– For 2025 trappar vi opp kyrkjebevaringsfondet med ei ny tilskotsordning for å sikre og bygge opp viktig handverkskompetanse. Vi treng fleire handtverkarar for å ta oppdraga som kjem, slik at dei kulturhistoriske verdifulle kyrkjebygga i by og bygd blir tatt vare på. Den nye handtverkssatsinga er i tråd med regjeringas bevaringsstrategi for kyrkjebygg, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe.
Det er i alt fire tilskotsordningar som kyrkjene kan søke på for 2025. Det er to typar forprosjekt, hovudprosjekt og den nye kompetanseordninga.
- Overordna forprosjekt: ei oversikt over skadar, behov og manglar som gjeld kyrkjas eksteriør, interiør og inventar.
- Særskilde forprosjekt: eit forarbeid for konkrete istandsettings-, sikrings- og konserveringstiltak.
- Hovudprosjekt: eit byggjeprosjekt for å setje i stand, sikre eller konservere.
- Kompetansetiltak: tiltak som skal byggje kompetanse og kunnskap for handtverkare og rådgjeverarar som til dømes kurs, formell utdanning eller opplæring på byggjeplassen.
Håpar på mange søknadar
Kyrkjebevaringsfondet starta opp i 2024, og fordelte nærare 100 millionar til 44 kyrkjer som ei start på tilskotsordninga. Ramma for 2025 vil bli lagt fram med statsbudsjettet for 2025 seinare i oktober.
I den første runda med utlysing i 2024 var det 103 søknadar i alt. Frå Oslo og Nordland kom det ikkje inn nokon søknadar.
No blir fleire kyrkjer oppmoda til å levere inn.
– Sekretariatet i Trondheim er klare til å ta i mot enda fleire søknadar enn i førre runde, seier Oddbjørn Eide, leiar av kyrkjebevaringsfondet.
– Eg håpe at mange vil søkje, og at fleire kyrkjer har fått tid til å planleggje prosjekta sine. Vi veit at det er mange kyrkjer som framleis er i startgropa av prosjekta sine. Venteleg kjem vi til å tildele tilskot i løpet av januar 2025.
Søk i Digisak
Tilskotsutlysingane ligg på Riksantikvaren sine nettsidar, og kyrkjene skal sende søknad i kulturmiljøforvaltninga sin søknadsportal Digisak. Søknadsfrist er 4. november.
Kyrkjebevaringsfondet er eigd av Barne- og familiedepartementet, som har utnemnd eit programstyre med medlemmar frå Den norske kirke, Hovedorganisasjonen KA og Riksantikvaren.
Riksantikvaren leiar programsekretariatet for fondet.
Kontakt:
Leder av kirkebevaringsfondet, Oddbjørn Eide: 922 60 133
Pressetelefon: 404 65 153
Send e-post: kom@ra.no