Kystens kulturmiljø
Ferie og fritid langs kysten
Fritid før 1920-talet var for dei få og privilegerte. På midten av 1800-talet blei det i dei større byane i Noreg vanleg å bygge sommarhus i naturskjønne område utanfor byen.
Kva er ferie og fritid langs kysten?
Ferie har ikkje alltid vore for alle slik som det er no. I mellomkrigsåra blei retten til ferie gradvis lovfesta. I 1947 fekk alle rett til tre vekers ferie. Med fritid og ferie kom det nye aktivitetar, og kysten trakk til seg mange feriegjester. Frå slutten av 1800-talet blei det bygd pensjonat og hotell langs kysten. Fjordane på Vestlandet trakk til seg velståande turistar frå Europa allereie rundt midten av 1800-talet. Etterkvart kom det friluftsbad i fleire av dei store byane, som møtte både behov for god hygiene og fritid. Det vaks også fram kollektive røyrsler med bedrifts- og organisasjonshytter og ferieheimar, og feriekolonier for barn. Ein viktig del av fritidskulturen blei utviklinga av fritidsbåtar. Frå og med mellomkrigstida gjekk båten frå å berre være eit nyttefartøy til å også bli brukt til rekreasjon.
Prioriteringar
Riksantikvaren har ei rekke prioriterte område knytt til sjøvegen. Her er det mange kulturminne og kulturmiljø som har eit stort potensial, og som kan få tilskot til verdiskaping. For ferie og fritid gjeld dette spesielt fritidsbygnad, fellesskapets ferie og fritid, og fritidsbåtar.
Treng du inspirasjon? Då finn du eksempel på gode prosjekt i Riksantikvaren sin eksempelsamling. Fleire av desse er relevante for kystens kulturmiljø, blant anna Hyttemiljø på Lindøya og Rorbumiljø i Sørbøvågen.
Fritidsbygnad
Dei eldste sommarhusa vi har høyrde som regel til borgarskapet i dei større byane. Dei var ofte bygd i si tids rådande trendar og stilartar. Sveitserstilen, og etter kvart den meir nasjonale dragestilen, var populære. Etter århundreskiftet og tidlig på 1920-talet blei det bygd stadig fleire, mindre hytter. I åra etter dette kom det fleire og fleire enkle, og rimelege hytter. Dei fleste hyttene som blei bygd på 1930-talet var ikkje teikna av arkitekter, men var sjølvbyggarprosjekt og henta inspirasjon frå stilartar som funksjonalismen. Nettopp funksjonalismen påverka utforminga av hyttene langs kysten heilt fram til 1960-talet. At funksjonalismen blei så populær kan ha samanheng med at det fritidshytter var noko heilt nytt for dei fleste på denne tida. Mange av desse hyttene blei brukt til å eksperimentere med nye løysingar for bustader. Dette påverka også den norske bustadarkitekturen, og nokre av hyttene har fått internasjonal merksemd.
Fritidsbåtar
Frå tidleg på 1900-tal og særleg etter krigen blei det bygd mange store og små fritidsbåtar i Noreg. Etterkvart som produksjonsmåtar og materialar blei rimelegare, blei dei også tilgjengeleg for fleire. Holmar og skjær, fjordar og sund vart då meir tilgjengeleg. Tomter, som tidlegare hadde vore utan veg, blei no tilgjengelege som moglege hyttetomter. Båten gjekk frå å være eit framkomstmiddel til å bli eit mål i seg sjølve – å være på sjøen ein sommardag blei meiningsfullt. Fritidsbåtar omfattar mange ulike typar fartøy og båtar frå andre halvdel av 1800-talet. I mange av dei første regattaene nytta ein bruksbåtar, men etterkvart blei det konstruert regattabåter. Utover 1900-talet dukka det opp eit rimelegare alternativ, segljolla. Overgangen frå tre til plast rundt 1950-talet førde med seg ein overgang frå handverk til industri, og masseproduksjon av fritidsbåtar. I 1960 var det ca. 35.000 motordrevne fritidsbåtar i Noreg, og i 2020 var det totalt over 1 million.
Bevaringsstrategi for kystens kulturmiljø
Les hele bevaringsstrategien for kystens
kulturmiljø på regjeringen.no
Kontakt Riksantikvaren:
Merk e-post med «Bevaringsstrategi Kystens kulturmiljø»
postmottak@ra.no