Nyheter

Fredningsmarkering i Narvikfjellene

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn og riksantikvar Hanna Geiran deltok i dag på markeringa av fredinga av krigshistoriske landskap i Narvikfjellene.

Publisert: 10. september 2020 | Endret: 29. januar 2024

Narvikfjellene Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn og riksantikvar Hanna Geiran deltok i dag på fredingsmarkeringa for krigshistorisk landskap i Narvikfjellene. Foto: Lise Evjen, Riksantikvaren

Den 8. juni i år vart eit krigshistorisk landskap i Narvikfjellene freda. Det skjedde på dagen 80 år etter at Narvik falt i hendene på tyskarane etter ein lang dragkamp med norske og allierte styrker. I dag markerast fredinga med ein tur inn i landskapet, der ein følgjer spora etter soldatane som kjempa her i 1940.

– Fredinga markerer ei viktig hending i Noreg si historie og løfter særleg fram den nordnorske krigshistoria, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Statsråden går turen saman med riksantikvar Hanna Geiran, og dei vert blant anna ledsaga av soldatar frå Hæren i tidsriktige uniformar, og målet for turen er høgde 620, ein av fleire stader der kampane gjekk føre seg.

– Dette vert ein spesiell dag, når vi no går i spora etter soldatane som var her i 1940, sier riksantikvar Hanna Geiran.

Narvikfjellene Det er mange krigsminner i området. De har nå fått et vern. Foto: Jostein Gundersen, Riksantikvaren

Høgfjellskrig

Få stader i verda har opplevd høgfjellskrig av så omfattande dimensjonar, og området er i ei særstilling ved at det er tydelege, bevarte spor etter krigshandlingene i landskapet.

– Vi kan aldri fullt ut forstå korleis det var å være her i 1940. Men, gjenstandane, objektene og spora etter kamphandlingene som ligg i fredningsområdet er utruleg viktig. Slik får kommende generasjoner oppleve historia der det skjedde, seier Geiran.

Undervegs får turfølget også ei innføring i krigshistoria knytt til landskapet ved representantar frå Narviksenteret. Og ved høgde 620 markerast fredninga med overrekking av fredingsdiplom og talar frå blant anna Hæren, Statskog, Nordland fylkeskommune, Sametinget og Narvik kommune.

– Det er ei sterk oppleving å få oppleve dette store området som er freda i Narvikfjellene. Ved å oppleve landskapet på kroppen og sjå gjenstandane som framleis ligg igjen etter krigshandlingane, kjem vi tett på historia, menneska som opplevde den og deira skjebner, seier Rotevatn (V).

Narvikfjellene Rester etter kamphandlingane kan sjåast i landskapet. Foto: Pernille Østnes, Narviksenteret

Kampane i Narvik

Dei tyske styrkene i Narvikfjellene var på randen av samanbrot då tyskerane sitt gjennombrot i Frankrike førte til at dei allierte hurtig måtte omdisponere personell og materiell til kontinentet. Utan den allierte støtta måtte dei norske styrkene legge ned våpna.

Det er kjerneområda for dei aller siste kampane mellom tyske og norske soldater i Noreg under invasjonen i 1940 som no er freda.

Kampane om Narvik varte i 62 dagar. I ein massiv mobilisering hadde heile 11 000 allierte soldatar kjempa saman med dei norske styrkene. Begge sider lei store tap, og 8500 soldater mista livet på sjøen, på land og i lufta.

Les meir:
– Krigshistorisk landskap i Narvikfjellene fredet

Pressevakt Riksantikvaren

Ikke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153