Prosessrettleiing for universell utforming av freda og verneverdige bygningar og anlegg

Publisert: 19. mai 2025

1. Formålet med rettleiinga

For samfunnet har universell utforming og tilgjengeleggjering av kulturminne og kulturmiljø svært mykje å seie – universell utforming handlar om sjølvstende i kvardagen for alle. Ved å gjere kulturminne tilgjengelege for flest mogleg kan vi styrkje den felles identiteten til og opplevingane til samfunnet i tråd med FNs berekraftsmål om å redusere ulikskap og bidra til berekraftige byar og lokalsamfunn.

Formålet med denne rettleiinga er å gje råd som kan bidra til ein god prosess når de skal utføre tiltak for å betre tilgjengelegheita i kulturminne og kulturmiljø. Gjennom grundige og inkluderande prosessar med dei relevante partane involverte vil det i dei aller fleste tilfella vere mogleg å få til gode løysingar som både betrar tilgjengelegheita og tek i vare dei kulturhistoriske verdiane.

Samtidig, i freda anlegg er det ikkje alltid mogleg å tilfredsstille alle krava til universell utforming etter plan- og bygningslova og teknisk forskrift. I tillegg er kulturminnelova og likestillings- og diskrimineringslova som er med på å regulere dette området, særlover. Dermed blir det viktig å finne ei balansert løysing som ivaretek kulturhistoriske verdiar og sikrar likestilling samtidig. I enkelte tilfelle må ein kanskje nøye seg med å finne løysingar som gjev så høg grad av tilgjengelegheit som mogleg. På bakgrunn av dette vil vi i denne rettleiinga bruke uttrykka universell utforming og tilgjengelegheit om kvarandre.

Universell utforming handlar om å skape miljø, produkt og tenester slik at alle kan bruke dei uavhengig av funksjonsevne og utan behov for tilpassing. Målet er å inkludere heile befolkninga ved å skape løysingar som gjev likestilt og sjølvstendig bruk.

Tilgjengelegheit er eit steg på vegen til universell utforming. Tilgjengelegheitinneber tilrettelegging av produkt, tenester og omgjevnader for å sikre at brukarar, uavhengig av behova og føresetnadene dei har, kan bruke dei ved hjelp av spesifikke tilpassingar eller hjelpemiddel.

2. Avgrensing av og målgruppe for rettleiinga

Avgrensing

Det finst mange typar kulturminne og kulturmiljø, og det overordna målet er at flest mogleg av dei skal leggjast til rette for allmenta. Denne rettleiinga ser nærare på prosessen knytt til tiltak i freda og verneverdige bygningar og anlegg. Universell utforming av arkeologiske kulturminne, kyrkjer og kyrkjegardar er slik ikkje ein del av denne rettleiinga.

Rettleiinga gjev råd om heile prosessen, frå kartlegging og moglegheitsstudie til ferdigstilling. Ho tek likevel ikkje for seg dei meir spesifikke løysingane, for eksempel korleis ei rampe kan tilpassast godt, eller kvar ein heis bør plasserast i eit kulturmiljø. Gode og relevante eksempel på slike meir konkrete løysingar finn de i Riksantikvarens eksempelsamling.

Rettleiinga avgrensar seg altså til å handle om prosessen med å løyse bygningsmessige utfordringar i freda eller verneverdige bygningar og anlegg. Det vil seie at rettleiinga primært har fokus på å løyse hindringar for menneske med nedsett rørslefunksjon, høyrsel, syn og evne til orientering. Funksjonsnedsetjingar knytte til kognitive eller psykososiale forhold er ikkje spesifikt omtalte. Som ei følgje gjev denne rettleiinga ikkje eit fullstendig bilete av behova i befolkninga.

Målgruppa

Målgruppa for rettleiinga er eigarar, forvaltarar, interesseorganisasjonar, arkitektar og andre konsulentar og rådgjevarar som arbeider med universell utforming i freda eller verneverdige bygningar og anlegg.

Universell utforming – nødvendig for somme, bra for alle

Universell utforming handlar både om å møte spesifikke behov og å skape løysingar som er gode for alle. Tiltak som betrar tilgjengelegheita for personar med funksjonsnedsetjingar, gjer bygningane og anlegga meir brukarvennlege for heile befolkninga, uavhengig av alder eller situasjon.

