M/S «Vestgar» freda
M/S «Vestgar» frå 1957 er vårt mest intakte fartøy av sjøbusstypen, og trafikkerte last- og passasjerruta mellom Øygarden og Bergen. No er fartøyet blitt freda av Riksantikvaren.
M/S «Vestgar» var ein av dei mange «sjøbussane» som fornya ruteskipsflåten etter krigen, då motorskipa avløyste dampskipa. I dei nye båtane tok dieselmaskina mindre plass og gjorde det mogleg å ha store lyse salongar med seterader langs store glas i overbygget. No vart det slutt på å stue ferdafolket saman i små mørke salongar under dekk. Dette var mange stader siste generasjon sjøtransport før vegane tok over som hovudferdselsåre.
Historikk
M/S «Vestgar» vart levert frå P. Høivolds Mek. Verkstad i Kristiansand i 1957 til Øygardsbåtane L/L. «Vestgar» gjekk frå Bergen til Norøysund, siste utpost nord i Øygarden kommune. I 1979 vart fartøyet seld til Pinsemenigheten Filadelfia i Oslo og vart misjonsskip under namnet «Fredsbudet». I 2007 vart selskapet Øygardsbåtane reetablert og Vestgar kjøpt tilbake til fartsområdet som veteranskip. Mange frivillige har i åra etter lagt ned eit stort arbeid med restaureringRestaurering: Restaurering betyr å helt eller delvis tilbakeføre en bygning eller gjenstand til en tidligere tilstand. Ved restaurering må man velge hvilket tidspunkt kulturminnet skal tilbakeføres til. Det kan være slik det var da det ble laget eller oppført, slik det var på et senere tidspunkt eller en kombinasjon av ulike stadier. av skipet, og oppnådde i 2012 å få attende passasjersertifikatet. «Vestgar» vart tildelt status som verna skip i 2008, og skal gjennomgå ei restaureringRestaurering: Restaurering betyr å helt eller delvis tilbakeføre en bygning eller gjenstand til en tidligere tilstand. Ved restaurering må man velge hvilket tidspunkt kulturminnet skal tilbakeføres til. Det kan være slik det var da det ble laget eller oppført, slik det var på et senere tidspunkt eller en kombinasjon av ulike stadier. tilbake til slik skipet var i perioden då det var i drift.
Freding av fartøy
Riksantikvaren kartlegger dei sentrale skipstypane for å kunne frede utvalde fartøy. I perioden 2011-2013 har vi kartlagt passasjerskip. Kategorien omfattar alt frå små hamneferjer via mindre båtar i mjølkeruter til havgåande skip. Frå før har Riksantikvaren freda to passasjerskip: Innlandsskipet D/S «Skibladner» (1856) vart freda i 2006, og hurtigruteskipet M/S «Nordstjernen» (1956) vart freda i 2012. Fredinga skal ikkje vere til hinder for vidare drift av fartøya.
-
Fredningsår
18.01.2014
-
Region
Vestland
-
Eierskap
Offentlig
-
Datering
1957
-
Enkeltminne
Fartøy: Lokalrutebåt
