Mange av dei ubrukte sjøhusa ligg på svært sentrale stader langs kysten, og er ofte blitt båe signalbygg og landemerke i nærmiljøet. Me takkar for alle innspel som har kome inn så langt i prosessen.
Me ynskjer no og få innspill på fredningsforslaget
– Sjøhus langs kysten i Noreg representerer eit stort potensial for å gje eksisterande bygningar nytt liv gjennom ny bruk. Kystens kulturmiljø, inkludert sjøhusa, eit prioritert område for Riksantikvaren. Det å finne moglegheiter for ny bruk, og samstundes klare å ta vare på bygningens historiske særpreg og eigenart, er avgjerande for vellukka og berekraftige resultat, seier Marit Vestvik hjå Riksantikvaren.
Kystens kulturmiljø – ein eige ressurs
Fredinga av Slinningsbua er ein del av ein mykje større samanheng innafor Noregs kulturarv. Slinningsbua har stor betyding for arbeidet som blir gjort i satsinga på kystens kulturmiljø. I handlingsplanen for bevaringsstrategien for kysten er Slinningsbua nemnd spesielt, for med å freda og setje ho i stand til ny bruk, så kan me og få mykje viktig kunnskap om:
Gjenbruk av eksisterande bygningar
Slinningsbua er eit stort sjøhus og med det eit døme på ein type kulturminne/bygningstype det finst svært mange av langs kysten – men som har gått ut av bruk, og ofte stått ubrukt i fleire tiår.
Dei gamle sjøhusa er ofte uisolerte, enkle konstruksjonar og har difor naturleg lufting. Det gjorde at mange sjøhus slapp unna problem med råte. Sjølv om mange har forfalle på grunn av manglande bruk og vedlikehald, er det likevel mange som er bevarte og tilgjengelege for ny bruk.
Her er det òg mykje å lære om korleis vi både skal setje i stand og klimasikre bygningar som er utsatt for mykje ver, vatn og vind. Dette er eit viktig arbeid som er i startgropa.
Vil du kome med innspel?
Merknadar og innspel sendast innan 7. august 2026 til postmottak@ra.no.
Merk e-post med saksnummer 25/01122, eller «Høyring fredingsforslag Slinningsbua».
Spørsmål?
Kontakt
Marit Vestvik
marit.vestvik@ra.no
Sigrid Murud, seksjonssjef
sigrid.murud@ra.no
Foreslår å frede deler av Haldenkanalen
Riksantikvaren foreslår å frede 14 kulturmiljøer i Haldenkanalen, fra Skulerud i nord til Tistedal i sør. Høringsfrist er 30.september 2026.
Forslag om freding av sjøhuset Slinningsbua
Slinningsbua er eit kjent landemerke ved innseglinga til Ålesund. Riksantikvaren ynskjer no innspel til fredningsforslag, med høyringsfrist 7. august 2026.
EU-revisjon for Arktis: Se Riksantikvarens innspill
EUs arktiske policy legger føringer for EUs satsninger i Arktis. Nå skal den revideres for årene framover.

