Rett­leiar om unntak frå TEK17

Dette er ein rettleiar om plan- og bygnings­loven § 31-4, og kommunen sitt høve til å gi heilt eller delvis unntak frå tekniske krav. Rettleiaren er relevant både for saksbehandlarar i kommunane, eigarar av freda og verneverdige bygg og utbyggjarar og konsulentar som prosjekterer og skriv søknadar om unntak.

1For­målet med rett­leiaren

Eksisterande bygningar utgjer store materielle ressursar. Bevaring og bruk av eksisterande bygningar er eit viktig bidrag til å redusere både klimagassutslepp frå byggebransjen og forbruk av materialar. I tillegg gir historiske bygningar byar og stader særpreg og eigenart, og det kan skape grunnlag for kulturopplevingar, identitet, næringsutvikling og turisme.

Tekniske krav til byggverk kan vere utfordrande når ein skal jobbe med bruk og ombruk av eksisterande bygningar. Krava kan i verste fall brukast som eit argument for riving. For at eksisterande bygningar skal kunne ombrukast og utviklast, har kommunane høve til å gi heilt eller delvis unntak frå tekniske krav.

Formålet med rettleiaren er å gå gjennom moglegheitene for unntak frå tekniske krav til byggverk, med fokus på korleis det kan bidra til å ivareta kulturhistoriske verdiar.

2Hovud­regel for tiltak i eksister­ande bygningar

I plan- og bygningsloven (pbl.) og i forskrift om tekniske krav til byggverk (TEK17) finst det ei rekkje krav til byggverk. Hovudregelen når ein skal planleggje og gjennomføre tiltak i ein eksisterande bygning, er at desse krava skal følgjast.

I eit ombruksprosjekt er det likevel berre relevante krav i TEK17 som gjeld. Kva krav som er relevante, vil variere ut frå kva tiltak som skal gjennomførast. Krava gjeld berre for dei delane av byggverket som tiltaket omfattar. Ei søknadspliktig fasadeendring, som universell utforming av eit inngangsparti, vil til dømes ikkje utløyse krav til ventilasjon.

Vidare er det berre krav som oppfyller ein funksjon og har ein effekt i byggverket som gjeld. Ved bruksendring av ein loftsetasje til kontorlokale i ein bygning der dei andre etasjane allereie er i bruk som kontor, vil det til dømes ikkje vere relevant å følgje kravet til universell utforming for  loftet dersom dei andre etasjane ikkje er tilgjengelege for arbeidstakarar med nedsett funksjonsevne. Kravet til universell utforming vil i eit slikt tilfelle ikkje ha ein funksjon.

Nye arbeidslokaler i bevaringsverdig loft – Riksantikvarens eksempelsamling

Ved ei hovudombygging og bruksendring av heile bygningen gjeld i utgangspunktet alle krava. Terskelen for kva som utgjer ei hovudombygging er likevel høg – då må tiltaket innebere endringar eller reparasjonar som er så omfattande at heile byggverket blir vesentleg fornya.

Hovudformålet med TEK17 er å sikre høg kvalitet i alle byggeprosjekt, både ved oppføring av nye byggverk og ved endringar av eksisterande byggverk. Samstundes blir det stadig strengare tekniske krav for å sikre meir miljøvennlege og berekraftige bygg.

Krava i TEK17 er primært tilpassa nybygg, og dei er dermed meir utfordrande å oppfylle i eksisterande bygningar. Tiltak som bidrar til å oppfylle dei tekniske krava fullt ut, kan svekke kulturhistoriske og arkitektoniske verdiar i historiske bygningar. For historiske bygningar er dette særleg aktuelt for krav knytt til

  • konstruksjonssikkerheit – TEK17 § 10-2
  • brannsikkerheit – TEK17 kapittel 11
  • tilgjengelegheit og universell utforming – TEK17 kapittel 12
  • inneklima – TEK17 kapittel 13 (særleg krav til ventilasjon)
  • energi – TEK17 kapittel 14

Teknisk godkjende kafélokale utan store inngrep – Riksantikvarens eksempelsamling

3Mogleg­heit for unntak frå tekniske krav

Plan- og bygningsloven § 31-4 opnar for at kommunen kan gi unntak frå enkelte tekniske krav i TEK17, så lenge det er forsvarleg ut frå tryggleik, helse og miljø. Formålet med føresegna er at det skal bli enklare å vidareføre og utvikle bruken av eksisterande bygningar, både med og utan vern. Kommunen må gjere ei heilskapleg vurdering av tiltaket. Bokstav a, b og c i unntaksføresegna seier kva kommunen skal leggje vekt på i si vurdering av unntak.