3. Ein god prosess gjer betre resultat

Freda og verneverdige bygningar og anlegg representerer store kulturhistoriske verdiar. Prosessen og framgangsmåten for å leggje til rette for alle vil variere alt etter kva slags bygning eller anlegg det er snakk om. Ei løysing som blir opplevd som god éin stad, kan gje uheldige konsekvensar ein annan stad. Pass derfor på at de i den tidlege fasen etablerer ein god prosess og eit breitt samarbeid som både synleggjer dei kulturhistoriske verdiane i bygningen eller anlegget og behova for tilrettelegging. Ved å synleggjere verdiane og behova samtidig og heilt i startfasen kan de allereie i neste fase sjå på ulike tiltak og løysingar som tek omsyn til begge aspekta.

Universell utforming av bygningar og anlegg inneber ofte at det både blir gjort inngrep i den eksisterande bygningen, og at det blir lagt til nye element. Derfor er det nødvendig at de har god kjennskap til bygningen og dei kulturhistoriske verdiane han representerer, slik at valet av løysingar, plasseringa av dei og omfanget av inngrep blir haldne innanfor tolegrensa til kulturminnet.

Det kan liggje ei spennande utfordring i det å utvikle eit freda eller verneverdig bygg med nye tilføyingar for å oppnå likestilt bruk samtidig som ein ivaretek dei materielle og kulturhistoriske kvalitetane.

Ein slik prosess kan vi dele inn i ulike fasar:

Seks skisserte ikoner illustrerer trinn i en prosess: målsetting, kartlegging, tidlig fase, anvendelse, implementering og evaluering, hver merket på norsk.

Målsetjing

/Bli tidleg einige om felles målsetjingar. Ved å definere klare mål tidleg i prosessen sikrar de at alle involverte partar har ei felles forståing av rammene og ambisjonsnivået til prosjektet. Måla de ønskjer å oppnå, vil styre arbeidet i neste fase (kartleggingsfasen).

Universell utforming krev ei brei tilnærming som tek omsyn til fleire typar funksjonsnedsetjingar. Ved å setje dykk eit felles mål om å få til universell utforming i så stor monn som mogleg gjer de prosessen meir inkluderande, fremjar samarbeid og engasjement og bidreg til å skape gode løysingar.

Kartlegging

Ei tidleg kartlegging gjev dykk viktig kunnskap som er til stor nytte i den vidare prosessen. Ulike faggrupper og instansar bør derfor involverast tidleg, allereie i kartleggingsfasen. Vidare bør du som er tiltakshavar, i samarbeid med antikvariske myndigheiter, sørgje for å få kartlagt bygningen eller anlegget grundig, både for å få oversikt over eksisterande situasjon og for å synleggjere dei kulturhistoriske verdiane.

Dette kunnskapsmaterialet bør sidan fungere som eit felles drøftingsgrunnlag i arbeidet med å finne dei beste løysingane. Under gjer vi greie for kartlegging av kulturminnet først, deretter viktige poeng og tips i prosessen med å kartleggje behova for tiltak.

Kartlegging av kulturminnet

  • Ei god kartlegging av bygget er eit uvurderleg verktøy: Kartlegginga og vurderinga av kulturminneverdiane må utførast av nokon med ein kulturminnefagleg kompetanse. Den kulturhistoriske analysen av bygningen eller anlegget bør inkludere planteikningar som markerer kvar verneverdiane er størst. Dette vil seinare bli eit nyttig verktøy når de skal vurdere dei ulike løysingane og plasseringane av desse.
  • Gjer dykk kjende med formålet med fredinga, det vil tydeleggjere moglegheitsrommet: Dersom kulturminnet er freda, vil det i mange tilfelle finnast dokumentasjon som gjer greie for formålet med fredinga, og vidare føresegner som legg rammene for endringspotensialet.
  • Omfanget av fredinga indikerer grensene for kva som er omfatta av vern: For eksempel kan eksteriøret til ein bygning vere underlagt vern, mens interiøret ikkje er det. Tiltak i område med berre eksteriørfreding kan vere enklare å tillate, mens det blir stilt høgare krav til tiltak i område med både eksteriør- og interiørfreding.
  • Er kulturminnet verna gjennom plan- og bygningslova ved reguleringsføresegner eller omsynssoner, er desse styrande for kva som er tillate. Kommunedelplanar med underliggjande kulturminneplanar kan òg vere nyttige reiskapar i kartlegginga.

