Nyheter

Reiser motsegn til områderegulering for Hegni, Bykle kommune

Riksantikvaren reiser motsegn til områderegulering for Hegni. Reguleringsplanen er i konflikt med fleire automatisk freda kulturminne frå vikingtid og mellomalder. 

Publisert: 28. april 2025

Bladløse trær står nær en grunn dam med en trebygning i bakgrunnen under en klarblå himmel.
Jernvinnemuseet på Hovden. Hovdenområdet var rikt på jernmalm og leverte jern til hele Sør-Norge i vikingtiden og i middelalderen. På Hegni finner vi i dag mange spor etter dette. Foto: Joakim Aalstad Wintervoll, Agder fylkeskommune

I planforslaget som no er på høyring, har Bykle kommune føreslått ein klatrepark. Motsegnet gjeld den planlagde klatreparken, som er i konflikt med eit særleg verdifullt og velbevart jernvinneanlegg frå vikingtid og mellomalderen.

– Jernvinneanlegget utgjer ein attraktiv og naturleg del av formidlinga ved museet. Det syner jernframstillinga på Hovden i jernalder og mellomalder, med sin nære plassering til museet, seier avdelingsdirektør Linda Veiby hjå Riksantikvaren.

Innanfor planområdet er det to kjende jernframstillingsanlegg og 14 kolgroper. Alle kulturminna her er knytt til produksjon av jern frå myrmalm, og gir innsikt i tidleg metallurgisk teknologi og samfunnsstruktur.
Jernvinneanlegget ligg nært museet og rett ved turvegen, er tydeleg i terrenget, og har med det også ein svært høg pedagogisk verdi.

– Vi har forståing for ønsket om å etablera ein klatrepark på Hovden, men tilrår at det vert gjort ei utgreiing for å vurdera andre moglege lokaliseringar som ikkje kjem i konflikt med dei automatisk freda kulturminna på Hegni, konkluderer Veiby.

Hovden – eit område rikt på kulturminne

Det har vore mange registreringar og utgravingar i Bykle kommune, særleg på Hovden, frå 1970-talet til i dag. Dei fleste undersøkingane er knytt til arealplansaker og forskingsprosjekt, spesielt på grunn av utbygging av hytter og turistanlegg dei siste 30-40 åra.

Utviding av Hovden skisenter har gitt ny kunnskap om førhistoria i Bykle kommune, med funn som viser at kulturminna hovudsakeleg skriv seg frå jernframstilling i yngre jernalder og mellomalder.

Hovden-området var sentralt for jernproduksjon i Noreg i vikingtid og mellomalder. Jernet vart truleg transportert til Rogaland, Hordaland eller Skiensområdet for vidare bruk.

Slik utvann dei malmen

Jernframstillinga kravde både myrer med jernmalm og skog for produksjon av trekol, noko som var rikeleg på Hovden. Spora etter jernvinna inkluderer blestertufter, slagghaugar, omnar, lagerplassar for malm og kull, og kolgroper.

Utvinning av jern frå myrmalm, kjent som blestringsmetoden, går attende til førromersk jernalder (500-0 fvt.). Eldste sikre spor er frå 3-200 fvt. Røsting av malm fjerna ureinheiter og gjorde jernframstillinga meir effektiv. Sjaktomnar med slaggrop var i bruk fram til vikingtid, då omnar med slaggavtapping vart introdusert.

På Hovden finn ein hovudsakleg den sistnemnde typen, men utgravingar i 2012 fann også den eldste omnstypen, gropsjaktomn. Betre registrerings- og utgravingsmetodar gjer at denne typen no er kome for dagen på Hovden, og truleg er det mange slike anlegg som ikkje er funnen ved eldre undersøkingar nær Hovden sentrum.

Utendørs treningsutstyr satt opp i et gresskledd, skogkledd område med sparsomme trær under en klarblå himmel.
Utandørs treningsanlegg slik det ser ut i dag, rett sør for jernvinneanlegget. Foto: Joakim Aalstad Wintervoll, Agder fylkeskommune

Pressevakt Riksantikvaren

Ikke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153
Bilde av fasaden til Riksantikvarens nye lokaler i Schweigaards gate 28.

Kom inn bak fasaden!

Lørdag 26. april deltar vi på Oslo Open House. Finn ut hvordan det ser ut bak fasaden til Oslos laveste signalbygg!