Nyheter

Lillehammer pilot i arbeid med nasjonal rettleiar

Lillehammer kommune og Innlandet fylkeskommune er pilot i Riksantikvaren sitt arbeid med risiko- og sårbarheitsanalyser for kulturarv. – Det er spesielt å gjere dette arbeidet no, med varsel om flaum og ras, men det syner også kvifor dette arbeidet er viktig, seier seniorrådgjevar Anette Morvik Robberstad.

Publisert: 13. september 2024

Lillehammer Arbeid med rettleiar for risiko- og sårbarheitsanalyse av kulturmiljø. Foto: Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren

Riksantikvaren ønskjer auka fokus på beredskap og gjennomføring av risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS) for kulturmiljø. Noreg har ingen kulturminne eller kulturmiljø å miste, og når eit kulturminne blir borte, er det borte for alltid.

– Riksantikvaren jobbar for å auke merksemda om kulturminne og kulturmiljø i beredskapsarbeid, og å styrke samarbeidet på tvers av sektorar og nivå, seier Anette Morvik Robberstad, seniorrådgjevar hjå Riksantikvaren – Slik kan vi saman bidra til å minske øydelegging og hindre tap av kulturarv ved ekstreme hendingar slik som med det pågåande ekstremvêret.

Lillehammer Arbeid med rettleiar for risiko- og sårbarheitsanalyse av kulturmiljø. T. v. seniorrådgjevar Anette Morvik Robberstad, t. h. gardeigar Per Arne Mæhlum.
Foto: Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren
Lillehammer Arbeid med rettleiar for risiko- og sårbarheitsanalyse av kulturmiljø. Gardeigar Per Arne Mæhlum.
Foto: Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren
Lillehammer Arbeid med rettleiar for risiko- og sårbarheitsanalyse av kulturmiljø.
Foto: Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren

Kulturminne og kulturmiljø er ikkje godt nok integrert i beredskapen i norske kommunar, og her i Lillehammer er det store verdiar i det tette trehusmiljøet i sentrum. Slike område kan blant anna vere utsett for  brann med risiko for spreiing, og difor er det særs viktig at kommunane har gode brannsikringsplanar.

– Sjølv om det jobbast godt med beredskap fleire stader, så må vi likevel få betre beredskap for kulturminne og kulturmiljø, seier Morvik Robberstad. – Sentrumsbygnaden i Lillehammer har nasjonal verdi som eit viktig kulturmiljø, og her vil ei risiko- og sårbarheitsanalyse gje eit godt grunnlag for beredskapsarbeidet.

Rettleiaren knyter seg nært til DSB (Direktoratet for sikkerheit og beredskap) sine rettleiarar. Slik sikrar ein best mogleg samordning av det lokale beredskapsarbeid. Pilotarbeidet i Lillehammer vil vere eit viktig ledd i utprøvinga av Riksantikvarens nye rettleiar, og vidare utvikling av denne.

– Det er spesielt å teste denne rettleiaren no, med eit kommande ekstremvêr i Innlandet, seier Morvik Robberstad. – Liv og helse kjem alltid først. Samtidig veit vi at når kulturminne blir råka av ei ekstrem hending så rører det mange. Det syner viktigheita av å vere godt rusta og førebudd, først og fremst for folka som bur her og men også for kulturarven, seier Morvik Robberstad.

Med eit klima i endring må vi gjere vårt beste for å verne kulturminne og kulturmiljø. Det kan vere mot ulike typar forfall, brann, flaum, ras og konsekvensane av eit villare og våtare vêr, men også tilsikta handlingar som eksempelvis vandalisme og hærverk.

Samarbeid med Innlandet og Møre og Romsdal

Innlandet fylkeskommune og kommunane i Innlandet er gode samarbeidspartnarar i dette arbeidet. I 2025  skal ein utarbeide ein beredskapsplan for kulturfeltet i fylket.

– Det er bra med auka fokus på dette, og arbeidet er spesielt relevant no når vi ser meldingane om flaum og rasfare medan vi jobbar, seier Irene Skauen Sandodden i avdeling for Bygg og landskap hjå Innlandet fylkeskommune. – Vi ser at det er nødvendig å arbeide preventivt med sikring av kulturarv saman med dei ulike aktørane på feltet. Difor er vi takksame for at vi får være med på prosjektet og gler oss til å kome med innspel.

ROS-analysane av kulturmiljøa i Lillehammer kommune vil vere eit godt kunnskapsgrunnlag for kommunen og fylkeskommunen inn i deira arbeid med ROS og beredskap.

– Vi håpar vi kjem så langt som mogleg med arbeidet med risiko- og sårbarheitsanalyser medan Riksantikvaren er her, seier Skauen Sandodden. – Vi ønskjer å sitte igjen med eit godt utgangspunkt for å beredskapsplanlegging i dei konkrete kulturmiljøa i fylket, slik som her i Lillehammer sentrum.

Arbeidet som gjerast på Lillehammer no, held fram i Lom og Skjåk seinare i haust. Det byggjer også vidare på samarbeid med Sunndal kommune, som testa rettleiaren tidlegare i sommar på dei rasutsette fjellgardane Svisdal og Svøu.

Pressevakt Riksantikvaren

Ikke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153