1Omsynssone c) – vern av bygningar/bygningsmiljø
Det er viktig å merke seg at omsynssone c) ikkje i seg sjølv inneber eit vern, men at vernet blir sikra gjennom føresegnene. Dette gjeld også riving. Vil ein ha eit riveforbod, må dette seiast eksplisitt i føresegnene.
Eksisterande busetnad skal ikkje rivast. Heile miljøet innanfor omsynssona(ene) skal takast vare på.
Hovudbygningen skal takast vare på. Tilbygg mot sørvest (mot sjøen) kan rivast.
Det er ikkje tillate å rive bygningar merka av som verneverdige i omsynssona med mindre forfall/skade er dokumentert i eit slikt omfang at bygninga må reknast som tapt.
Ved riving av ein verneverdig bygning skal bygninga dokumenterast fagmessig ved oppmåling, foto og grundig skildring av konstruksjon, rominndeling og overflater. Ein kopi av rapporten skal sendast regional kulturmiljøforvalting.
Ved nybygg, påbygg og fasadeendring skal kommunen sjå til at bygningen tilpassast bygningsmiljøet i verneområdet. Før det blir tatt standpunkt i bygge- eller ombyggingssaker, skal dei sendast regional kulturmiljøforvalting for fråsegn.
Ved planlagde fasadeendringar skal originale/eldre bygningsdelar som taktekke, vindauge, dører, panel, listverk og andre detaljar takast vare på så langt det let seg gjere.
Dersom eldre bygningsdelar ikkje kan takast vare på, skal dei erstattast med kopiar av bygningsdelane som vert skifta ut.
Ved vedlikehald og utbetring skal kulturhistoriske og arkitektoniske verdiar som knyter seg til bygningane sitt ytre takast vare på. Takform, form og volum, proporsjonane i fasadane, material- og fargebruk, utforming av dører og vindauge og andre bygningsdetaljar skal takast vare på. Eldre, opphavlege bygningsdelar skal takast vare på i sin samanheng. Ved naudsynt utskifting skal ein brukesame type material som originalt.
Eksisterande bygning (ev. anlegg/annan konstruksjon) som er avmerkt med omsynssone på plankartet, skal ikkje rivast, fjernast eller flyttast. Bygningen skal takast vare på med eksteriør (ev. utvalde interiør med veggfast inventar som angitt på teikning xx) og bærande konstruksjonar. Eksisterande element skal ikkje rivast, fjernast eller endrast. Ved ueinigheit eller tvil om verneverdi og/eller tilstand skal det innhentast fråsegn frå regional kulturmiljøforvalting eller antikvarisk sakkunnig, etter avtale med regional kulturmiljøforvalting.
(Byantikvaren i Oslo, litt omarbeidd).
Eksteriør og hovudkonstruksjon skal haldast uendra eller førast tilbake til opphavleg / eldre utføring basert på dokumentasjon og kulturminnefagleg tilråding av regional kulturmiljøforvalting eller antikvarisk sakkunnig, etter avtale med regional kulturmiljøforvalting. Ved restaurering eller reparasjon av eksteriøret skal opphavlege/eldre materialar og element som vindauge, dører, taktekking m.m., takast vare på med si opphavlege plassering. Der verdifulle eldre element er tapt skal uttrykk med omsyn til utforming, materialbruk, fargar og utføring søkast tilbakeført til dokumentert tilstand.
(Byantikvaren i Oslo, litt omarbeidd)
Bygningane kan berre byggast om eller bli utbetra under forutsetning av at eksteriøret vert halde uendra eller ført tilbake til opphavleg utsjånad. Ved restaurering og/eller reparasjon av eksteriøret skal opphavlege materiale og element som vindauge, dører med meir forsøkt å bli tatt vare på slik det var. Det opphavlege eller karakteristiske uttrykket med omsyn til utforming, materialbruk, fargar og utføring skal takast vare på. Eksisterande element i bygningsmiljøet skal ikkje rivast eller fjernast med mindre fråvær av verneverdiar kan dokumenterast.
Hovudbygningen skal behalde sin ytre form, materialbruk og bygningsdetaljar. Interiør kan tilpassast ny bruk. Ved utvendig vedlikehald og eventuell utskifting av vindauge, dører, listverk og liknande skal ein ta vare på originale materialar, og elles søke å tilbakeføre til tidlegare dokumentert tilstand. Eventuelle endringar på hovudbygningen skal leggast fram for regional kulturmiljøforvalting til fråsegn før tiltaket kan utførast.
Dersom bygningar innanfor verneområdet ved brann eller anna uoppretteleg skade må erstattast av nybygg, kan kommunen gje løyve til at det vert oppført busetnad med same dimensjonar, høgder og formuttrykk som den bygning som vert erstatta.