Kartlegging av tiltaksbehov

  • Offentlege verksemder er forplikta etter arbeidsmiljølova, universitets- og høgskolelova og likestillings- og diskrimineringslova til å leggje til rette bygningane og uteområda sine. Det er nødvendig å kartleggje kva for føresetnader menneske med ulike behov har for å delta i desse omgjevnadene, og kva for tilretteleggingstiltak som bør gjennomførast. Dette kan for eksempel gjerast ved hjelp av kartleggingsverktøy eller eit registreringsskjema (sjå liste over eksempel på kartleggingsverktøy under).
  • Å synfare og sjølv oppleve kulturminnet kan gje dykk verdifull informasjon og ei forståing av hindringane og avgrensingane i omgjevnadene. Her bør fleire relevante aktørar involverast, som arkitekt, rådgjevarar og ulike interesseorganisasjonar.
  • Definer behovet for tiltak. Her beskriv de utfordringane med den eksisterande situasjonen.  

Sjå godt eksempel: Jobbar for å tilrettelegge freda klyngetun

Tidlegfase 

For å komme fram til ei god løysing som både betrar tilgjengelegheita og ivaretek dei kulturhistoriske verdiane i bygningen, bør de allereie i tidlegfasen ha ein grundig prosess og passe på å involvere ulike kompetanseområde breitt.

I tillegg bør eigaren og brukarane sine forventningar og ønske tydeleggjerast og realitetsvurderast. På den måten kan de unngå misforståingar og uklar kommunikasjon.

Tidlegfasen inkluderer ofte ein moglegheitsstudie og eit forprosjekt, og vi beskriv desse kort nedanfor.

Moglegheitsstudie

I moglegheitsstudien skisserer de fleire løysingar på dei kjende behova. For å få til det blir det ofte gjennomført ein alternativstudie der ein vurderer ulike løysingar på eit overordna nivå.

I sjølve moglegheitsstudien legg de til grunn funna frå kartleggingsfasen om verneomsyn og kulturmiljøverdiar, og basert på kartlegginga av tiltaksbehova vurderer de dei ulike løysingsforslaga opp mot kvarandre.

I denne fasen kan det vere tenleg å skissere fleire løysingar på dei kjende behova. Det kan dessutan ha ein verdi for kommunikasjonen omkring prosjektet å kunne forklare kvifor tilsynelatande gode løysingar ikkje fungerer. Vidare synleggjer moglegheitsstudien løysingar som kan vere nyttige alternativ å ha med seg i den neste fasen (forprosjektet), sidan ein der går meir detaljert inn i prosjekta. For eksempel kan det i nokre tilfelle vurderast om enkelte funksjonar kan flyttast ut av sårbare område dersom det er enklare å gjere tilpassingar andre stader i bygningen.

Forprosjekt

I forprosjektfasen blir prosjektet utvikla, omfanget avklart og gjennomføringa planlagd. Universell utforming av kulturminne kan ofte innebere omfattande tiltak som utgjer eit inngrep i den verna eller freda bygningsmassen, eksempel på dette kan vere etablering av heis eller større permanente ramper.

Det bør understrekast overfor prosjektgruppa at endringar og tillegg i freda og verneverdige bygningar og anlegg ofte krev løysingar som må spesialtilpassast bygningen og formålet. Denne typen tiltak er ofte både tidkrevjande og kostnadsdrivande i eit prosjekt og bør takast høgd for i tidlegfasen.

For større og meir komplekse prosjekt kan det vere nødvendig å dele opp tiltaka i fleire fasar og delar, avhengig av ressursar og budsjett. Dette gjer det mogleg å fordele kostnadene over tid og slik sikre at kvart tiltak blir planlagt og gjennomført på ein god måte.

Ei heilskapleg tilnærming til design og funksjonalitet

Funksjonalitet og design er viktige i arbeidet med universell utforming av kulturminne. Det er derfor viktig å involvere dyktige designarar og arkitektar tidleg i prosessen for å finne eigna løysingar i samarbeid med relevante partar. Godt design som engasjerer sansane, er lettare å forstå og gjev trygge og tiltalande omgjevnader. Tekniske hjelpemiddel, som beteningspanel, leielinjer og løfteplattformer, kan variere i uttrykk, så ei medviten haldning til produktval er viktig.

Ulike tilnærmingar til universell utforming av bygningar og anlegg for alle

Tiltak som blir gjorde, kan vere meir eller mindre inngripande. Nedanfor presenterer vi derfor tre ulike tilnærmingar til universell utforming av kulturminne ved hjelp av arkitektoniske verkemiddel og metodar.

Heilskapleg løysing

I enkelte tilfelle er det mogleg å få til ei heilskapleg løysing og ikkje berre gjere mindre enkelttiltak. Eit eksempel på det er i samband med ei omfattande rehabilitering. Da er det viktig at de integrerer prinsippa om universell utforming og undersøkjer kva de kan få til, i alle stadium av prosessen. Ei heilskapleg tilnærming til universell utforming har den fordelen at ho opnar opp for fleire moglegheiter og alternative løysingar. I omfattande prosjekt blir resultatet best om ein konsekvent tenkjer heilskapleg når det gjeld alt frå materiale til belysning, samtidig som ein legg vekt på bevaring av kulturminnet.

