strategier

Nasjonale bevaring­­s­­­strategiar

Dei nasjonale bevaringsstrategiane er eit av dei viktigste verkemidlane for å ta vare på kulturarven vår i åra som kjem.

Riksantikvaren har laga fire bevaringsstrategiar på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet, i samarbeid med mange andre aktørar. Dei to første bevaringsstrategiane for kystens kulturmiljøer og landbrukets kulturmiljøer tredde i kraft februar 2025. Bevaringsstrategiane for kulturmiljø i næring og industri, og kulturmiljø i bygder og byar blei vedteken februar 2026.

Bevaringsstrategien for kulturhistorisk verdifulle kirkebygg tredde i kraft i februar 2024. Denne strategien ligg under Barne- og familiedepartementet.

Bevaringsstrategiane skal bidra til å fornye og samordne offentlege verkemidlar, slik at fleire av våre viktige kulturminne og -miljø vert tekne vare på og kan opplevast i åra som kjem.

Strategiane skal òg leggje til rette for at kulturminne, kulturmiljø og landskap blir tekne vare på og brukte som ein ressurs i samfunnsutviklinga. Dette er i tråd med stortingsmeldinga for kulturmiljø: Meld. St. 16. Nye mål i kulturmiljøpolitikken – engasjement, bærekraft og mangfold (2019-2020).

Rapportering og måling

Riksantikvaren leverer i 2026 ei nullpunktsmåling i eit nytt mål- og rapporteringssystem som viser verknadene av bevaringsstrategiane innan kvart innsatsområde. Deretter gjennomfører vi årlege målingar.

Vi arbeider kontinuerleg med iverksetjing, tydelege roller og ansvar, og med å utvikle gode løysingar for bruk av verkemiddel – både internt og i samarbeid med eksterne aktørar.

Samordning er avgjerande. Kulturmiljøforvaltninga skal i større grad enn før samarbeide med aktørar som har like eller overlappande mål, til dømes reiselivet som ønskjer å løfte fram kulturminne og -miljø, eller engasjerte innbyggjarar som vil ta vare på lokalmiljøet sitt.

Vi vil òg tydelegare synleggjere samfunnsverdien av kulturmiljøa. Dette omfattar korleis kulturmiljø og kulturminne bidreg til gode stader, identitet og tilhøyrsle. Det handlar òg om at bevaring og gjenbruk av eksisterande bygg reduserer behovet for nybygging – og dermed bidreg til lågare utslepp av klimagassar.

Samarbeid er nøkkelen

Ei viktig føring for bevaringsstrategiane er at Riksantikvaren skal leggje vekt på samarbeid med mange ulike aktørar, og at det finst mange måtar å ta vare på kulturmiljø og kulturminne på. Arbeidet får betydning både for kulturmiljøforvaltninga og for andre som er engasjerte i kulturmiljø. Difor vil Riksantikvaren involvere eit breitt spekter av aktørar i arbeidet med bevaringsstrategiane.

Publisert: 14. oktober 2021 | Endret: 17. mars 2026