Tranbykrysset er ein vesentleg del av eit freda veganlegg, og eit kulturminne av nasjonal verdi. Vegen ble tatt inn i Statens vegvesens eigen verneplan på 1990-talet, og fredinga tredde i kraft i 2008.
– Vi meiner forslaget med etablering av rundkøyringar på kvar side av motorvegen er eit stort inngrep i det freda kulturmiljøet, seier avdelingsdirektør Linda Veiby.
– Det er ikkje i samsvarmed å ta vare på dei nasjonale kulturmiljøverdiane. Forslaget inneber ei vesentleg endring av det freda kulturmiljøet.
Ved Tranbykrysset er det planskilte kryss med av- og påkøyringsrampar og god linjeføring med løfta vegbane og slake svingar. Dei opne grøntareala ein viktig del av fredinga, då dei høyrer saman med konseptet for veg-løysninga, der hensikta med å etablere dei opne grøntareala var å sørge for god sikt i trafikken. Det same gjeld for midtrabattane mellom motgåande køyrefelt under brua.
Statens vegvesen har og motsegn
Det komplette veganlegget er eit godt døme på tidleg motorvegutbygging i Noreg. Det har tidstypiske løysningar og teknisk standard med midtdelar, to felt i same retning og breid vegskulder. Vegløysinga er svært godt tilpassa landskapet.
-Vi forstår at Lier kommune ynskjer å optimalisera trafikkløysingane i kommunen, inkludert Tranbykrysset, men løysningane som blir valt for Tranbykrysset må vere innanfor rammene av fredinga, seier Veiby.
Riksantikvaren vil understreke at trafikktryggleiken er eit viktig samfunnsomsyn som må vektleggjast.
Statens vegvesen har også motsegn til planen. Dei peikar på at tiltaket er mangelfullt utgreia.
Les brevet her
Riksantikvaren hyllar filminnspeling på freda gard
– Markens grøde gjer at denne fantastiske staden vil nå ut til eit endå større publikum, seier riksantikvar Hanna Geiran.
Verdsarvutstillinga på plass i Hammerfest
No får «oppmålinga av verda» og verdsarvområdet Struves meridianboge den spektakulære verdsarvutstillinga.
Foreslår å avfrede lystgården Tåtøy vestre
Riksantikvaren foreslår å avfrede lystgården Tåtøy vestre, fordi bygningen er sterkt endret og har tapt mye av verdien som kulturminne.

