Ved undersøkingar i 2019 blei det konstatert at berre kjølen på skipet er bevart og intakt, men sterkt nedbroten av sopp. Det er over 100 år sidan sist eit gravskip frå vikingtida blei undersøkt i Noreg.
Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn tok første spadestikk på Gjellestad i dag.
− Gjellestadskipet er eit funn av eineståande nasjonal og internasjonal tyding. Funnet er veldig sårbart ovanfor menneskelege inngrep og klimaendringar, og vi veit at det er under aktiv nedbryting. Derfor var det nødvendig at regjeringa sørgde for ei ekstraordinær løyving over revidert statsbudsjett for å få stansa nedbrytinga og sikra funnet og kunnskapspotensialet så hurtig som mogleg, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.
Arkeologane skal jobbe på Gjellestad i fem månader. Det er knytt store forskings- og formidlingsinteresser til funnet.
− Gjennom utgravinga som startar no kan vi lære mykje nytt, ikkje berre om sjølve skipet og korleis det er bygd, men om skipet som grav og menneska som levde her i vikingtida, seier assisterande riksantikvar Audun Skeidsvoll.
Fakta om utgravinga
- Første spadetak fredag 26. juni, offisiell start 29. juni.
- Utgravinga vil ta omlag fem månader.
- Gjellestadskipet er dårleg bevart, men kan gje oss mykje nye kunnskap om vikingtid, gravritualer og skipskonstruksjon.
- Utgravingsleiar er arkeolog Christian Rødsrud ved Kulturhistorisk museum.