§ 31-4. Kommunens adgang til å gi helt eller delvis unntak fra krav (lovdata.no)

Ved tiltak etter § 20-1 på eksisterende byggverk kan kommunen gi helt eller delvis unntak fra tekniske krav, dersom det vurderes som forsvarlig ut fra sikkerhet, helse og miljø. Ved vurderingen skal kommunen legge vekt på følgende:

  1. byggverkets alder, formell vernestatus, type, formål, plassering, varigheten av tiltaket og nåværende tekniske tilstand
  2. forhold som kan redusere negative konsekvenser ved at det gis unntak
  3. fordeler som oppnås med tiltaket.

Innen rammen av de hensyn loven skal ivareta, kan kommunen stille vilkår som kan redusere ulemper eller skadevirkninger tillatelsen kan føre til.
Departementet kan gi forskrift om kommunens adgang til å gi tillatelse etter første ledd.

Den tidlegare unntaksføresegna stilte tre vilkår for at kommunane skulle kunne gi unntak. Det er berre vilkåret om forsvarlegheit som er vidareført, og lovendringa inneber derfor at det skal bli lettare å få innvilga ein søknad om unntak.

Samtidig er det viktig at krava i TEK17 blir innfridd i så stor grad som mogleg, også for historiske bygningar. Det er viktig både for å sikre bygningane sin bruksverdi, og for å redusere energibruken i drift.

Under beskriv vi dei momenta i føresegna som er mest relevante for å ivareta kulturminneverdiar i eksisterande bygningar. For ei nærare utgreiing av heile føresegna, viser vi til kjeldehenvisningane til slutt i denne rettleiaren.

Alder på bygningen

Det kan vere meir komplisert å oppfylle dei tekniske krava fullt ut for ein eldre bygning. Kommunen skal difor leggje vekt på alder på bygningen når dei vurderer søknader om unntak frå TEK17. Oppgradering i tråd med TEK17 kan gi tekniske utfordringar for eldre bygningar som er oppførte etter andre byggtekniske prinsipp enn i dag. I enkelte tilfelle kan til dømes etterisolering som ikkje er tilpassa den konkrete bygningen føre til fuktproblem.

Fra bilvaskehall til nabolagets samlingssted – Riksantikvarens eksempelsamling

Formell vernestatus

Kommunen skal leggje vekt på den formelle vernestatus til bygningen når dei vurderer ein søknad om unntak frå krav i TEK17. Formell vernestatus inneber at bygningen har eit juridisk vern, anten gjennom plan etter plan- og bygningsloven eller gjennom freding etter kulturminneloven.

Grunnen til at formell vernestatus er tatt inn som eit særskilt vurderingsmoment, er at ein vil unngå mogelege konfliktar mellom tekniske krav, arealplan og kulturminneloven Til dømes kan det vere nødvendig å gi unntak frå krav til ventilasjon fordi det vil endre eksteriøret og interiøret til ein freda bygning på ein måte som kjem i konflikt med formålet med fredinga.

Tilpasset isolering tar vare på eksteriør og interiør – Riksantikvarens eksempelsamling

Ved tiltak på ein freda bygning som går utover vanleg vedlikehald skal eigaren også søkje om dispensasjon frå fredinga. Retningslinjer for dispensasjonsbehandling etter kulturminneloven finn du her.

Fordelar ved unntak

Dei fleste verneverdige bygningar har likevel ikkje ein formell vernestatus. Kommunen skal vurdere kva fordelar ein oppnår ved å gi unntak frå eit teknisk krav. Unntak som sikrar bruk og ombruk av historiske bygningar, både med og utan formelt vern, vil vere ein fordel som kommunane skal leggje vekt på ved søknad om unntak.

