Prosjekter og satsinger
Bevaringsprogramma
Gjennom våre ti bevaringsprogram har mange freda og verneverdige kulturminne blitt sette i stand. Stortingsmeldinga «Nye mål i kulturmiljøpolitikken (2019-2020)» varsla ein overgang frå bevaringsprogram til bevaringsstrategiar, eit arbeide som no er igangsatt.
Overgang til bevaringsstrategiar
Klima- og miljødepartementet (KLD) gav Riksantikvaren i oppdrag å evaluere bevaringsprogramma med tanke på denne overgangen, og som grunnlag for å vurdere eventuell vidareføring av programma som tilskotsordningar. Denne er gjennomført med tilrådingar om korleis arbeidet skal vidareførast.
Bevaringstrategiar (2021-2024)
Prosjektet bevaringstrategiar (2021-2024) er ei ny satsing innafor bevaringsarbeid på kulturmiljøfeltet. Riksantikvaren har fått ansvaret for satsinga.
Arbeide med bevaringsstrategieane er godt i gang, med involvering av og innspel frå resten av forvaltninga og berørte partar.
Relevante lenker
Stortingsproposisjon Klima og Miljø for budsjettåret 2025 Prop. 1 S (2024–2025)
Bakgrunn for bevaringsprogramma finn du i Stortingsmelding nr. 26 (2006-2007)
Her kan du lese meir om dei nasjonale måla for kulturminneforvaltinga.
Bevaringsprogramma
Bevaringsprogramma var knytt til dei tidlegare nasjonale måla (2020-måla), som no er avløyst av nye nasjonale mål. På oppdrag frå Klima- og miljødepartementet (KLD) har Riksantikvaren evaluert bevaringsprogramma. Frå 2025 vert alle bevaringsprogram avslutta, med unntak av Bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne (TIK). TIK-programmet vert oppretthalde inntil det er utarbeidd ein bevaringsstrategi for Næringar og industriar sitt kulturmiljø.
Alle tilskotsordningane på kulturmiljøområdet vert oppretthalde inntil vidare, slik dei er forskriftsfesta. Tilskotsordningane skal på sikt justerast og skal sjåast i samanheng med utviklinga av bevaringsstrategiane.
Kva gjekk bevaringsprogramma ut på?
Kvart år vart om lag 300 millionar kroner delt ut gjennom dei ti bevaringsprogramma for å ta vare på kulturminne i Noreg.
Arbeidet med bevaringsprogramma gjekk først og fremst ut på å sikre og setje i stand kulturminne, men kunne óg omfatte andre tiltak som for eksempel å kartleggje tilstanden til kulturminne eller å gjere kulturminne meir tilgjengjelege for publikum.
Kva var bakgrunnen for programma?
Bevaringsprogramma vart definert i Stortingsmelding nr. 26 – Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand. Meldinga utgjorde bakgrunnen for dei programma som Riksantikvaren arbeidde med.
Nedanfor finn du bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne, som vert oppretthalde inntil det er utarbeidd ein bevaringsstrategi for Næringar og industriar sitt kulturmiljø.