Sjå godt eksempel : Nytt inngangsparti. Drastisk grep, men minimalt med inngrep

Leggje til – trekkje frå

Dei fleste endringar i eit kulturminne utgjer eit tillegg. Slike tillegg bør ta omsyn til konteksten og spele saman med dei arkitektoniske og kulturhistoriske verdiane i bygningen. Dei bør òg underordne seg den opphavlege arkitekturen. Dette kan de få til på mange måtar, for eksempel ved å gjenbruke eksisterande materialpalett, formspråk og byggjeteknikkar.

Kulturminne kan òg leggjast til rette ved at noko blir fjerna frå bygningen eller miljøet. Så lenge tiltaket ikkje fører til fjerning av element med høg kulturhistorisk verdi, kan det vere ei eigna løysing. Å gje plass til ei løfteplattform i ei eksisterande trapp eller gjere inngrep i eksisterande inngangsparti for å leggje til rette for trinnfri tilkomst kan vere eksempel på at noko blir fjerna.

Sjå godt eksempel: Et utvalg bygg er tilrettelagt på Kongsvold fjellstue

Varig – mellombels

Det bør vere eit overordna mål at universell utforming skal vere varige endringar heller enn mellombelse løysingar. Samtidig kan varige løysingar føre til større inngrep og utfordre verneverdiane i bygningar og anlegg. Uavhengig av om de arbeider med varige eller mellombelse løysingar, er reversibilitet ein viktig faktor. Det er viktig å søkje etter løysingar som gjev reversible tiltak i særleg verdifulle område i eit kulturminne.

Sjå godt eksempel: Integrert løfteplattform i trappen til Slottskirken 

Søknadsprosessen

Ofte vil eit prosjekt krevje både dispensasjon frå verneføresegner og unntak frå tekniske krav etter plan- og bygningslovgjevinga eller arbeidsmiljølova. Under følgjer nokre viktige punkt de må passe på i samband med det.

Avklar vernestatus

Det er avgjerande at de har fastslått kva juridisk vernestatus det aktuelle kulturminnet har, og omfanget av ei eventuell freding, for at de skal kunne vite om tiltak er søknadspliktige. Det er òg nødvendig for å vite kva som er rette forvaltningsmyndigheit å søkje til.

Ver klar over at i freda bygningar og anlegg er alle tiltak som går utover vanleg vedlikehald, søknadspliktige og krev ein dispensasjon frå kulturminnelova.

Under beskriv vi i det første avsnittet kort kva som bør vere med i søknader om dispensasjon frå kulturminnelova, og ansvaret kulturminnemyndigheita har. I det andre avsnittet beskriv vi når det kan søkjast om unntak frå byggteknisk forskrift, og kva det blir lagt vekt på i samband med det.

Søknader om dispensasjon frå kulturminnelova

Ein søknad bør innehalde ei nøyaktig og kortfatta grunngjeving for og beskrive det foreslåtte tiltaket. Vidare bør søknaden innehalde eit godt teikningsgrunnlag, bilete og illustrasjonar.

Kulturminnemyndigheita har på si side eit ansvar for å leggje særleg vekt på tiltak med vesentleg betydning for samfunnet og andre heilt spesielle tilfelle. Tilpassing for universell utforming og krav til helse, miljø og tryggleik er eksempel på særlege tilfelle som det blir lagt til rette for. Samtidig er det viktig at tiltaket som blir godkjent, er godt tilpassa, både med tanke på å ivareta kulturminneverdiane og universell utforming. Kulturminnemyndigheita har her eit ansvar for å bidra til at de finn ei løysing som tek omsyn til begge delar. 

Søknad om unntak frå krav i byggteknisk forskrift

I freda og verneverdige bygningar og anlegg vil det i mange tilfelle ikkje vere mogleg å fullt ut møte alle krava i byggteknisk forskrift (TEK17). Utfordringar kan for eksempel vere å kunne innpasse ei rampe med rett stigning etter forskriftskrava eller at rekkverka på dei eksisterande trappene har avvikande dimensjonar.

For å få eit godt resultat er det avgjerande at dei utførande har god forståing av dei kulturhistoriske verdiane til anlegget og har den relevante handverkskompetansen. Det er derfor viktig med god kommunikasjon som beskriv dei kulturhistoriske verdiane som skal varetakast. Like viktig er det med tydelege tiltaksbeskrivingar.