Historiske bygningar er identitetsskapande og dei representerer ofte store kulturhistoriske verdiar. Dei fleste kommunar har definert sine verneverdige bygningar gjennom kulturmiljøplan og kommunal listeføring. Ved søknad om unntak på ein bygning som ikkje er nemnt i kulturmiljøplan eller på annan måte definert som verneverdig, står kommunen fritt til å gjere ei konkret vurdering av verneverdien.

Ein annan fordel er unntak som bidrar til at bygningar utan bruk blir tilpassa ny bruk i staden for å bli rivne, eller ståande til forfall. Ombruk av eksisterande bygningar (framfor riving og nybygg), vil og i mange tilfelle innebere ein klimamessig fordel og er eit viktig bidrag til omstilling frå ein lineær til ein sirkulær byggebransje.

I eksempelsamlinga til Riksantikvaren kan du finne døme på gode løysingar for tilpassing og endring av historiske bygningar og kulturmiljø. Eksempla er henta frå heile landet.

Forhold som kan redusere negative konsekvensar ved unntak

Kommunen skal leggje vekt på forhold som kan redusere negative konsekvensar ved at det blir gitt unntak. Det betyr at tiltakshavar kan foreslå kompenserande tiltak som vil forbetre standarden til bygningen, sjølv om ikkje krava i TEK17 blir oppfylte fullt ut. Til dømes vil etterisolering framleis forbetre energiytinga til ein bygning, sjølv om det ikkje oppfyller krava til energi i TEK17 kapittel 14.

I løyvet til unntak kan kommunane stille vilkår for å redusere ulemper eller skadeverknader som kan oppstå ved at dei gir unntak. Kommunen kan også stille vilkår som går utover dei kompenserande tiltaka som tiltakshavar sjølv har foreslått.

4Kva må ein søknad om unntak innehalde?

I ein søknad om unntak er det tiltakshavaren, eventuelt ein ansvarleg søkjar på vegner av tiltakshavaren, som har ansvar for å

  • tydeleggjere og definere omfanget av tiltaket som ein søkjer om
  • opplyse om kva tekniske krav som er relevante og
  • opplyse om kva for krav det er behov for å søkje unntak frå
  • greie ut for kor langt ein er frå å oppnå kravet
  • beskrive eventuelle kompenserande tiltak
  • grunngi og dokumentere at unntak vil vere forsvarleg ut frå tryggleik, helse og miljø

Kommunen skal leggje til grunn den informasjonen som kjem fram i søknaden, men kan be om supplerande dokumentasjon og vurderingar.

5Særlege unntaksmoglegheiter for historiske bygningar

I tillegg til generell unntaksmoglegheit i pbl. § 31-4, finst det nokre særlege unntaksmoglegheiter i TEK17 for kulturhistorisk verdifulle bygningar. Bakgrunnen for desse særføresegnene er at det ofte kan oppstå konflikt mellom å tilfredsstille krava og samtidig bevare kulturhistoriske verdiar på enkelte område.

Utsleppskrav til vedomnar

TEK17 § 9-10 andre ledd:
«Der eldre bevaringsverdig ildsted er nødvendig av hensyn til interiøret i kulturhistorisk, antikvarisk eller verneverdig bygning, kan bevaringsverdig ildsted likevel tas i bruk.»

Sjå nærare rettleiing frå DiBK: § 9-10. § 9-10. Utslippskrav til vedovner – Direktoratet for byggkvalitet (dibk.no)

Energikrav

TEK17 § 14-1 femte ledd: «Dersom kravene i dette kapitlet ikke kan forenes med bevaring av kulturminner og antikvariske verdier, gjelder kravene så langt de passer.»

Sjå nærare rettleiing frå DiBK: § 14-1. § 14-1. Generelle krav – Direktoratet for byggkvalitet (dibk.no)

Energikrav knytt til lafta ytterveggar

TEK17 § 14-5 fjerde ledd har særlege reglar for bygningar med lafta ytterveggar. Sjå tabell i forskrifta og nærare rettleiing på DiBK sine nettsider: : § 14-5. Unntak og krav til særskilte tiltak – Direktoratet for byggkvalitet (dibk.no)