Nyheter

Berre 60 år gammal, men no blant Noregs viktigaste kyrkjer

No sett Riksantikvaren Steinkjer kyrkje på lista over kulturhistorisk viktige kyrkjer i Noreg. For første gang på 26 år kjem det ei ny kyrkje inn på lista. 

Publisert: 17. august 2026 | Endret: 14. august 2026

Steinkjer kirke, en moderne hvit kirke, har en symmetrisk fasade, vertikale vindusspalter og en grønn inngangsdør, som skiller seg ut mot den klare blå himmelen.
Steinkjer kirke: kommer på nasjonal liste. Foto: Jiri Havran.

Steinkjerkyrkja er ei modernistisk kyrkje frå 1965, og er utsmykka av kunstnaren Jakob Weidemann.

– Kyrkja er eit smykke som no får ein fortent plass på den prestisjetunge kyrkjelista, seier riksantikvar Hanna Geiran.

– Den er eit framifrå døme på etterkrigstidas kyrkjearkitektur, med ein heilt sentral plassering på torget i ein gjenreisingsby av nasjonal verdi.

Får nasjonalt vern på kyrkjelista

På 1990-talet starta arbeidet med å setje kulturhistorisk viktige kyrkjer inn på ei nasjonal liste. Dette var for å gje dei viktigaste kyrkjene eit vern mot riving og større endringar, for å ta vare på dei kulturhistoriske verdiane for framtida. Ei listeført kyrkje skal handsamast som om ho var freda.

– Steinkjer kyrkje er gudshus og helligstad i Steinkjer, og eit bygg midt i byen som med sin monumentalitet opnar opp rommet for noko meir, seier biskop i Nidaros, Herborg Oline Finnset.

– Det er viktig og riktig at Steinkjer kirke no tas inn på Riksantikvarens liste over særleg verneverdige kyrkjer.

Dramatisk krigshistorie

Det er ei dramatisk historie bak den kyrkja vi kan sjå i dag. Den førre kyrkja på staden vart øydelagt av bomber i april 1940, saman med resten av byen.

– Steinkjer kyrkje har ein svært viktig rolle og funksjon for oss i Steinkjer, seier ordfører Gunnar Thorsen.
– Kyrkja er plassert sentralt på Steinkjer torg, og er eit naturleg samlingspunkt for oss alle i alle livsfasar. Steinkjer kyrkje har også ein stor kulturell verdi for oss i Steinkjer med Jakob Weidemanns kunst, og blir også nytta til konsertar og andre arrangement igjennom heile året. Den er ein av dei viktigaste identitetsberarane for kommunen vår, og vi er svært glade for at kyrkja vår no skal listeførast.

Liknar på Nidarosdomen

Sjøl om kyrkja er nyare så liknar ho også på tidlegare tiders kyrkjearkitektur:

– Mange tykkjer at den breie og store frontveggen minner om vestfronten på Nidarosdomen. Slik møter ein både gamal og ny tid i Steinkjer, seier Geiran.

Saman med det høge, frittståande klokketårnet, gjer kyrkja eit verdig og imponerande inntrykk. Bak frontveggen er sjølve kyrkja forma som ei kyrkjeklokke. Arkitekten bak bygningen var Olav S. Platou.

Steinkjer-kunstnaren Jakob Weidemann har teikna dei fleste glasmaleria og alterbildet, og han er rekna som ein av de viktigaste kunstnarane i norsk modernisme. Kunstverka gjer kyrkja eit unikt særpreg, og passar inn i det arkitektoniske uttrykket.

Fakta om kyrkjelista

Ei listeført kyrkje er verneverdig og har nasjonal verdi. Kyrkjene er vald ut etter kriteria som arkitektonisk og kunstnarisk verdi, kor representative og autentiske dei er, plassering og interiør. De kyrkjene som har fått plass på lista, kan få tilskot frå det statlege Kyrkjebevaringsfondet.

  • Alle kyrkjer bygd mellom 1650 og 1850 er listeført.
  • Mange kyrkjer bygd etter 1850 er også listeført.
Interiøret i en moderne kirke med hvelvet tak i tre, rekker med kirkebenker, hvite søyler, glassmalerier og et krusifiks ved alteret foran.
Kunst: Det var Jakob Weidemann som stod bak kirkekunsten i Steinkjer.
Foto: Jiri Havran/ Riksantikvaren.
Interiøret i en moderne kirke med tretak, benkerader, flislagt gulv, hengende lamper og et stort pipeorgel foran i kirken.
Forma som ei kyrkjeklokke: Bak den monumentale fasaden er kyrkja forma som ei klokke.
Foto: Jiri Havran/ Riksantikvaren.
Et par forvitrede grønne metalldører med håndtak i bronse, med de greske bokstavene Alfa på venstre dør og Omega på høyre dør.
Mektige dører: Detalj frå dørane.
Foto: Jiri Havran/ Riksantikvaren.
En moderne hvit kirke med et høyt, rektangulært klokketårn står ved siden av en firkantet hovedbygning på et asfaltert torg under en klar, blå himmel.
Med klokketårn: Tårnet vert også listeført.
Foto: Jiri Havran/ Riksantikvaren.
Et kirkealter med et krusifiks, seks stearinlys, glassmalerier på begge sider og et abstrakt veggmaleri over korset. Scenen er opplyst av varmt og blått lys.
Krusifiks.
Foto: Jiri Havran/ Riksantikvaren.