
Om prosjektet
Da messebygget frå 1963 skulle utvidast og utviklast vidare som hotell, var det naturleg for eigarane å gå så nær kjelda som mogleg i valet av arkitekt. Saman med gode tankar om ei berekraftig hotelldrift, vart resultatet nybygg og tilbygg som speler godt på lag med den originale 60-talsarkitekturen, og løysingar som fungerer for heilårsdrift på ein liten stad som Nesflaten i Suldal.
ADRESSE
Øvre Kilen 1, Nesflaten
VERNESTATUS
Regulert til bevaring
PROSJEKTET
Lie Øien arkitekter/Tai Grung, BG Suldal, KV Bygg Suldal, Ryfylke Rør, Helgevold Elektro
KONTAKT
Energihotellet AS
Gullpeisen og Dysthe-møblane er viktige element i den opphavlege bygningen. Foto: Karen Elkjær, Riksantikvaren.
Historikk
På byrjinga av 1900-talet skjer dei første sala av vassdrag i Øvre Suldal med tanke på vasskraft. I 1961 søker Norsk Hydro konsesjon for utbygging av Røldal-Suldal vassdraget. Arkitekten Geir Grung, som er kjend for å stå bak fleire kraftverksbygningar, vart hyra inn for å teikne mellom anna portalbygg med kontrollrom, turbinhallar, bustadfelt og messebygg (det som nå er Energihotellet) tilknytt kraftverka Suldal I og Suldal II i Nesflaten. Portalbygget for dette kraftverket blir rekna som eitt av dei viktigaste verka til Grung.
Messebygget stod ferdig i 1963, og fungerte som internt hotell for kraftverket og messe for funksjonærane. I dag blir det rekna som eit av dei best bevarte offentleg tilgjengelege bygningane teikna av Grung. Her finn ein mellom anna originale 60-talsmøblar designa av Sven Ivar Dysthe og ein elegant gullpeis intakt. Romma er minimalistisk innreidde og utforma med utsikta og naturen i fokus.
Eitt av romma i den nye delen. Grung ønskte å ramme inn utsikta, og at materialbruken skulle vera enkel. Desse prinsippa er vidareført i nybygget og tilbygget. Foto: Karen Elkjær, Riksantikvaren.
Utfordringar og løysing
I 2006 selde Norsk Hydro messebygget til investorar som har sett det i stand til eit ope hotell. Det fekk allereie da namnet Energihotellet. Dei nåverande eigarane var med som drivarar frå denne tidlege fasa, og gjekk etter kvart inn som eigarar. Dei såg behov for å utvide drifta for at det skulle vera lønnsamt. Å kunne huse minimum eit busslast med gjester var avgjerande.
Eigarane var opptekne av å respektere og spele vidare på den opphavlege arkitekturen da dei planla å utvide hotellet. Da dei oppdaga at Geir Grung har ei dotter som er arkitekt, fall valet naturleg. Dei kjende seg trygge på at Tai Grung hadde den rette forståinga.
Det opphavlege hotellet hadde berre 14 rom. Det vart difor prioritert å få på plass eit nybygg med 15 rom og møterom. Dette stod ferdig i 2016. Eit tilbygg med utviding av kjøkken og spisesal, i tillegg til suitar, vart ferdig i 2021. Med dette har hotellet nå i at 62 sengeplassar. I nybygg og tilbygg er det spelt vidare på det stramme 60-talsuttrykket, og forståinga for originalarkitekturen er synleg mellom anna med fokuset på å ramme inn utsikta, og å halde materialbruken enkel.
Utvidinga av hotellet vart prosjektert innanfor bestemmingane i eksisterande reguleringsplan, og innebar inga bruksendring. Eigarane hadde ein god dialog med myndigheiter som Mattilsynet og fylkeskommunen i forkant, noko som forenkla den vidare prosessen.
Tilbygg og nybygg måtte oppfylle gjeldande tekniske krav. Dette medførte mellom anna at ein fekk ein skilnad i takhøgde mellom gamal og ny del i kjøkkenet, og i restauranten. Dette var på grunn av ulike krav til innvendig høgde, og krav til isolasjonstjukkleik i tak.
Hotellet hadde ikkje universelt utforma rom før utvidinga. Med nybygget kunne dei løyse dette, og ein finn her tre rom med tilkomst frå bakkeplan og universell utforming.
Hotellet ligg ikkje sentralt, og er eigarane er avhengig av å tenkje alternativt for å skaffe inntekter heile året. For eksempel har dei to typar menyar i restauranten; ein gourmetmeny for gjestar, og ein rimelegare «kantine-meny» for tilsette ved kraftverket og andre som berre ønskjer ein kvardagsmiddag. Maten er i så stor grad som mogleg basert på lokale råvarer. Hotellet er medlem av De Historiske Hotel & Spisesteder.
Ved å bruke rett arkitekt for prosjektet, og med ein god plan for ei berekraftig drift, har Energihotellet vorte utvida på ein måte som respekterer den opphavlege arkitekturen, og med ei god forankring i omgjevnadene.
Læringspunkt
- Velje ein arkitekt med respekt og forståing for det opphavlege når ein skal ha eit tilbygg til ein verneverdig bygning.
- Tidleg dialog med myndigheiter gir ein smidigare prosess.
- Medvit rundt berekraftig kapasitet og driftsform for akkurat denne staden.
- Tenkje alternativt for å skaffe inntekter heile året.