Vidare har det svært mykje å seie at prinsippa for universell utforming er klart formidla til dei relevante aktørane i prosjektgruppa. For å få til eit godt resultat er det avgjerande med tett oppfølging frå prosjekterande, regelmessig kontakt med brukarane av bygningen og samarbeid med kulturminnefaglege rådgjevarar, fagpersonar innan universell utforming og interesseorganisasjonar.

Korleis sikre seg at utføringa blir god?

For å få eit godt resultat er det avgjerande at dei utførande har god forståing av dei kulturhistoriske verdiane til anlegget og har den relevante handverkskompetansen. Det er derfor viktig med god kommunikasjon som beskriv dei kulturhistoriske verdiane som skal varetakast. Like viktig er det med tydelege tiltaksbeskrivingar.

Vidare har det svært mykje å seie at prinsippa for universell utforming er klart formidla til dei relevante aktørane i prosjektgruppa. For å få til eit godt resultat er det avgjerande med tett oppfølging frå prosjekterande, regelmessig kontakt med brukarane av bygningen og samarbeid med kulturminnefaglege rådgjevarar, fagpersonar innan universell utforming og interesseorganisasjonar.

Drift og vedlikehald

Universell utforming og kulturminneomsyn må varetakast i den videre drifta og når det blir utført vedlikehald. Sørg for kunnskapsoverføring om tiltaka som er utførte. Slik kan de unngå at det skjer endringar på sikt som kan påverke tiltaka negativt, og de sørgjer for at løysingane held seg funksjonelle året rundt.

Evaluering

Ei evaluering av gjennomførte tiltak vil kunne vere nyttig til seinare prosjekt og generell kunnskapsutveksling.

Spørsmål de kan stille til både prosessen og dei utførte tiltaka, kan vere:

  1. Er resultatet tilfredsstillande med tanke på universell utforming / betra tilgjengelegheit?
  2. Er dei vesentlege verdiane til kulturminnet ivaretekne? 
  3. Korleis har kommunikasjonen og samarbeidet mellom ulike aktørar vore?
  4. Er det behov for ytterlegare tilpassingar eller oppfølgingstiltak?
  5. Har det oppstått uventa konsekvensar eller utfordringar som følgje av tiltaka? 
  6. Har tiltaka hatt ein positiv innverknad på kulturminnet og omgjevnadene til det? 
  7. Korleis kan erfaringane frå denne prosessen bidra i framtidige prosjekt for universell utforming av kulturminne?

4. Ulike behov knytte til ulike former for funksjonsnedsetjingar

Menneske med funksjonsnedsetjingar har ulike utfordringar, og menneske blir påverka på ulike tidspunkt alt etter livsfase og ulike omstende. For somme er universell utforming heilt nødvendig, men samtidig er det til nytte for oss alle. Før det blir sett i gang eit arbeid med universell utforming av eit kulturmiljø, er det viktig å forstå kva dei ulike formene for funksjonsnedsetjing inneber. Mange av omsyna som må takast, overlappar og gjeld funksjonsfriske så vel som personar med funksjonsnedsetjingar.

I denne rettleiinga har vi overordna delt inn funksjonsnedsetjingar i fire grupper: nedsett rørslefunksjon, syn, orienteringsevne og høyrsel. Funksjonsnedsetjingar kan vidare vere alt frå store til små sansetap. Under beskriv vi dei fire gruppene funksjonsnedsetjing og nokre moglege tilpassingar litt nærare.

Nedsett rørslefunksjon

Nedsett rørslefunksjon kan bety alt frå å ha behov for rullestol, ha vanskar med å gå til å ha nedsett mobilitet i hender, armar og bein. For å møte desse behova er det viktig å sørgje for trinnfrie tilkomst- og rørslevegar som er lett tilgjengelege. Eksempel på tilpassingar kan vere kvilemoglegheiter som blir tilbydde på strategiske stader, og heisar eller ramper som blir installerte for å gje enkel tilgang til fleire nivå i ein bygning. Andre eksempel er at bygget bør ha dører som er enkle å betene, og at det bør vere installert rekkverk på relevante stader for å gje nødvendig støtte.

Godt eksempel: Tilgjengelig turvei på gammel jernbanelinje

Nedsett syn og orienteringsevne

Personar med nedsett syn og nedsett evne til orientering omtaler vi her samla ettersom det til ein viss grad er eit samanfall mellom løysingane.

