Kystens kulturmiljø

Naust og sjøhus
- sjøen som ressurs

Naust, buer, brygger og fartøy var fiskeren og fiskerbondens arbeidsmiljø.

Et forvitret treskur med en redningsmann på veggen er ved siden av en båt på en betongplattform. En bygning med "FEDDIE OCEAN DISTILLERY" er synlig i bakgrunnen.
Kystkultur Foto: Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren

Kva tyder naust og sjøhus – sjøen som ressurs?

Naust, buer, brygger og fartøy var fiskaren og fiskarbondens arbeidsmiljø. Fiske har i stor grad prega kysten med bygningar, anlegg, små og store båtar og fartøy som saman dannar verdifulle kulturmiljø. Det finst også mange forhistoriske spor etter aktivitet knytt til busetnad langs kysten. Fiskevær var i utgangspunktet ein stad ein budde i ein kortare periode under sesongfiske, og finst langs kysten fra Møre til Finnmark. Mange av dei eldste fiskeværa er bevart som ruinar eller arkeologiske lokalitetar. Fleire av de yngre fiskeværa er fråflytta og brukast kun til fritid og turisme. Nokre er bevart med ei rikhaldig bygningsmasse som framleis er i bruk i samband med handel og fiske. Desse bygningane og konstruksjonane er, saman med små og opne båtar og fartøy, viktig for kystkulturen, og viktige å ta i vare på ein god måte.

Prioriteringar

Riksantikvaren har ei rekke prioriterte område knytt til naust og sjøhus. Her er det mange kulturminne og kulturmiljø som har eit stort potensial, og som kan få tilskot til verdiskaping. For naust og sjøhus gjeld dette spesielt støer, naust, båter, sjøbuer, brygger, saltebuer, og fiske.

Treng du inspirasjon? Då finn du eksempel på gode prosjekt i Riksantikvaren sin eksempelsamling. Fleire av desse er relevante for kystens kulturmiljø, blant anna Villa Lofoten, Nothjellen på Bjarkøy, Natvigs Minde og Foyngården.

Støer, naust og båter

Ordet naust betyr «der båten står», på norrønt. Naustet og sjøhuset var ofte del av eit større kulturmiljø. I tillegg til bygningar som naust og sjøhus finn vi også andre konstruksjonar som båtstøer og ulike brygger og pirar. Dei små og opne båtane var bruksbåtar for blant anna heimefiske og transport. I tillegg til båten, husa naustene utstyr til båten, fiskereiskapar, nøter og teiner. Nokre stader blei det anlagt ei (båt)stø eller ein vorr. Vorren er ofte eit mindre område ved sjøen rydda for steiner der det blei lagt tverrgåande tømmer for å trekke opp båten. Det finst også ei rekke sjøsamiske og kvenske naust. Nokre av desse, som dei karakteristiske gammenausta,  er bygd på ein heilt særskild måte. Båtreisande romanifolk/tatere har også hatt tradisjon for å overnatte og overvintre i sjøbuer og naust.

Søk tilskot til freda kulturminne i privat eige

Søk tilskot om verdiskapingsmidlar

Sjøbuer, brygger og saltebuer

Dei større sjøbuene, saltebuene, pakkhusa og bryggene hadde andre og fleire funksjonar enn nausta. I samband med det rike fisket langs kysten på 1800- og tidlig 1900-tal blei det bygd fleire bygningar for bearbeiding, konservering og lagring av fisk. I tillegg ble det bygd mange sjøhus som hadde fleire funksjoner knytt til næring. I mange var det mindre verkstader og landhandel, i tillegg til lagerplass for blant anna nøter og teiner. Mange av desse bygningane var store, med både tre-fire etasjer  med vindehus og enkle heiseordningare for å heise varer opp i dei øvre etasjene.

Søk tilskot til freda kulturminne i privat eige

Søk tilskot om verdiskapingsmidlar

Bevaringsstrategi for kystens kulturmiljø

Les hele bevaringsstrategien for kystens
­kulturmiljø på regjeringen.no

Kontakt Riksantikvaren:

Merk e-post med «Bevaringsstrategi Kystens kulturmiljø»
postmottak@ra.no

Publisert: 4. april 2025 | Endret: 18. desember 2025