Cissi Klein minnesmerke
Cissy Klein-minnesmerke er eit minnesmerke over alle våre jødiske barn og tenåringar som blei drepne i Holocaust, som skal for all framtid minne oss på alle dei unge menneska som ikkje fekk leve vidare og setje eigne spor i samfunnet.
Om kulturminnet
Den ventande jenta på benken er eit bilde på både Cissi sjølv, men og ei påminning om okkupasjonsmakta og storsamfunnets behandling av jødar og om krigens gru. Som kulturminne representerer statuen difor ein svært høg grad av både symbolverdi og identitetsverdi.
Cissi Klein-statuen står utanfor den bygarden som var bustad for ho og familien. Parken Museumplass er ein stad for markeringar og samvær gjennom året. Statuen er laga av Tone Ek og Tore Bjørn Skjølsvik. Statuen vart avduka 6. oktober 1997. Skulpturen er flankert med to benkar på kvar side, og dette gjer at me sit med Cissi i parken. Skulpturen er utførd i støypt bronse.
Bakgrunn for fredinga
Riksantikvaren har ei satsing på kulturminne etter våre nasjonale minoritetar, og har som mål å løfte fram og få auka kunnskap om våre nasjonale minoritetars kulturminne og vil frede eit utval av desse. Minnesmerket Cissi Klein-statuen er eit av fleire kulturminne i Trondheim som er valt ut for freding.
Med fredinga av minnesmerket, saman med andre kulturminne knytt til jødisk liv og virke, vert vår felles og mangfaldige kulturhistorie synleg i større grad enn ho har vore tidlegare. Fredinga er viktig i nasjonal samanheng, og er med på å retta opp manglande representasjon for dei freda kulturminna i Noreg. Eit viktig aspekt i er at den jødiske minoriteten sjølv har vektlagt Cissi Klein-statuen som eit viktig symbol som formidlar jødisk historie. Kulturminne har slik ei særleg tyding og verdi for ein nasjonal minoritet.
Føremål med fredinga
Cissi Klein-statuen skal bevarast som eit kulturhistorisk viktig minnesmerke. Fredinga skal ivareta utforminga, utsjånad og materialbruk for skulpturen for framtida. For å sikre området rundt minnesmerket og ta vare på samanhengen mellom skulptur og nærmiljø, vert også delar av parken og gateløpet for Cissi Kleins gate freda.
Omfanget av fredinga
Sjølve stauten vert freda, men også det nordaustre hjørnet av parken der minnesmerket står. Det omfattar den steinsatte plassen, benkar, bed og tre som omsluttar plassen. På nordsida av parken strekk området seg til fortauskanten mot vegen. Mot aust er omfanget Cissi Kleins gate med fortau på begge sider av vegen, avgrensa av bygningane i området.
Kart over fredning
-
Fredningsår
25.11.2022
-
Region
Trøndelag
-
Eierskap
Offentlig
-
Datering
1997
-
Enkeltminne
Utomhuselement: Monument-minnesmerke