Nedsett syn kan inkludere alt frå lett nedsett syn til total blindskap, fargeblindskap eller lyssensitivitet. Nedsett evne til å orientere seg inneber redusert evne til å forstå omgjevnadene og navigere i dei. For å leggje til rette for personar med nedsett syn og orienteringsevne er det viktig å bruke kontrastar i fargar og materiale. Materiale med ulik struktur og leielinjer kan hjelpe ein med å finne vegen og forhindre samanstøyt. Eksempel på tilpassingar er å gjere gangsoner frie for hindringar slik at det er lettare å navigere, og å etablere god belysning og taktile skilt og symbol.

Nedsett høyrsel

Nedsett høyrsel kan variere frå mild til alvorleg høyrselsnedsetjing. For å imøtekomme desse behova er det nødvendig med gode akustiske forhold og minimal støyforureining. Eksempel på tilpassingar kan vere å installere teleslyngje som kan forbetre lydkvaliteten ved samtalar. Vidare kan strategisk belysning tydeleggjere visuell kommunikasjon, for eksempel viktig skilting. Informasjon bør vere tilgjengeleg både skriftleg og visuelt, og brannalarmsystema bør vere både synlege og høyrlege for alle.

Se godt eksempel: Bedre akustikk og belysning i universitetsbygning

5. Relevante aktørar

Frå planleggingsfasen til gjennomføringa av eit tilgjengelegheitsprosjekt er det mange aktørar som er involverte. Godt samarbeid mellom desse aktørane er avgjerande for å ivareta alle omsyn. For å få til det bør prosjekta ha ein realistisk tidsplan, slik at dei kan forankrast hos alle relevante aktørar, frå tidlegfasen til gjennomføringa.

Under beskriv vi kva aktørar som deltek i dei ulike prosjektgruppene i dei ulike fasane, og kva rolle dei fyller.

Seks sirkulære ikoner med minimalistiske menneskefigurer som representerer eier, brukergruppe, arkitekt, entreprenør, kulturmyndighet og kommune, hver merket på norsk.

Eigar og tiltakshavar

Tiltakshavaren eller eigaren bør sikre at prosjektet blir utført i samsvar med lover og forskrifter. Ei bekymring frå tiltakshavaren si side kan vere at kulturminneomsyn fører til mindre optimale løysingar, auka kostnader og forseinkingar. God planlegging og tidleg avklaring med tanke på kulturminneverdiane kan bøte på mange av problema.

Brukarar og relevante interesseorganisasjonar

Brukarmedverknad i form av involvering frå interesseorganisasjonar eller kommunale og fylkeskommunale råd kan gje verdifull forståing av behova som menneske med funksjonsnedsetjingar kan ha. Desse gruppene bør de inkludere tidleg i prosessen for å kunne identifisere eventuelle utfordringar og moglege løysingar.

Arkitektar og andre konsulentar

Arkitektar og andre konsulentar er viktige bindeledd mellom kulturminnemyndigheita og dei andre aktørane i prosjektet. Dei formidlar gjennom teikningar og visualiseringar korleis tiltak påverkar kulturmiljøet, og bør vere godt kjende med både vernet av bygget eller anlegget og dei kulturhistoriske verdiane. I tillegg er det ei forventning at dei er godt kjende med regelverket knytt til universell utforming.

Entreprenør og utførande frå mange faggrupper

Det er viktig at entreprenøren tidleg i prosjektet får beskjed om verneomfanget og dei omsyna dette krev. Entreprenøren må vidare gjerast spesielt merksam på risikoen knytt til tap av kulturminneverdiar på byggjeplassen og ansvaret for å vidareformidle denne informasjonen til alle utførande under byggjeprosessen. Dei utførande bør ha god kompetanse og erfaring frå antikvarisk arbeid og kjennskap til prinsippa om universell utforming.

Kulturminnemyndigheita

Det overordna ansvaret til kulturminnemyndigheita er å sikre at tiltak og endringar ikkje svekkjer dei kulturhistoriske verdiane i anlegget. Kulturminnemyndigheita skal derfor bidra i prosessen slik at behova i prosjektet kan møtast og løysast innanfor det handlingsrommet som er fastsett i formålet med fredinga. I dette ligg eit ansvar for å bidra til å finne gode løysingar som samtidig ivaretek kulturminneverdiar, opplevingsverdiar og kvalitet.

For at dei kulturhistoriske verdiane skal vere sikra i alle fasane av prosjektet, har saksbehandlaren til kulturminnemyndigheita ei viktig rolle i prosjektgruppa, i alle stadia.  

For freda bygningar og anlegg kan kulturminnemyndigheita vere Riksantikvaren, fylkeskommunen eller Sametinget. Gjer dykk kjende med kven som er rette myndigheit, tidleg i prosjektet.

