Miljøovervåkningsprogrammer

Arkeologiske kulturminne i utvalde kommuner

Miljøovervåkning av automatisk freda arkeologiske kulturminne i 15 kommunar fortel oss om tilstand, tap og skade for den eldste kulturarven vår.

Fangstgrop i Kautokeino. Fra rapport Fangstgrop som ble smøregrop. Skadene ble selv kulturminner. Foto: Riksantikvaren

I dette programmet kontrollerer me eit utval på 50 % av dei kjende automatisk freda arkeologiske lokalitetane i 15 kommunar. Kulturminna blir registrerte og dokumenterte ved foto. Data frå programmet blir registrerte i Oskeladden, Riksantikvarens database for kulturminne.

Programmet vart først etablert i 1997, og viser derfor utviklinga over tid. Kvart år blir dei arkeologiske kulturminna i to kommunar registrerte og kontrollerte. Årsaker til tap og skade og kva kulturminnetypar som er mest utsette og i kva type landskap desse ligg, er viktige data for forvaltninga. Samfunnseffekten er betre varetaking av arkeologiske kulturmiljø.

Dei utvalde kommunane er:

  • Tromsø
  • Trondheim
  • Horten
  • Kautokeino
  • Hustadvika (tidlegare Fræna)
  • Skien
  • Skjåk
  • Sandnes
  • Lillesand
  • Bømlo
  • Sortland
  • Saltdal
  • Sarpsborg
  • Modum
  • Grond

 

Mål for programmet

Hensikten er å undersøkja kor mange av dei automatisk freda arkeologiske kulturminna som går tapt over tid, og i kva grad kulturminne er skadde eller trua. Overvakinga skal identifisera årsaker til tap og skada, trusselbilete og verknaden av ulike former for vern.

Tala gir viktig kunnskap for å vareta kulturminne i jordbruk og skog i samarbeid med næringa. For forvaltninga gir programmet data for å gjennomføra tiltak som har ein dokumentert effekt, også i på tvers av landegrensene i Norden.

Oppstart:

1997-2030, med nokre endringar undervegs.

Leverandør:

Asplan Viak.

Rapportar:

Sjå Riksantikvarens Vitenarkiv. 

Publisert: 11. juni 2020 | Endret: 15. mai 2025