Nyheter

Kraftturisme får 600 000

Riksantikvaren støttar prosjektet Kraftturisme med kr 600 000, slik at den rike krafthistoria i Vestland og Rogaland fylkeskommunar blir ei ressurs for eit berekraftig reiseliv.  

 

Publisert: 12. mars 2024

Kraftturisme: Tyssedal er en av rutene som er laget for å få økt reiseliv knyttet til kraftens kulturminner.
Tyssedal kraftverk. Kraftturisme: Tyssedal er ei av rutene som er laga for å auke reiselivet knytta til kraftens kulturminner. Foto: Øystein Hagland, Riksantikvaren.

Målet med prosjektet er å leggja til rette for kopling mellom eldre kraftinstallasjonar og reiselivsbedrifter.  

 – Prosjektet synar god bevaring gjennom bruk, seier assisterande riksantikvar Audun Skeidsvoll. –  Det gjer det enklare å nå kulturminne som i dag er vanskeleg tilgjengeleg for publikum, slik at industriarven kan bli ein del av nye opplevingsprodukt i reiselivet. Ein grunnleggjande føresetnad for arbeidet er at dei nyttar lokale aktørar for å skapa eigarskap og gi identitet til opplevingane.  

 Tidlegare har Riksantikvaren gitt tilskot til forprosjekt med kr. 100 000 i 2020, tilskot til første prosjektår i 2021 med kr. 800 000 og tilskot til andre prosjektår med kr. 600 000 i 2023. 

 Prosjektet har utvikla produktpakker, marketsføring og formidling av vasskrafthistoria, blant anna fire geografiske turforslag som koplar på reiselivsaktørane som deltar i prosjektet. Dei fire turforslaga er Hardanger (Tyssedal, Odda, Ullensvang og Eidfjord), Sognefjorden (Høyanger og Årdal), Ryfylke (Flørli, Sauda og Suldal) og Jøssingfjorden. 

 Tilskotet prosjektet får i 2024 vil gå til å vidareutvikla opplevingsprodukta.  

– Vi ber om at fylkeskommunane også prioriterer dokumentasjon, kunnskapsutvikling og læring i prosjektavslutninga, seier Skeidsvoll. – Dette er eit prosjekt som mange kan lære av for å styrke kulturmiljø som eit reiselivsmål.   

Dette er Riksantikvarens satsing på verdiskaping:   

Verdiskaping i kulturmiljøer er en tilskuddsordning  over statsbudsjettet. Riksantikvaren har som mål at verdiskapingsprosjektene skal være gode eksempler på kulturmiljøenes rolle i samfunnsutviklingen.   

Verdiskaping er et viktig verktøy i arbeidet med de nye bevaringsstrategiene.  Strategien for kystens kulturmiljø er på høring.

Riksantikvaren skal legge til rette for gode prosjekter for kulturmiljøbasert næring, distriktsutvikling og omstilling i lokalsamfunn. Samarbeid med Sametinget, fylkeskommunene og nasjonale partnere står sentralt i satsingen, og skal styrke kunnskapsutvikling, læring og formidling.