Nyheter

Skal løfta fram bygder og byar og næringar og industri

Riksantikvaren har sendt forslag til bevaringsstrategiar for kulturmiljøa for bygder og byar og næringar og industriar.

Publisert: 29. april 2025 | Endret: 7. mai 2025

Luftfoto av en Odda - med smelteverket i forgrunnen - ved sjøen omgitt av fjell, som viser boligbygg, et stort lager, en elv, marina og grønne åser.
Odda smelteverk var i drift frem til 2002, og ligger i Odda sentrum, innerst i Sørfjorden i Hardanger. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Det er på bestilling frå Klima- og miljødepartementet at Riksantikvaren no har levert forslaga til dei to nye bevaringsstrategiane.

Høyringsfristen er 13. juni. Fristen for oppdraget er sett til 1. september 2025.

– Me oppmodar alle som har innspel til desse forslaga om å senda synspunkta sine. Me ønskjer at begge desse strategiane skal bli eit viktig verktøy for alle involverte, seier assisterande riksantikvar Audun Skeidsvoll.

– Kulturmiljø er ein ressurs i samfunnet. Desse bevaringsstrategiane skal styrkja og samordna innsatsen i samfunnet, slik at me kan ta vare på kulturmiljøa for framtida, seier Skeidsvoll.

Bevaringsstrategiane har ein felles struktur, med eitt hovudtema og underliggjande deltema. Desse deltemaa handlar om sentrale utviklingstrekk og kulturmiljøtypar som det er liten kunnskap om, eller der tapet er stort.

Bevaringsstrategiane for kysten og landbruket vart vedteke 14. februar i år.

Berekraftige bygder og byar 

Både i bygdene og i byane finn me eit stort mangfald av kulturmiljø som fortel historia om rolla til stadene i samfunnsutviklinga i landet.

Klimaendringar, strukturelle endringar knytte til busetjing og demografi og endra arealbruk gjer det utfordrande å ta vare på desse miljøa. Derfor er det viktig med eit godt samarbeid mellom aktørane i bygdene og byane for å sikra at me både bruker, bevarer og utviklar kulturmiljø på ein berekraftig måte.

– Viktige delar av Noregs historie er knytt til byane og stadene, korleis dei er utforma, og kvar dei ligg. Strategien skal visa korleis kulturmiljøforvaltninga og samarbeidspartnarar, både private og offentlege, kan bidra til bevaring og berekraftig utvikling av byar og stader, seier Skeidsvoll.

Forslaget til strategi har følgjande deltema og prioriterte område:

Identiteten og særpreget til staden:
Arkeologiske kulturminne – ei kjelde til kunnskap
Struktur – frå naturgitte føresetnader til planlagde stader
Bygningsmiljøer som bidreg til særpreg

Der me møtest:
Fellesskapsbygningar
Uterom og grøntområde for fellesskapen

Der me bur:
Småhusbusetnad under press – hus og hagar
Drabantbyene
Etterkrigstidens byplanlegging – gjenreisningsarkitekturen

Industrien som bygde Noreg 

Noreg er ein industri- og teknologinasjon. I heile Noreg finn me spor av kva industri og teknologi har betydd for landet vårt. Me har eit felles ansvar for å ta vare på kulturmiljøa våre, og bevaringsstrategien skal leggja til rette for dette.

– Næring, handel, industri og infrastruktur fortel om korleis det norske folket har livnært seg, om heimlege produksjonen og etableringa av industribedrifter og om overgangen frå landbrukssamfunn til industrisamfunn, seier Skeidsvoll.

– Me ønskjer at denne strategien skal føra til auka bevisstgjering og engasjement for å ta vare på denne delen av historia vår og felles kulturarv, seier han.

Forslaget til strategi har følgjande deltema og prioriterte område:

Industrien som bygde samfunnet:
Industrimiljø
Hjørnesteinsbedriften

Våre mangfaldige næringar:
Byindustri
Særegen småindustri

Industriens logistikk:
Bevegelege kulturminne knytte til næringar og industriars kulturmiljø
Infrastruktur knytt til næringar og industriars kulturmiljø

Audun Skeidsvoll, assisterende riksantikvar
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Luftfoto av Knaben gruver i Kvinesdal, omgitt av steinete åser og sparsom vegetasjon under klar himmel.
Knaben gruver ligger nord i Kvinesdal kommune, og hadde gruvedrift fra 1885 til 1973.
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren
Luftfoto av Vadsø med fargerike hus, asfalterte veier, grønne plener og en strandlinje synlig på høyre side under en overskyet himmel.
Tuomainengården i Vadsø i forgrunnen er en kvensk bygård fra 1840-årene.
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Kontaktperson hos Riksantikvaren

Ida Strøm-Larsen, kjerneteamkoordinator
ida.strom-larsen@ra.no

Pressekontakt:

Ring oss: 404 65 153
Send e-post: kom@ra.no 

Ny verdsarvutstilling opna på Røros

I dag opnar utandørsutstillinga «Vår verdensarv» midt i verdsarvområdet Røros bergstad og Circumferensen. Utstillinga skal styrke formidlinga og forståinga av norsk verdsarv.