For 2020 har det kome inn søknadar frå 127 fartøy, syv SAVOS-fylker, tre SAVOS-kommunar, Norsk Forening for Fartøyvern og Norsk Industreiarbeidermuseum på til saman nesten 273 millioner kroner. Riksantikvaren hadde rundt 63 millionar kroner til fordeling, som dekker omtrent 23 % av den samla søknadssummen.
− Det vert lagd ned mange arbeidstimar i fartøyvernet. Fartøya må opplevast i drift. På den måten kan vi forstå dei sterke kysttradisjonane våre. Tilskota er staten sitt bidrag, men desse fartøya hadde ikkje vore på sjøen utan dei frivillige, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.
Det er i dag om lag 250 historiske fartøy på Riksantikvarens verneliste. 14 av fartøya er freda, dei andre har status som verna skip. Fleire tusen frivillige langs heile kysten, ved elvar og innsjøar i innlandet legg årleg ned langt over 130.000 dugnadstimar til arbeid med fartøyvern.
− Fartøya er norsk samferdslehistorie. Dei har frakta både folk og handelsvarar til alle tider. Dette er kulturminne som veldig mange av oss har eit sterkt og nært forhold til, seier riksantikvar Hanna Geiran.
Riksantikvaren har i år prioritert vidareføring av istandsettingar som er i gang og fartøy som nærmar seg ferdigstilling av større restaureringar.
Tilskot og korona
Tiltak mot spreiing av koronasmitte gjer at flere tilskotssmottakarar kan møte på problem med å få satt vedlikehalds- og istandsettingstiltak ut i livet til planlagt tid.
− Vi oppmodar tilskotssmottakarar til å ta kontakt med sine lokale handverks- og fagmiljø, for å avtale nærare kva for arbeid som kan utførast, seier riksantikvar Hanna Geiran.
Nokre tiltak kan kanskje utførast no, medan mykje må vente til kvardagen vender attende til det normale. Det er nyttig for lokale verksemder å kunne legge planar for oppdrag lenger fram i tid.
− Vi hjå Riksantikvaren høyrer gjerne frå tilskotssmottakarane når dei utover våren får meir oversikt over kva for problem dei støyter på. Både med tanke på tilgang til gode fagressursar, og dersom det vert problem med å bruke tilskota i 2020, sier riksantikvar Hanna Geiran.
Brandbu
Brandbu er bygd i 1907 og er det einaste gjenverande lastefartøy bygd for å gå i ferskvatn. I 2013 fekk Brandbu status som verna skip, og sidan har det pågått arbeid med istandsetting med hjelp frå museet, og lokale frivillige. Nødvendige skrogreparasjonar er utført av Bredalsholmen Dokk og Fartøyvernsenter, og i 2019 var storparten av desse restaureringsarbeidene ferdig. No arbeidast det blant anna med ferdigstilling av innreiing. Riksantikvaren ønskjer med tilskotet for 2020 å bidra til at Brandbu ferdigstillast, og igjen kan seile på Randsfjorden som eit regionalt viktig kulturminne.
Sjå oversikt over tilskot lenger ned på sida. Tabellen visar både tilsagn (gitt i 2019) og tilskot for 2020:
Oversikt over fordelingen til fartøyvern 2020
Tabellen inkluderer tilskudd og tilsagn for 2019
Tilskot til organisasjonar i 2020 | |
Namn og føremål | Tilskot |
Norsk Forening for Fartøyvern | 2 020 000 |
Forbundet Kysten | 125 000 |
Norsk Industriarbeidermuseum – Rjukanbanen FDV | 2 062 257 |
SAVOS 2020 RA bidrag til SAVOS kr 7 543 000 SAVOS-bidrag inkl. Fylkene/kommunene kr 15 086 000 |
|
Fylke/Kommune | Tilskot |
Trøndelag | 1 950 000 |
Møre og Romsdal | 500 000 |
Vestland | 1 800 000 |
Rogaland | 950 000 |
Agder | 900 000 |
Viken | 154 000 |
Innland | 585 000 |
Hammerfest kommune | 250 000 |
Bremanger kommune | 60 000 |
Bergen kommune | 394 000 |
TROMS OG FINNMARK Søknad kr 29 084 444 Tilskot kr 5 781 228 |
|
Fartøy | Tilskudd |
Grytøy | 3 250 000 |
Havgutten | 118 000 |
Svenja | 2 413 228 |
NORDLAND Søknad kr 14 163 590 Tilskudd kr 1 180 000 |
|
Navn | Tilskudd |
Anne Bro | 1 000 000 |
Gamle Lofotferga | 180 000 |
TRØNDELAG Søknad kr 7 509 332 Tilskot kr 2 001 244 |
|
Fartøy | Tilskot |
Hansteen | 9 244 |
Tampen I | 57 000 |
Stoksundferga | 1 750 000 |
Hermes | 70 000 |
Sørhavn | 115 000 |
MØRE OG ROMSDAL Søknad kr 21 274 951 Tilskot kr 3 223 400 |
|
Fartøy | Tilskot |
Bilfergen | 73 400 |
Polarstar | 1 000 000 |
Tafjord | 2 150 000 |
VESTLAND Søknad kr 72 915 853 Tilskot kr 14 531 546 |
|
Fartøy | Tilskot |
Eitrheim | 7 500 |
Folgefonn | 4 352 241 |
Granvin | 1 925 790 |
Nordstjernen | 1 600 000 |
Reidulf II | 70 000 |
Skånevik | 357 375 |
Stangfjord | 405 000 |
Vestgar | 2 656 500 |
Solundir | 80 000 |
Stavenes | 2 770 170 |
Stord I | 106 970 |
Bjørn (Sjødampsprøyte I) | 400 000 |
ROGALAND Søknad kr 37 314 652 Tilskot kr 14 011 084 |
|
Fartøy | Tilskot |
Fremad II | 6 161 204 |
Jøsenfjord | 5 850 000 |
Riskafjord | 410 000 |
Rogaland | 1 589 000 |
VESTFOLD OG TELEMARK Søknad kr 25 735 800 Tilskot kr 7 108 131 |
|
Fartøy | Tilskot |
Ammonia | 2 000 000 |
Storegut | 2 454 674 |
Norsk Industriarbeidermuseum – Rjukanbanen FDV | 2 062 257 |
Gamle Kragerø | 91 200 |
Jærbuen II | 500 000 |
VIKEN Søknad kr 14 927 453 Tilskot kr 2 231 187 |
|
Fartøy | Tilskot |
Greven | 50 000 |
Hvaler | 681 388 |
Jelse | 1 499 799 |
OSLO Søknad kr 14 955 914 Tilskot kr 1 582 000 |
|
Fartøy | Tilskot |
Børøysund | 800 000 |
Sjøbad II | 782 000 |
INNLANDET Søknad kr 14 955 914 Tilskot kr 1 405 000 |
|
Fartøy | Tilskot |
Brandbu | 300 000 |
Skibladner | 1 105 000 |
Pressevakt Riksantikvaren
Ikke send sms, telefonen viderekobles.Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153