(Frå Vest-Agder fylkeskommune)
Dersom verneverdig busetnad innanfor omsynssona får uopprettelege skader pga. brann, er det tillate å føre opp ny busetnad med same dimensjonar, areal, høgder, materialbruk og detaljar som opphavleg busetnad.
Ved brann eller anna uoppretteleg skade skal ny busetnad gjenoppbyggast som rekonstruksjonar på dokumentert grunnlag1.
1 Denne føresegna vil vanlegvis brukast for særleg verdifull busetnad.
Målsettinga med verneføremålet er å verne og opprette den antikvariske og kulturhistorisk verneverdige busetnaden med tilhøyrande anlegg, inkludert hagar, murer, trappeanlegg og så vidare, og heilskapen i det særprega bygningsmiljøet.
I området skal historiske bygningshøgder og gesimshøgder vere førande for dei planlagde nybygga. Karakteristiske volum med skala og proporsjonar til den historiske busetnaden, og plassering av bygningar skal førast vidare.
Busetnadsmønsteret med frittliggande lamellar skal oppretthaldast.
Busetnadsmønsteret med frittliggande punkthus tilbaketrekt frå vegen skal oppretthaldast.
Busetnadsmønsteret med frittliggande flåtehus skal oppretthaldast.
Bygningar som er angitt med tjukk strek for vern i plankartet blir ikkje tillate reve, fjerna eller flytta.
Den historiske fargepaletten skal førast vidare, eventuelt tilbakeførast på dokumentert grunnlag.
Det tillatast ikkje midlertidige tiltak innanfor omsynssona.
2Føresegner om hage eller anna utomhusanlegg eller uterom
Hageareal og verdifulle tre skal takast vare på.
Eksisterande utomhus- eller hageanlegg med gangvegar, terrasseringer, trapper og murer skal takast vare på eller tilbakeførast. Utbetring skal skje ved bruk av tradisjonelle material og teknikkar.
Gater, gardsrom og andre uterom skal oppretthalde sin hovudkarakter med form og bruk som sikrar dei som historieformidlande byrom i samspel med bygningsmassen på eigen eigedom. Eldre vegetasjon skal søkast bevart.
Eksisterande hage (ev. anna utomhusanlegg) som er merka av med omsynssone på plankartet skal takast vare på. Dette inkluderer terreng/landskapsomarbeiding med markdekke, vegetasjon, og andre element som trapper, murer, mindre bygg og andre utomhuselement. Alle tre med omkrins på stamma på over 40/50/60 cm, målt ein meter over bakken skal takast vare på, såframt ikkje sikkerheitsomsyn tilseier noko anna. Eksisterande element i omsynssona kan ikkje rivast, fjernast eller endrast. Ved ueinigheit eller tvil om verneverdi og/eller tilstand skal det innhentast uttale frå regional kulturmiljøforvalting eller antikvarisk sakkyndig, etter avtale med regional kulturmiljøforvalting.
(Byantikvaren i Oslo, litt omarbeidd)
Innanfor omsynssona må det ikkje settast i verk tiltak eller bruksendringar som kan forandre karakteren til området. Dette gjeld busetnad, anlegg og utviding av veg eller talet på parkeringsplassar, oppsetting av gjerder, skilt, støyskjermar, endring av større vegetasjonselement eller belegg, planering, utfylling og andre landskapsinngrep. Verneverdige tre og anna vegetasjon som døyr eller må fjernast på grunn av dokumentert dårleg tilstand skal erstattast av ny av tilsvarande type.
(Byantikvaren i Oslo)
3Møblering i by
Eksisterande element <gatemøblering, benkar, lysarmatur, installasjonar, fontener og andre konstruksjonar> som er karakteristiske for området skal takast vare på eller tilbakeførast. Utbetring skal skje ved bruk av tradisjonelle material og teknikkar.
Nye element <gatemøblering, benkar, lysarmatur, installasjonar, fontener og andre konstruksjonar> skal utformast i samsvar med historiske førebilete som samsvarar med den stadeigne karakteren til området.
Tekniske innretningar, også skilt og reklame, skal ha ei diskret utforming og ha ei plassering, materialbruk og fargeval som harmonerer med karakteren til området.
Eksisterande logoar og skilt av kulturhistorisk verdi skal sikrast. Nye skilt skal utformast med utgangspunkt i historia til området.
Karakteriserande element som <kaifronter, dokking, og kraner> skal takast vare på.
Eksisterande <gatebelegg, trapper, forstøttingsmurar , utomhus-/ hageanlegg/ gangvegar/ terrasseringer/ trapper/ murer osv.> og andre konstruksjonar som er karakteristiske for området skal takast vare på eller tilbakeførast. Utbetring skal skje ved bruk av tradisjonelle material og teknikkar.