Kommunen

Kommunen har ei sentral rolle som plan- og bygningsmyndigheit og skal gjennom saksbehandling blant anna sikre at tiltak blir i samsvar med lover, forskrifter og planvedtak.

6. Relevante lovverk

Tiltak knytte til universell utforming av freda og verneverdige bygningar og anlegg er regulerte gjennom ulike lovverk. Desse lovverka sikrar at universell utforming av kulturminne blir ivareteken på ulike måtar.

Kulturminnelova og likestillings- og diskrimineringslova er særlover, noko som betyr at dei er sidestilte og må vektast mot kvarandre. Dette krev ei balansert tilnærming der omsynet til bevaring av freda kulturminne blir vurdert opp mot krava til universell utforming. Å forstå og rette seg etter dei ulike lovene og formåla deira på ein heilskapleg måte kan bidra til ein prosess som sikrar at viktige kulturminneverdiar blir bevarte og samtidig gjorde tilgjengelege for framtidige generasjonar.

For verneverdige bygg gjeld òg plan- og bygningslova § 20-1, som regulerer kva tiltak som krev søknad og løyve frå bygningsmyndigheitene. I alle tilfelle gjeld òg krava i arbeidsmiljølova til tilrettelagde og godkjende arbeidslokale.

Det er nødvendig å forstå formåla i dei relevante lovverka for å gje tiltakshavaren innsikt i dei lovpålagde krava og intensjonane bak dei. Vi gjev her att det sentrale formålet med kvar av lovene for å tydeleggjere dette.

Kulturminnelova

Kulturminnelova sikrar ivaretakinga av kulturminne og -miljø gjennom forvaltning og lovverk. Ho pålegg offentlege myndigheiter å ta omsyn til kulturminneverdiar ved avgjerder som påverkar kulturminneinteressene, spesielt for freda kulturminne. Samtidig er det anledning til å gje dispensasjon frå fredinga dersom det ligg føre eit særleg tilfelle og tiltaket ikkje fører til vesentlege endringar i det freda kulturminnet. Tilrettelegging for universell utforming vil i mange tilfelle vurderast som eit slikt særleg tilfelle.

§ 1. Formål

Når det etter annen lov treffes vedtak som påvirker kulturminneverdiene, skal det legges vekt på denne lovs formål.

Kulturminner og kulturmiljøer med deres egenart og variasjon skal vernes både som en del av vår kulturarv og identitet og som ledd i en helhetlig miljø- og ressursforvaltning.

Det er et nasjonalt ansvar å ivareta disse ressursene som vitenskapelig kildemateriale og som varig grunnlag for nålevende og fremtidige generasjoners opplevelse, selvforståelse, trivsel og virksomhet.

Plan- og bygningslova

Plan- og bygningslova tek for seg tema som kulturminne, universell utforming og medverknad i planprosessar og har spesifikke føresegner om korleis omsyn skal varetakast på reguleringsplan- og byggjeprosjektnivå, inkludert for å bevare kulturmiljø og ta omsyn til universell utforming.

§ 1-1 Formål

Loven skal fremme bærekraftig utvikling til beste for den enkelte, samfunnet og framtidige generasjoner.

Planlegging etter loven skal bidra til å samordne statlige, regionale og kommunale oppgaver og gi grunnlag for vedtak om bruk og vern av ressurser.

Byggesaksbehandling etter loven skal sikre at tiltak blir i samsvar med lov, forskrift og planvedtak. Det enkelte tiltak skal utføres forsvarlig.

Planlegging og vedtak skal sikre åpenhet, forutsigbarhet og medvirkning for alle berørte interesser og myndigheter. Det skal legges vekt på langsiktige løsninger, og konsekvenser for miljø og samfunn skal beskrives.

Prinsippet om universell utforming skal ivaretas i planleggingen og kravene til det enkelte byggetiltak. Det samme gjelder hensynet til barn og unges oppvekstsvilkår og estetisk utforming av omgivelsene.

Byggteknisk forskrift

Byggteknisk forskrift (TEK17) stiller minimumskrav til universell utforming i publikums- og arbeidsbygningar. For verna eller freda bygg og anlegg kan det likevel vere utfordrande å oppfylle desse krava fullt ut. Kommunen kan gje unntak frå krava til universell utforming i TEK17 § 12-1 (2) så lenge det er forsvarleg ut frå tryggleik, helse og miljø. I vurderinga skal kommunen blant anna leggje vekt på alderen til bygningen og den formelle vernestatusen han har, men òg kva fordelar ein oppnår med å gje unntak, og kva kompenserande tiltak det er de kan gjennomføre.

