Nyheter

Ny oversikt over kulturarv i byar, tettstader og landskap

Den nye, felles oversikta heiter no «Kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse» og byggjer vidare på eksisterande data frå desse.

Publisert: 12. oktober 2023 | Endret: 29. januar 2024

Kongsvinger Festning har vore i NB!-registeret og er no å finne i den nye oversikta. Foto: Arve Kjersheim, Riksantikvaren

Tidlegare NB!-registeret (Kulturmiljø av nasjonal interesse i byar og tettstader) og KULA-registeret (Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse) er no slått saman til ei felles oversikt. Oversikta skal i tillegg inkludere kulturmiljø, som på bakgrunn av geografisk plassering, art eller storleik ikkje er ein del av dei etablerte registra.

– Både NB!-registeret og KULA-registeret er viktige kunnskapsgrunnlag for forvaltinga, seier Elisabeth Dahle, avdelingsdirektør i Samfunnsavdelinga hjå Riksantikvaren. Når vi no samlar data frå desse i ei felles oversikt er føremålet å gjere arbeidet med kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse enklare og meir oversiktleg, seier Dahle.

Oversikta er eit kunnskapsgrunnlag som kommune, fylke, Sametinget og andre private og offentlege aktørar, kan nytte i samband med planlegging og utvikling.

Den skal medverke til ei berekraftig forvalting av kulturmiljø i byar og tettstader, og i landskap av nasjonal interesse.

Data frå oversikta er tilgjengeleg for forvaltinga i “Askeladden”, som er den nasjonale databasen for kulturminne, kulturmiljø og landskap, og i “Kulturminnesøk” som er tilgjengeleg for alle i Noreg.

Nasjonal interesse

Dersom eit landskap eller eit kulturmiljø har nasjonal interesse, tyder det at det knyter seg historiske verdiar til det aktuelle området. Desse historiske verdiane er viktig for å forstå fortida vår, og den norske kulturarven.

Det tyder ikkje at det valde arealet vert del av ein verneplan, og det vert heller ikkje formelt freda. Ein status som nasjonalt interessant område skal ikkje stoppe utviklinga, men medverke til god og berekraftig forvaltning som samstundes tek i vare kulturmiljøverdiane.

Kvifor ha ei oversikt over kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse?

Vi treng kunnskap om kva for kulturhistoriske verdiar som finnast i desse områda, og kva som skal til for å ta vare på dei. Denne kunnskapen nyttast til dømes når nye hovudvegar skal byggjast, vindmøller reisast eller bymiljø fortettast. Då er det viktig å ha kartlagt kulturmiljø og landskap.

Riksantikvaren har fram til no hatt to register som har vist område av nasjonal interesse. For å gjere det lettare å få oversikt over kva område som har denne statusen, har vi vald å samle dei i ei felles oversikt.

Her skal det vere lettare å få kunnskap om områder som har nasjonale interesser og deira hovudhistorie, og kva som er tåleevna til desse områda, og kva deier sårbare for. Vi ynskjer at dette skal vere eit godt verktøy for forvaltinga, og vonar difor at samanslåinga gjer det meir brukarvenleg og tilgjengeleg.

Dersom det vert føreslått endra arealbruk eller tiltak innanfor eit kulturmiljø eller landskap som er i konflikt med dei nasjonal interessene i eit kulturmiljø eller landskap, kan det danne grunnlag for motsegn. Oversikta nyttast som eit prioriteringsverktøy i kulturmiljøforvaltninga ved at det tidleg kan signaliserast kor det må takast særskild omsyn i planlegging og utvikling.

Kulturmiljø og landskap i endring

Omgjevnadane våre har alltid vore i endring, men no skjer endringane raskare enn nokon gong. Dette kan medverke til at viktige kulturmiljø- og landskapsverdiar går tapt. Kulturmiljø og landskap gir mange moglegheiter for oppleving. Menneskeskapte spor, og lokalt særpreg, dannar grunnlag for verdiskaping og utvikling. Spor etter fortida kan gjere eit område meir attraktivt og danne grunnlag for turisme, nærings- og bustads utvikling. Verdiane og heilskapen i desse områda skal både nyttast som ein ressurs, og takast vare på.

Pressevakt Riksantikvaren

Ikke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153

Kulturmiljø og landskap

Kulturmiljø er område der kulturminne inngår som del av ein større heilskap eller samanheng.
Landskap er eit samleomgrep for naturgjevne og menneskeskapte omgjevnader, og omfattar både natur og kultur.