Søndre Aaset i Åmot er freda
Søndre Aaset har ei lang historie som betydeleg skog- og jordbrukseigedom. No er anlegget i Hedmark freda av Riksantikvaren.
Tunet på Søndre Aaset ligg i skrånande terreng ned mot elvene Åsta i sør og Glomma i aust. Bygningsmiljøet har høg kulturhistorisk og arkitektonisk verdi.
Søndre Aaset er eit spesielt flott og godt bevart storgardsanlegg, bygd opp på skogdrift i fleire periodar med høgkonjunktur. Anlegget fortel om skogbruksverksemd og storgardsmiljø i Midt- og Sør-Østerdalen.
Fredinga omfattar den gamle hovudbygningen frå 1800-talet, den store loftsbygningen frå 1700-talet, og stabburet i tre etasjar. Interiøret i dei freda bygningane er usedvanleg rikt og lite endra etter ca. 1850. Eit område rundt vert òg freda for å bevare tunordninga og verknaden av storgardsmiljøet i det opne jordbrukslandskapet.
Historikk
I skriftlige kjelder kan ein følgje Søndre Aaset attende til skattemanntalet «Gjengjerden» frå 1528. Korporal, seinare kaptein, Knut Jensen Hals kjøpte sjølveigarparten av eigedommen i 1681. Sonen Jens Knutsen Hals kjøpte den parten som inntil då hadde vore i offentleg eige i 1734. Eigedommen har seinare vore drive av etterslekta hans, og er framleis i drift i dag.
Kart
-
Fredningsår
31.01.2014
-
Region
Innlandet
-
Eierskap
Privat
-
Datering
1800 tallet
-
Enkeltminne
Bygning: Hovedbygning