Gatebelegg, gatemøblering og element som blir innført i området skal utformast [i samsvar med historisk førebilete] slik at dei/det samsvarar med den stadeigne karakteren til området.
Eksisterande logoar og skilt av kulturhistorisk verdi skal sikrast. Eventuelle nye skilt skal utformast med utgangspunkt i historia til området.
Hagar/verdifulle tre skal takast vare på.
4Føresegner om interiør
Verneverdige interiør (spesifiser eller vis til teikningar) skal takast vare på i sin heilskap utan tillegg eller endringar. Forandring av overflater eller anna arbeid ut over vanleg vedlikehald i desse interiøra er ikkje tillate. Etasjeskilje og rominndeling skal takast vare på.
Interiøret i delar av eksisterande bygning skal takast vare på, eller tilbakeførast til opphavleg utføring. Aktuelle rom for vern er vist på planteikning. Alle tiltak i romma som medfører endring av originale bygningsdelar, fast innreiing eller overflater er søknadspliktige. Ved søknad skal det leggast ved ei utgreiing for alle eksisterande element og overflater i det aktuelle rommet, og kva for endringar som det blir søkt om.
Verneverdig interiør som er regulert med omsynssone – vern av kulturmiljø, jf. teikningsskjema 1- 18, datert 13.4.2011, skal takast vare på, når det gjeld romstruktur og element som dører, veggpanel, stukkatur og listverk. Samanhengande romstruktur angitt med omsynssone skal leggast til same leilegheit ved utforming av ny leilegheitsstruktur. Vertikale installasjonar/element, som heis, trapperom og større VVS-sjakter, skal plasserast utanfor rom regulert til omsynssone.
(Frå utkast til reguleringsplan for Victoria terrasse, Oslo)
5Føresegner til listeført kyrkje
XX kyrkje er ei listeført kyrkje. Ved vedlikehald og utbetringar skal fasadeuttrykk og konstruksjon takast vare på. Fasadeelement som vindauge, dører, kledning, taktekking, og overflatehandsaming skal takast vare på. Ved naudsynt utskifting ein bruke same type materialar som originalt. Alle tiltak på listeført kyrkje skal leggast fram for biskopen som sender saka vidare til Riksantikvaren for vurdering, jf. Forskrift om forvaltning av kulturhistorisk verdifulle kirker (kirkebyggforskriften).
Ved all planlegging av tiltak i kyrkja sine nære omgjevnadar skal det takast omsyn til kyrkja si plassering og verknad i landskapet. Alle søknadar om tiltak ved listeført kyrkje skal leggast fram for biskopen som sender saka vidare til fylkeskommunen/ Sametinget for vurdering, jf. Rundskriv om forvaltning av kirke, gravplass og kirkens omgivelser som kulturminner og kulturmiljøer (Rundskriv Q-06/2020).
6Omsynssone d) Føresegner til forskriftsfreda område
Omsynssone XX (sett inn evt. namn på dei einskilde omsynssonene) omfattar forskriftsfreda anlegg som forvaltast i medhald av forskriftene FOR-2000-10-18-1048 Forskrift om fredning av delar av Karljohansvern festning, Borre kommune, Vestfold» og «FOR-2006-05-31-588 – Forskrift om fredning av bygningar og anlegg i Verneplan for Karljohansvern Orlogsstasjon, Horten kommune, Vestfold. (Her er Karljohansvern brukt som eksempel.)
For andre føresegner til vedtaksfreda bygningar kan ein ta utgangspunkt i føresegnene i rettleiaren om generelle føresegner til arealdelen til kommuneplanen.
7Omsynssone c) med blanda innhald av kulturminne i LNFR-område eller grønstruktur
I omsynssona skal tiltak og aktivitetar utførast med omsyn til kulturminna, nyare tids spor etter bygningar og landbruksdrift, og på ein slik måte at det heilskaplege kulturmiljøet blir tatt vare på.
Merknad: Føresegna over er ganske generell, og må utdjupast etter behov, til dømes ved å gje føresegner til dei einskilde tiltaka som føremålet og omsynssona opnar for.
Kulturmiljøet merkt som omsynssone skal takast vare på. Det inneber at karakteristiske eldre trekk som busetnad, gatedekke, landskapsform, vegetasjon og menneskeskapte landskapselement ikkje kan fjernast eller endrast. Mindre endringar kan det unntaksvis bli gjeve løyve til dersom det ikkje går ut over kulturhistoriske og estetiske verdiar. Innanfor omsynssona må det ikkje settast i verk tiltak eller bruksendringar som kan forandre karakteren til området. Dette gjeld busetnad, anlegg og utviding av veg eller talet på parkeringsplassar, oppsetting av gjerder, skilt, støyskjermar, endring av større vegetasjonselement eller belegg, planering, utfylling og andre landskapsinngrep.
(Byantikvaren i Oslo)