det fleire spor etter mange hundre års bruk. Her kan ein oppleve den nære relasjonen vi har og har hatt med våre svenske naboar. Turen går gjennom jordbrukslandskap, løv- og granskog, og du finn kulturminne frå vår svenske og norske handelshistorie langs heile ruta. I tillegg slutter ruta på Fredriksten festning.

Her kan du sjå ruta.

Hallevägen Foto: Lise Evjen, Riksantikvaren

Hallingskeidvegen

Hallingskeid og Hardangervidda er vilt og vakkert. Ferdslevegen har blitt brukt i uminnelege tider, og her finn du både sherpatrapp og kulturminne langs ruta.

Kva kan du oppleve her?

På turen frå Osa til Hallingskeid får du flotte friluftsopplevingar saman med unik kulturarv. Hallingskeidvegen frå Osa og oppover i høgfjellet, i Ulvik herad, er ein spannande og litt krevjande tur. Vegen har vore nytta til ferdsel i uminnelege tider. Ein kan gå den både frå Hallingskeid turisthytte, eller starte i Osa og ta tyngste delen når ein er opplagt om morgonen. Ein kan gå turen på ein dag.

Her kan du sjå ruta.

Hallingskeidvegen Foto: Lise Evjen, Riksantikvaren

Jacobineruta

Ein enkel fottur eller båttur der du kan oppleve både Oslomarka, Oslofjorden og Hurumlandet på ein gong. Turen er mogleg å gjennomføre heile året, men Drøbaksundet er nydeleg om sommaren.

Kva kan du oppleve her?

Fergekvinna Jacobine har gjeve namn til ruta. Jacobine var ei kvinne som rodde ferge rundt til øyene utanfor Drøbak og over til fastlandet på Hurum på slutten av 1800-talet. Ho var enke med åtte born og rodde i all slags vær i over 40 år. Ruta følgjer ikke berre i Jacobines fotspor, men tek deg også med gjennom eit område rikt på krigsminne og fiskerihistorie.

Her kan du sjå ruta.

Jacobineruta Foto: Marius Dalseg, DNT

Jotunheimen

I Jotunheimen står dei store naturopplevingane i kø. Det er ei krevjande tur, med fleire høgdemeter, men til gjengjeld får ein oppleve det spektakulere landskapet som har inspirert komponistar, kunstmålarar og forfattarar.

Kva kan du oppleve her?

Frå Gjendesheim til Fondsbu via dei historiske turisthyttene Memurubu, Gjendebu og Torfinnsbu går du i fotspora til nokre av dei mest kjende personlegheitane i norsk fjellhistorie. Området har inspirert pionérar innan friluftsliv, fjellsport, litteratur og musikk. Nokre av stiane var dei første som blei varda av Turistforeininga, og varden som markerar nedstiginga til Besseggen frå Veslefjell var den aller første som blei merka med raudmåling.

Her kan du sjå ruta.

Jotunheimen Foto: Kari Merete Horne, DNT

Malmveien

Denne ruta går frå Røros til Femundsmarka. Ruta opna i 2021, og ho går gjennom verdsarvområdet Røros og Circumferensen, der spora etter 300 år med gruvedrift kjem tydeleg fram av landskapet.

Kva kan du oppleve her?

Innanfor ein radius på om lag 44 kilometer hadde Røros Kobberverk rett til alle ressursar. Mineraler, skog og vatn. I same område finst spor etter menneske som er langt eldre enn gruvedrifta. Steinalderbusetnadar, fangstgraver og samiske kulturminne finst i monn her. I tillegg ligg også den fantastiske støylen Fjølburøsta langs ruta.

Her kan du sjå ruta.

Malmveien Foto: Lise Evjen, Riksantikvaren

Reisadalen (Saraelv -Ráisjávri)

I fleie tusen år har menneske teke seg gjennom det fantastiske landskapet i øvre Reisadalen, både til fots og i elva. Ferdsel og bruk av landskapet har sett synlege og usynlege spor i landskapet.

Kva kan du oppleve her?

Den historiske vandreruta Reisadalen går fra Saraelv, langs Reisaelvas bredde, til elvas kilde ved Reisavannet/Ráisjávri i Nordreisa kommune. Her finn du gamle tjærebrenningsanlegg, gamle busetnadar, og spor etter aktivitet langs heile ruta. Her er Stadnamn, kulturminne og historiar knytt saman med kvarandre.

Her kan du sjå ruta.

Reisadalen Foto: Louise Brunborg-Næss, DNT

Stølsruta i Valdres

Valdres har i dag det største sammenhengande og aktive støylsområdet i Nord-Europa. Med snødekte fjell som vakkert bakteppe, går du gjennom eit fantastisk kulturlandskap som framleis er i drift.

Kva kan du oppleve her?

Denne historiske vandreruta går gjennom Stølsvidda, fra stølslagene i Nord Aurdal, via Vestre Slidre og til Vang. Dette er eit meir eller mindre samanhengande stølsområde på eit fjellplatå som ligg i lågalpin sone på mellom 800-1000 meter. Mykje av turen ligg i opent beitelandskap over tregrensa.

Her kan du sjå ruta.

Stølsruta i Valdres Foto: Marit Bendz, DNT

Telegrafruta

Saltfjellet og Svartisen er kjend for dei fleste. Dette er ein flott tur som går gjennom nasjonalparken Saltfjellet-Svartisen, som ligg innanfor den nordlege polarsirkelen.

Kva kan du oppleve her?

Telegrafruta er ein vakker og lett turrute som følgjer den nedlagte telegraflinja over Saltfjellet, gjennom Saltfjellet-Svartisen nasjonalpark. Stolpar og trekking av telegraflinje over fjellet i 1860-årene, vart ein vegvisar for ferdande folk. Telegrafruta blei raskt ein mykje brukt ferdselsveg, også etter at telegrafstolpane blei rivne. Langs ruta er det i dag fleire synlege kulturminne. 1000 stolpefundament med 50 -70 meter mellomrom, og telegrafstover som er gjort om til turisthytter.

Her kan du sjå ruta.

Telegrafruta Foto: Louise Brunborg-Næss, DNT

Turistvegen over Folgefonna

Folgefonna ligg mellom to fjordarmar i Hardanger og har vore eit turistmål i over 200 år. Her får du spektakulære naturopplevingar og kulturarv frå den norske turisthistoria i ein pakke.

Kva kan du oppleve her?

I dette området finn du eit heilt spesielt kulturminne, nemleg Turistvegen over Folgefonna. Vegen blei bygd for å ta europeiske turistar opp til og over Folgefonna for at dei skulle få oppleve «at kunde tage en «kanetur» under sommersolens varme straaler, og dog omgivet av full vinter», som ein turist skreiv i hytteboka på Breidablikk i 1893.

Her kan du sjå ruta.

Turistvegen over Folgefonna Foto: Andre Marton Pedersen, DNT