Høringer og kunngjøringer

Nasjonalt viktige stader i Vestfold på høyring: Sjå lista

Riksantikvaren og Vestfold fylkeskommune sender ei ny oversikt over 41 kulturmiljø i byar, bygder og landskap på høyring.

Publisert: 30. oktober 2025 | Endret: 29. oktober 2025

Borreparken i Vestfold: En gruppe mennesker sitter under trærne.
Borreparken: en åpen skog med monumentale gravminner Foto: Trude Aga Brun/ Vestfold fylkeskommune.

Den nye oversikta peiker ut nasjonalt viktige kulturmiljø og landskap i heile Vestfold, og er basert på en ny fagrapport frå Vestfold fylkeskommune.

Målet er ei oversikt som skal syne mangfaldet av kulturmiljø i by, bygd og landskap i fylket. Oversikta skal først og fremst vere eit kunnskapsgrunnlag for forvaltinga i kommunane og hjå andre styresmakter. Den er ikkje ein verneplan, og områda vert ikkje freda.

– Vi vil gjerne ha tilbakemeldingar på forslaget, seier rådgjevar Thea Wikander.
– Er det nok vi har gløymd, eller har du faktaopplysningar som du meiner er viktige for oversikta? Da vil vi gjerne høyre frå deg!

Du finn rapporten her. 

Høyringsfrist er 15.02.26.Du kan seie meininga di ved å sende ein e-post til Riksantikvaren på postmottak@ra.no. Merk innspelet med Kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse Vestfold.

 

Sjå oversikta her:

Holmestrand kommune:

  • Eidsfoss
  • Vålegrenda
  • Kirkegaten og Nordre Kleiv

Horten kommune:

  • Karljohansvern
  • Keisemark
  • Storgata
  • Borre
  • Åsgårdstrand

Tønsberg kommune:

  • Jernalderbygd med setre rundt Revovannet
  • Oseberghaugen og Slagendalen
  • Jarlsberg hovedgård
  • Slottsfjellet og Tønsberg middelalderby
  • Nordbyen
  • Fjerdingen
  • Gamle Tønsberg sentrum
  • Haugarlia

Færder kommune:

  • Færder nasjonalpark

Sandefjord kommune:

  • Høyjord
  • Håøya og Sundåsen,
  • Gokstad
  • Nybyen
  • Murbyen i Sandefjord sentrum
  • Rukla
  • Bjerggata og Preståsen
  • Hystadveien
  • Parken
  • Jåberg,  Istrehågan, Marumdalen, Haugen og Vestad

Larvik kommune:

  • Bøkeskogen
  • Hammerdalen
  • Langestrand
  • Storgaten, Steinane og Bøkkerfjellet
  • Herregården og Tollerodden
  • Torstrand
  • Vikingstidsbyen Kaupang
  • Kjerringvik
  • Ula
  • Brunlanes
  • Stavern
  • Nevlunghavn
  • Mølen
  • Oddane fort
Eidsfoss: På Eidsfoss lå det et jernverk, og her ser vi arbeiderboliger. Foto: Rune Nordseter/ Vestfold fylkeskommune.

Frist for innspel 15. februar 2026

Sjå rapporten i vårt Vitenarkiv.

Maleriet Soria Moria av Teodor Kittelsen.

Askeladden i ny drakt

Kulturminne- og kulturmiljødatabasen Askeladden skal bli ny. No kan du teste første versjon!