Nyheter

400 000 kroner til den Trondhjemske postvegen

Dei gamle postvegane knyt Noreg saman. No løyver Riksantikvaren 400 000 til eit prosjekt som skal løfte den Trondhjemske postvegen fram i ljoset.

Publisert: 11. april 2024

Postvegen får verdiskapingsmidlar.
Den Trondhjemske postvegen. Postvegen bann Bergen og Trondheim saman, her frå Møre og Romsdal. Foto: André Ormset.

– Postvegen er eit fantastisk kulturminne, seier assisterande riksantikvar Audun Skeisvoll. – Dette er eit viktig stykke norsk samferdslehistorie. Vegen syner kor viktig det var å sikre postgangen, og vegnettet gjorde det enklare for folk flest å reise landevegen frå Bergen til Trondheim. Vi støttar prosjektet fordi det er ein viktig del av kulturarven vår.

Den Trondhjemske postvegen knytte Bergen og Trondheim saman til lands. Ideen om vegen kom i 1768, då Nicolai Frederich Krogh vart generalvegmester nordafjells. Sjølv om mange meinte dette var ein god idé, vart ikkje vegen ferdig før utpå 1780-talet. Det var eit stort arbeid, og det vart bygd over 50 bruer, mange spektakulært tørrmurt i  stein, for å få folk og post trygt og kjapt fram.

Prosjektet for å løfte fram postvegen er eit samarbeid mellom fylkeskommunane Møre og Romsdal, Vestland, Trøndelag og Statens vegvesen. Prosjektet skal synleggjere postvegen som ressurs, og utvikle historieforteljing og marknadsføring av postvegen. Dette gjer dei gjennom nettstaden www.postvei.no, samt at dei skapar eit nettverk for utvikling av postvegen. I tillegg skal dei auke kunnskapen om tørrmuring, som trengs til restaureringa av vegen.

Postvegen er eit godt verdiskapingsprosjekt

Samarbeidet skal bidra til samordna forvalting av postvegen og betre koordinering av lokale og regionale planar knytt til reiseliv, folkehelse og utvikling.

– Først og fremst skal prosjektet utviklast med og for lokalsamfunna langs vegen, slik at postvegen som eit viktig kulturminne kjem lokalbefolkninga til gode, seier Skeidsvoll. – Vi meiner at postvegprosjektet er eit prakteksempel på god verdiskaping i samarbeidet mellom offentleg sektor, næring, organisasjonar og innbyggjarar, seier Skeidsvoll.

Tidlegare år har prosjektet fått løyva 900 000 kroner frå Riksantikvaren. Les meir om verdiskaping på nettstaden vår.

Postvegen utanfor Bergen. Då postvegen kom, var det ein stor forbetring for samferdsel. Foto: Geir Tvedt/Riksantikvaren.

Pressekontakt

Send e-post til kom@ra.no 
Ring pressetlf 404 65 153.