Denne meldinga erstattar tidlegare melding om oppstart frå 10.01.2012. Den tidlegare meldinga hadde til føremål å sikre og ta vare på Slinningsbua som eit viktig kulturminne i Ålesund. I den vart Slinningsbua skildra som autentisk og lite endra, men med behov for sikring og istandsetjing. Dette arbeidet er no i gang, og målet er å få sett bygget i stand slik at det kan nyttast på nytt.
Mange av dei ubrukte sjøhusa ligg på svært sentrale stader langs kysten, og er ofte blitt båe signalbygg og landemerke i nærmiljøet. I samband med dette ser vi òg behov for å utvide fredingsomfanget for å bevare verknaden av kulturminnet Slinningsbua som ein tydeleg silhuett i landskapet. Vi sender med dette ei ny melding om oppstart av fredingssak som òg inneheld eit utvida fredingsområde som går ut i vatnet kring sjøhuset.
Bevaring gjennom bruk
Sjøhus langs kysten i Noreg representerer eit stort potensial for å gje eksisterande bygningar nytt liv gjennom ny bruk. Kystens kulturmiljø, inkludert sjøhusa, eit prioritert område for Riksantikvaren. Det å finne moglegheiter for ny bruk, og samstundes klare å ta vare på bygningens historiske særpreg og eigenart, er avgjerande for vellukka og berekraftige resultat.
Kystens kulturmiljø – ein eige ressurs
Fredinga av Slinningsbua er ein del av ein mykje større samanheng innafor Noregs kulturarv. Slinningsbua har stor betyding for arbeidet som blir gjort i satsinga på kystens kulturmiljø. I handlingsplanen for bevaringsstrategien for kysten er Slinningsbua nemnd spesielt, for med å freda og setje ho i stand til ny bruk, så kan me og få mykje viktig kunnskap om:
Gjenbruk av eksisterande bygningar
Slinningsbua er eit stort sjøhus og med det eit døme på ein type kulturminne/bygningstype det finst svært mange av langs kysten – men som har gått ut av bruk, og ofte stått ubrukt i fleire tiår.
Dei gamle sjøhusa er ofte uisolerte, enkle konstruksjonar og har difor naturleg lufting. Det gjorde at mange sjøhus slapp unna problem med råte. Sjølv om mange har forfalle på grunn av manglande bruk og vedlikehald, er det likevel mange som er bevarte og tilgjengelege for ny bruk.
Her er det òg mykje å lære om korleis vi både skal setje i stand og klimasikre bygningar som er utsatt for mykje ver, vatn og vind. Dette er eit viktig arbeid som er i startgropa.
Vil du kome med innspel?
Merknadar og innspel sendast innan 25. januar 2026 til postmottak@ra.no.
Merk e-post med saksnummer 25/01122, eller «Høyring Slinningsbua».
Spørsmål?
Kontakt
Marit Vestvik
marit.vestvik@ra.no
Sigrid Murud, seksjonssjef
sigrid.murud@ra.no
EU-revisjon for Arktis: Se Riksantikvarens innspill
EUs arktiske policy legger føringer for EUs satsninger i Arktis. Nå skal den revideres for årene framover.
Oppstart av fredning for tidligere Eilert Sundts barnehjem
Eilert Sundts barnehjem er et sterkt kulturminne fra romanifolket/taternes historie i Norge. Riksantikvaren varsler nå oppstart av fredningssak, med høringsfrist 20. april 2026.
Høring: Overføring av forvaltningsansvar for fredet eiendom knyttet til Forsvarets landsverneplan, fra Riksantikvaren til fylkeskommunen
Berørte parter gis en høringsfrist på 6 uker for å komme med innspill. Høringsfrist er 16. februar 2026.

