– Verdsarv er stader og område som er umisselege, og noko av det viktigaste vi gjer er å spreie kunnskap om desse eineståande stadene, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Målet er at utstillinga «Vår verdsarv» skal stå på alle norske verdsarvstader, og det er utstillinga som tilhøyrer Røros bergstad og Circumferensen som no opnar på Maihaugen.
Innlandet og Trøndelag deler verdsarv
Utstillinga «Vår verdsarv» formidlar dei åtte norske verdsarvområda, og besøkjande får bli med ut på ei storslått reise til den viktigaste natur- og kulturområda i verda. Verdsarvområdet Røros bergstad og Circumferensen ligg både i Innlandet og Trøndelag fylke:
– 333 års bergverksdrift på Rørosvidda skapte rikdom for eigarar og staten, eit levebrød for arbeidarar og verdsarv for ettertida, seier assisterande riksantikvar Audun Skeidsvoll.
– Med utstillinga håpar vi at endå fleire blir merksam på dei unike verdiane som Noregs verdsarvstader kan by på.
Utstillinga på Maihaugen er eit samarbeid mellom Riksantikvaren, Stiftelsen Lillehammer museum og Mist Rørosmuseet. På Røros kan ein besøkje utstillinga utandørs.
– Utstillinga «Vår verdsarv» vil bli presentert i den noregshistoriske utstillinga vår «Langsamt vart landet vårt eige». Verdsarv-utstillinga vil då gi eit svært verdifullt supplement til denne viktige utstillinga midt i hovudbygningen på Maihaugen, seier direktør for Stiftelsen Lillehammer museum, Audun Eckhoff.
I 1980 vart bergstaden Røros skriven inn på verdsarvlista, og i 2010 vart verdsarvområdet utvida til også å omfatte delar av området rundt, den såkalla Circumferensen.
– Eg er glad for at det gode samarbeidet med Riksantikvaren og Maihaugen har gjort det mogleg å realisere denne utstillinga, seier museumsdirektør Runa Finborud på Mist Rørosmuseet.
I Noreg er det Riksantikvaren og Miljødirektoratet som har ansvaret for oppfølginga av konvensjonen. Stiftinga Noregs Verdensarv har bidrege i arbeidet med konsept for utstillinga.
Fakta om verdsarven i Noreg
Noreg har åtte verdsarvområde på Unescos prestisjetunge liste:
Sjå utstillinga på Maihaugen
Finn ut meir om museet på Lillehammer

Fredning av MS Salten på høring i Nordland
Nordland fylkeskommune sendte fredningsforslag av MS Salten på høring. Nå nærmer fristen seg: Du kan si din mening til fylket innen 15. oktober.

Ekstremvêret Amy truar 75 viktige område med mange kulturminne
– Ekstremvêret kan treffe kulturarven vår midtskips. Liv og helse er alltid viktigast, men Agder, Vestfold og Telemark er også område med rike kulturmiljø, seier riksantikvar Hanna Geiran.

15 landskap i Nordland med i nasjonal oversikt
No er Nordland fylke med i Riksantikvarens oversikt over kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse.