Nyheter

Motsegn mot reguleringsplan i Lillesand

Reguleringsplan for Lillesand sparebank inneber nye bygningar i kjernen av Lillesands kulturhistoriske sentrum, med verneverdig trehusbygg frå 1800- talet og fleire freda bygg. Riksantikvaren har fremja motsegn mot planen.

Publisert: 28. februar 2023 | Endret: 29. januar 2024

Riksantikvaren fremjer motsegn mot reguleringsplan i Lillesand Foto: Marius Egeland Arkitekter AS

Riksantikvaren fremjar motsegn til planforslaget av omsyn til nasjonale kulturminneverdiar på følgjande punkt: Utforming av tilbygg til Lillesand sparebank, som er vedtaksfreda og direkte påverka av dei planlagde tiltaka. Utforminga påverkar også kulturmiljøverdiane i Lillesands NB!-område.

Les brevet frå Riksantikvaren til Lillesand kommune her.

Riksantikvaren støttar Agder fylkeskommunen si vurdering av at planforslaget bryt med faglege råd for NB!-området Lillesand sentrum, og at dei nye bygga og plandokumenta ikkje i tilstrekkeleg grad er tilpassa kulturmiljøverdiane i planområdet. Her finst både bygg som er av nasjonal interesse og bygg som er omfatta av freding. Planen legg heller ikkje opp til utvikling i tråd med Riksantikvarens bystrategi når det gjeld nye bygg, som blant anna seier at «I helhetlge og homogene kulturmiljøer av nasjonal og regional interesse bør kulturmiljøene behandles som én helhet hvor nye tiltak innordner seg eksisterende bebyggelse og viderefører kulturmiljøets historiske egenart og særpreg.»

I samband med den nylege revisjonen av NB!-området i Lillesand, har Riksantikvaren laga Faglege råd for forvalting for området der planforslaget legg opp til nytt tilbygg. Dei faglege råda er meint å vere eit retningsgjevande verktøy for forvaltinga av eksisterande og nye bygg i plan- og byggesaker som ligg innanfor eit område av nasjonal interesse. Oversendte dokumenter frå fylkeskommunen syner til Riksantikvarens bystrategi og Riksantikvarens faglege råd for området. De reviderte skissene, som er utarbeida i dialog mellom fylkeskommunen og forslagsstillar, syner at ein har kome eit stykke på veg med å implementere råda i planlegginga. Riksantikvaren synast difor det er uheldig at Lillesand kommune har valt å leggje planen fram til offentleg ettersyn, med tanke på at det har vore ei pågåande utarbeiding av andre løysingar for tilbygget, der skissene syner eit betre tilpassa forslag.

Pressevakt Riksantikvaren

Ikke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153