
Om prosjektet
Det krev ei heilskapleg tilnærming når ein skal universelt utforme ein murgard frå 1600-talet med fleire fløyer, skeivskapar og nivåskilnader, sjølv innanfor ein og same etasje. Overordna grep som val av løysing ved inngang, plassering av heis og ei ny gang til å binde grunnplanet i hop, var avgjerande.
ADRESSE
Waisenhuset, Konges gate 1, Oslo
VERNESTATUS
Fredet
PROSJEKTET
Asplan Viak, Byantikvaren i Oslo, CM Prosjekt
KONTAKT
Asplan Viak
Historikk
Bygningen vart oppført i 1638 for byfut Mads Haraldssøn og har sidan vorte ombygd ei rekke gongar. Garden var i statleg eige ei stutt periode på 1700-talet, før kongen skjenkte garden til kommunen som lokale for eit oppfostringshus. Det mangla pengar til drifta, og garden gjekk over på private hender att. I 1778 kjøpte kongen garden på ny, og frå 1780 vart garden tilhaldsstad for Waisenhuset, barneheim for foreldrelause.
I 1917 overtok O. Mustad & Søn garden som kontorlokale. Han vart ombygd i 1920 etter teikningar av arkitekt Arnstein Arneberg. Mustad flytta ut av lokala i 1968, men familien er framleis eigar. Asplan Viak har vore leigetakar frå 2014, med om lag 100 tilsette knytt til kontoret her.
Bygningen har pussa fasadar med grov struktur og valma tak tekt med betongtaksten. Med unntak av ein lågare garasjebygning mot Nedre Slottsgate er bygningskomplekset i to etasjar. Bygningen har preg frå ulike stilepokar, men med eit klart nybarokt hovudpreg frå Arneberg si ombygging på 1920-talet.
Frå portrommet kjem ein inn i glasgangen, som tek deg vidare rundt i bygningen, til heisen eller ut i hagen. Glasgangen har slik vorte eit nytt, viktig knutepunkt i bygningen. Foto: Josefine Rockett Westre, Riksantikvaren.
Utfordringar og løysning
I samband med at rådgjevingsselskapet Asplan Viak melde interesse for å leiga lokala i 2012, ønskte eigaren å rehabilitera bygningen til moderne kontorlokale. Med ei slik rehabilitering slår krava om universell utforming inn. Dette var ei utfordring, ettersom bygningen ikkje berre har to plan, men òg at det er fleire nivåskilnader internt på kvart plan.
Asplan Viak hadde rolla som prosjekterande, og samarbeidde tett med både Byantikvaren og eigaren for å finna gode løysingar som respekterer bygningen.
Fasaden med hovudinngang mot Kongens gate har ein ganske streng struktur som er sårbar for endringar. Ein eventuell universelt utforma inngang her ville innebera ei større endring av trappa og ta opp stor plass på det smale fortauet. Det var difor naturleg å legge ein universelt utforma inngang via portrommet mot Nedre Slottsgate. Inngangen her er dessutan praktisk med tanke på plasseringa av heisen.
For å løysa intern kommunikasjon var det vesentleg å få ei god forbinding gjennom den vestre delen. Denne delen er skilt frå dei andre fløyene med eit portrom og det som tidlegare var garasjar. Løysinga vart å plassera ein glasgang i hagen. På denne måten fekk ein til ein god internkommunikasjon under tak, og nivåskilnader mellom fløyene vart teke opp i rampa i glasgangen. Ein unngjekk inngrep i sjølve portrommet, og garasjefløya trengte ikkje å bli ei gjennomgangssone. Difor kunne desse romma nyttast betre. Glas blir aldri usynleg, men for at glasgangen skulle gjera minst mogleg utor seg, vart det valt glas med minst mogleg refleksjon og grønfarge, og ei lyssetting av murveggen bak.
På grunn av krav om universell utforming, og for å kunna bruka heile bygningen, måtte det installerast heis. Det var berre ei mogleg plassering av heisen, og det var under mønet i det sørvestre hjørnet. Her var det nok høgde, og ein når både andre etasje og areala der det var eigna å ha kontorplassar i loftsetasjen. I dette området av bygningen påverka dessutan heisen viktige verneverdiar i minst mogleg grad. Det er òg ein stor fordel at heisen er rett ved portrommet, der ein har den universelt utforma inngangen.
Måten krav om universell utforming er løyst på i Kongens gate 1 er eit godt eksempel på at universell utforming ikkje berre gir tilgjenge for dei som har spesielle behov, men at det blir betre å bruka for alle.
Andre nivåskilnader internt i bygningen er til dømes løyst med trappeheis, eller med utjamning der ein har lange gangar og mindre skilnader. Ved ein del dører er det lagt til terskeleliminatorar i form av kilar av eik, som er ein del av den historisk forankra materialpaletten i bygningen. Foto: Josefine Rockett Westre, Riksantikvaren.
Læringspunkt
- Tiltak for universell utforming er sett i samanheng med å løysa generelle behov for betre kommunikasjon og brukbarheit i bygningen.
- Det blei vurdert kva for inngang som kravde minst inngrep for å kunna fungera som universelt utforma.
- Tilstrekkeleg takhøgde, tilgang til alle nivå med kontorareal, nærheit til universelt utforma inngang og minst mogleg inngrep i viktige verneverdiar var avgjerande faktorar for plassering av heisen.