Sjølv om de ikkje greier å oppfylle krava til universell utforming fullt ut, kan det likevel vere mogleg å gjennomføre tiltak som betrar tilgjengelegheita. For eksempel kan det vere mogleg å etablere ei rampe eller løfteplattform som gjer at rullestolbrukarar eller andre med nedsett rørslefunksjon kan oppleve kulturminnet på lik linje med andre, sjølv om det krevst noko tilrettelegging.

Riksantikvaren har laga ei eiga rettleiing om moglegheiter til å gjere unntak frå TEK17.

Likestillings- og diskrimineringslova

I publikumsbygg er universell utforming som hovudregel eit krav. Du som er eigar av eit freda eller verneverdig publikumsbygg, har ei plikt etter lova til å kartleggje kva moglegheiter som finst for universell utforming av eigedommen din, og leggje til rette etter det.

Viser kartlegginga at tiltaka som krevst for å få til universell utforming, fører til ei uforholdsmessig byrde for deg som eigar, gjeld ikkje plikta til universell utforming (sjå likestillings- og diskrimineringslova § 17 tredje ledd).

Både verneverdiar, ressursar og økonomi er faktorar som kan spele inn i ei slik vurdering. I ein liten kafé i ein verneverdig bygning kan det for eksempel vere utfordrande å få plass til eit universelt utforma toalett. Da kan både verneomsyn og økonomi vere grunnar til at plikta ikkje vil gjelde. Det er viktig å understreke at det må gjerast ei konkret vurdering i kvart enkelt tilfelle.

§ 1. Formål

Lovens formål er å fremme likestilling og likeverd, sikre like muligheter og rettigheter til samfunnsdeltakelse for alle, uavhengig av funksjonsevne, og hindre diskriminering på grunn av nedsatt funksjonsevne.

Loven skal bidra til nedbygging av samfunnsskapte funksjonshemmende barrierer og hindre at nye skapes

Arbeidsmiljølova

Lova fastset generelle krav til arbeidsmiljøet, med spesifikasjonar om at tilkomstvegar, toalettanlegg, arbeidsutstyr og liknande skal vere tilrettelagde for arbeidstakarar med nedsett funksjonsevne. 

§ 1. Formål

Å bidra til et inkluderende arbeidsliv.

Å sikre et arbeidsmiljø som gir grunnlag for en helsefremmende og meningsfylt arbeidssituasjon, som gir full trygghet mot fysiske og psykiske skadevirkninger, og med en velferdsmessig standard som til enhver tid er i samsvar med den teknologiske og sosiale utvikling i samfunnet.

Å sikre trygge ansettelsesforhold og likebehandling i arbeidslivet.

Å legge til rette for tilpasninger i arbeidsforholdet knyttet til den enkelte arbeidstakers forutsetninger og livssituasjon, å gi grunnlag for at arbeidsgiver og arbeidstakerne i virksomhetene selv kan ivareta og utvikle sitt arbeidsmiljø i samarbeid med arbeidslivets parter og med nødvendig veiledning og kontroll fra offentlig myndighet.

7. Kjelder og litteratur

Lov om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningsloven) – Lovdata 

Lov om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. (arbeidsmiljøloven) – Lovdata 

Lov om kulturminner [kulturminneloven] – Lovdata 

Lov om likestilling og forbud mot diskriminering (likestillings- og diskrimineringsloven) – Lovdata 

Lov om universiteter og høyskoler (universitets- og høyskoleloven) – Lovdata 

Forskrift om utforming og innretning av arbeidsplasser, arbeidslokaler og innkvartering (arbeidsplassforskriften) – Lovdata 

Ingen hindring. Heneide, Schiøll Cathrine – utgitt av SINTEF. – sintef innmat Pdf 

Universell utforming i planlegging. Kommunal- og moderniseringsdepartementet. – Universell utforming i planlegging 

Handlingsplan 2021–2025 – Bærekraft og like muligheter – et universelt utformet Norge. Utgitt av Kulturdepartementet.  Bærekraft og like muligheter – et unvierselt utformet Norge. 2021–2025 

Kulturminnevern og universell utforming – et prosessverktøy. Utgitt av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. – Bufetat 

Veileder for tilgjengelighet til verneverdig bebyggelse i Oslo. Utgitt av Byantikvaren. uu-veileder18-siste-utgave.pdf 

Bærekraft og like muligheter – et universelt utformet Norge (2021–2025) – regjeringen.no 

Universell utforming av kulturbygninger.pdf (regjeringen.no)§ 12-1. Krav til planløsning og universell utforming av byggverk – Direktoratet for byggkvalitet (dibk.no)