– Riksantikvaren jobbar for å auke merksemda om kulturminne og kulturmiljø i beredskapsarbeid, og å styrke samarbeidet tvers av sektorar og nivå , seier Hanna Lønning Gjerdi, seniorrådgjevar hjå Riksantikvaren – Slik kan vi saman bidra til å minske øydelegging og hindre tap av kulturarv ved ekstreme hendingar som naturkatastrofar eller i krig.
Noreg har ingen kulturminne eller kulturmiljø å miste, og når eit kulturminne blir borte, er det borte for alltid. Det betyr at vi alle må gjere vårt beste for å verne kulturminne og kulturmiljø mot forfall, brann, flaum, ras og konsekvensane av eit villare og våtare vêr.
– Kulturminne og kulturmiljø er ikkje godt nok integrert i beredskapen i norske kommunar, seier Lønning Gjerdi. – Det freistar vi å endre på no og utarbeider difor ein rettleiar som kommunane kan bruke for å gjere eigne ROS-analyser på kulturarv.
Rettleiaren knyter seg nært til DSB (Direktoratet for sikkerheit og beredskap) sine system, for å sikre best mogleg samordning av lokalt beredskapsarbeid.
Kulturarven er ekstra sårbar
I ei verd prega av klimaendringar, naturkatastrofar, krig og konflikt, er det viktig at vi legg planar for hendingar som kan truge kulturarven og kulturminna våre. Dessverre blir ofte kulturminne og kulturmiljø utelatne frå kommunale og regionale ROS-analyser, eller dei blir tillagt lite fokus.
– Det er viktig å sikre kulturskattane våre, seier Lønning Gjerdi. – Med eit klima i endring følgjer det fleire utfordringar som potensielt kan gjere alvorleg skade på viktige nasjonale kulturminne og kulturmiljø.
Den nye rettleiaren vil vere eit viktig verktøy for kommunane, fylkeskommunane, eigarar og forvaltarar av kulturmiljø i dette arbeidet.
Sunndal kommune er først ut
Piloten i Sunndal skal testast i eit område med fleire ulike kulturmiljøverdiar, som blant anna har status som Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse og som Utvald kulturlandskap i landbruket. Her er det fleire viktige fjellgardar og landskap, som blant anna ligg utsett til for steinras.
– Vi har samla eit tverrfaglet team frå Sunndal kommune, så no skal vi verkeleg bli gode på ROS-analysar, seier Malene Aaram Vike, leiar i avdeling for samfunnsutvikling i Sunndal kommune.
Til hausten skal også fleire kommunar i Innlandet teste rettleiaren. Dei aktuelle kommunane er Lom, Skjåk og Lillehammer.
– Det er kjempeverdifult at vi får delta på dette saman med folk frå Riksantikvaren, Statsforvaltaren, Møre og Romsdal fylkeskommune og Norconsult, seier Aaram Vike. – Sunndal har mange viktige kulturmiljø og fleire ulike utfordringar, og difor har vi folk frå både teknisk, kultur, og plan her i dag. Vi er veldig glad for både å få teste og bidra til utforminga av rettleiaren.
I Innlandet skal ein teste rettleiaren i meir varierande typer kulturmiljø, blant anna freda bygnad, mellomalderkyrkjegard og i tette trehusmiljø. Målsettinga er at rettleiaren skal vere ferdig innan utgangen av 2024.
ROS-analyse
Ei risiko- og sårbarhetsanalyse (ROS-analyse) er ei vurdering av uønska hendingar som kan skje, sannsynlegheita for at dei vil inntreffe og kva negative konsekvenser dei kan få.
Les meir om Riksantikvaren sitt arbeid med klima her.
Les meir om Riksantikvaren sitt arbeid med Haag-konvensjonen her.
Pressevakt Riksantikvaren
Ikke send sms, telefonen viderekobles.Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153