Sjøholt hotell
Sjøholt hotell i sveitserstil med si ruvande fasade med glaskledde verandaer, er eit velkjent landemerke langs hovedvegen mellom Vestnes og Ålesund.
Hotellet ligg i sentrum av bygda Sjøholt og er eit minnesmerke over ei tid då bygda var eit viktig trafikk-knutepunkt i Møre og Romsdal.
Om kulturminnet
Sjøholt hotell er eit viktig kulturminne frå tidleg 1900-tal, både som enkeltståande bygning og som eit eksempel på ferdighusproduksjon. Hotellet er òg eit godt eksempel på den turismen som vaks fram i fylket og i Noreg på den tida.
Sjøholt hotell vart oppført som turisthotell i 1903-04. Hotellet er i tre etasjar med loft og med ein bakanforliggande fløy på kvar side av bygningskroppen

Bygninga er kledd med liggande, kvitmåla panel med grønt listverk. Taket er tekt med lappskifer.
Korkje interiøret eller eksteriøret har vore vesentleg endra sidan tidleg på 1900-talet.
Hotellet representerer tradisjonen med overnattingsstader og skyss-stasjonar på Sjøholt frå midten av 1800-talet.
Då vegen over Ørskogfjellet vart opna i 1835, vart Sjøholt sentrum for gjennomgangstrafikken nord- og sørover så vel som inn til Sunnmørsfjordane, og slik ein naturleg stoppestad for trafikken gjennom fylket.
Omfanget av fredinga
Fredinga etter §15 i Kulturminnelova omfattar hotellet med eksteriør og konstruksjon, og i tillegg interiør i andre og tredje etasje.
Formålet med fredinga
Formålet med fredinga etter kml §15 å bevare Sjøholt hotell som eit arkitektonisk, stilhistorisk og kulturhistorisk viktig døme på eit ferdigprodusert turisthotell i sveitserstil frå tidleg på 1900-talet.
Formålet med fredinga etter §19 i Kulturminnelova er å bevare både kulturminnet og miljøet rundt ved å sikre eit opent areal rundt hotellet.
Les meir om omfang av og formål med fredinga i fredingsbrevet.