– Kulturminne og kulturmiljø er ikkje godt nok integrert i den nasjonale beredskapen. Det bøtar vi på no, seier riksantikvar Hanna Geiran.
– Målsettinga er å minske øydelegging og å hindre tap av kulturarv ved ekstreme hendingar som naturkatastrofar eller samfunnskrisar, seier riksantikvar Hanna Geiran.
Rettleiaren er laga i tett samarbeid med fleire kommunar i ulike delar av landet. Sunndal, Lillehammer, Lom og Skjåk, og Oslo har bidratt i arbeidet med å teste den ut . Den er testa i fleire ulike typar kulturmiljø, blant anna i freda bygnadsmiljø, vassvegar, mellomalderkyrkjegard, i ein militærleir og i tette trehusmiljø.
– Verda er meir ustabil, og vi må ta inn over oss at kulturarven vår er utsett. Om vi taper kulturminne, tapar vi samstundes noko av vår felles historie og viktige ankerfeste, seier riksantikvar Hanna Geiran.
Totalberedskap – Kulturarv inn i lokale planar
10. januar i år la regjeringa fram stortingsmeldinga for totalberedskap «Forberedt på krise og krig» Meld. St. 9 (2024-25). Der kjem det tydeleg fram at kulturarven skal takast i vare når beredskapspolitikken i Noreg skal meislast ut for dei neste åra. Då vil denne rettleiaren vere eit nyttig verktøy for kommunar, fylkeskommunar og eigarar av kulturmiljø.
– Konsekvensar av klimaendringar, krig og væpna konflikt kjem stadig nærare, og vi må vere førebudde på at Noreg også kan verte ramma, seier Geiran.
Rettleiaren følger norsk standard for krav til risikovurdering, og legg seg tett opptil Direktoratet for sikkerheit og beredskap (DSB) sine malar for utføring av risiko- og sårbarheitsanalysar. Det er gjort for at tiltak for kulturmiljø skal vere enklare å integrere i kommunale beredskapsplanar som allereie er laga.
Kommunane står ovanfor eit stort og komplekst arbeid med beredskap. Difor er det viktig at ein nyttar seg av eit så likt system som mogleg, slik at beredskapen blir mest mogleg sameint.
– Når verdsarven i Syria og Ukraina blir utsett for målretta angrep, og vi ser reaksjonane når kjende og kjære kulturminne som Notre-Dame og Børsen stå i flammar, så står det klart for oss at vi må ha nasjonal beredskap for vår eigen historie, seier Geiran.
Pressevakt Riksantikvaren
Ikke send sms, telefonen viderekobles.Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153

Fredning av MS Salten på høring i Nordland
Nordland fylkeskommune sendte fredningsforslag av MS Salten på høring. Nå nærmer fristen seg: Du kan si din mening til fylket innen 15. oktober.

Ekstremvêret Amy truar 75 viktige område med mange kulturminne
– Ekstremvêret kan treffe kulturarven vår midtskips. Liv og helse er alltid viktigast, men Agder, Vestfold og Telemark er også område med rike kulturmiljø, seier riksantikvar Hanna Geiran.

15 landskap i Nordland med i nasjonal oversikt
No er Nordland fylke med i Riksantikvarens oversikt over kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse.