Høringer og kunngjøringer

Høyring: forslag til Riksantikvarens Handverksstrategi

Riksantikvaren sender no ut eit forslag til ein Handverksstrategi for å få innspel. Fristen for å sende inn innspel er den 14. juni 2024.

Publisert: 30. april 2024 | Endret: 3. mai 2024

Handverksstrategi på høyring Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Riksantikvarens sender no sin nye handverksstrategi på høyring. – Innspel er heilt naudsynt for at strategien skal bli eit godt verktøy, seier avdelingsdirektør Turid Kolstadløkken.

Strategien skal bidra til at eigarar og forvaltarar av freda og verneverdige bygningar, anlegg og fartøy har tilstrekkeleg og stabil tilgang på handverkarar med relevant kompetanse.

– No skal handverket løftast opp og fram, seier Turid Kolstadløkken, avdelingsleiar i Kulturminneavdelinga hjå Riksantikvaren. – Med friske midlar til kyrkjebygga og eit stort behov for kompetente handverkarar over heile landet, så haster det å få på plass eit slikt verktøy. Vi treng fleire dyktige hender, og strategien skal bidra til at fleire vel tradisjonshandverk som yrkesveg!

Høyringa er open for alle. Frist for å sende innspel er 14. juni. Riksantikvaren og styringsgruppa ønskjer seg eit breitt utval av innspel frå ulike aktørar i bransjen. Tilbakemeldingar frå eigarar og forvaltarar av kulturminne og kulturmiljø er at det er krevjande å få tak i handverkarar med rett kompetanse og tilstrekkeleg kapasitet.

– Strategien freistar å nå både over dei små og store handverksfaga. Det er ulike behov, men generelt er rekrutteringa for låg, og for nokre av dei minste faga er det kritisk, seier Kolstadløkken.

Marknaden for antikvarisk istandsetting av freda og verneverdig bygningar blei i 2022 rekna til å være verdt kring ein milliard kronar årleg. Når Kyrkjebevaringsfondet trer i kraft frå hausten 2024, vil verdien av marknaden auke i stor grad.

– I framtida må vi ta i bruk fleire gamle, og ikkje fullt så gamle bygg, og då er denne kompetansen heilt uvurderleg. Tradisjonelt handverk kjem til å bli viktig for framtidas ombrukssamfunn, seier Kolstadløkken.

Strategiske satsingar

Strategien har tre viktige satsingar:

  • Handverkskompetansen og -kapasiteten skal styrkast
  • Fleire bedrifter med relevant kompetanse skal ta oppdrag på kulturminne og -miljø
  • Erfaringsbasert kunnskapsutvikling og forsking skal styrkast

Riksantikvaren meiner at gode og relevante utdannings- og opplæringstilbod, rådgjevingstenester, god bruk av offentlege tilskot, og reglar for anbod, mellom anna kan svare ut ønskje om ein velfungerande marknad for tradisjonelle handverkstenester.

Erfaringsbasert kunnskapsutvikling og forsking på feltet vil også vere viktig for god og berekraftig bevaring av kulturmiljø i eit endra klima. Vi treng også meir kunnskap om tradisjonelle byggemetodar og materialbruk når samfunnet skal omstille seg frå prioritering av nybygg til auka tilpassing og ombruk av eksisterande bygningar.

Samarbeid mellom sektorar

Handverksutvikling er eit tema som går på tvers av fleire sektorar. Både næring, utdanning, kultur og miljø, har interesser, ønskjer og behov for utvikling av handverksfaga. Difor deltek både Utdanningsdirektoratet, Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse og Kulturdirektoratet, saman med NHO Byggenæringen og Norsk Handverksinstitutt i styringsgruppa.

Tradisjonelle handverksfag og kulturarv er eit tema som engasjerer! Riksantikvaren er oppteken av at freda og verneverdige bygningar, anlegg og fartøy blir godt tekne i vare. Handverkarens kompetansen på tradisjonelle metodar og materialar er også viktig i eit grønt skifte med fokus på ombruk og framhald av bruk av gamle bygningar.

Vidare framdrift

Etter høyringa av strategiutkastet går Riksantikvaren gjennom innspela saman med styringsgruppa. Planen er å ferdigstille strategien hausten 2024. Det skal også lagast ein handlingsplan for konkret oppfølging av strategien. Strategien skal resultere i forslag til konkrete tiltak for kulturmiljøforvaltinga. Den vil også gje tilrådingar til andre sektorar som eksempelvis utdanningssektoren og byggenæringa, der dei fleste verkemidla for kompetanseutvikling finnast.

Behovet for ein handverksstrategi er forankra i Meld. St 16 (2019-2020) Nye mål i kulturmiljøpolitikken. No er forslaget til strategi klart og vi opnar for høyring.

Tradisjonelle handverksfag og kulturarv er eit tema som engasjerer! Riksantikvaren er oppteken av at freda og verneverdige bygningar, anlegg og fartøy blir godt tekne i vare. Då treng vi fleire handverkarar med rett kompetanse og tilstrekkeleg kapasitet. Handverkarens kompetansen på tradisjonelle metodar og materialar er også viktig i eit grønt skifte med fokus på ombruk og framhald av bruk av gamle bygningar.

Handverksutvikling er eit tema som går på tvers av fleire sektorar. Både næring, utdanning, kultur og miljø, har interesser, ønskjer og behov for utvikling av handverksfaga. Difor deltek både Utdanningsdirektoratet, Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse og Kulturdirektoratet, saman med NHO Byggenæringen og Norsk Handverksinstitutt i styringsgruppa.

Riksantikvaren sender no forslag til handverksstrategi ut på høyring. Vi vonar at så mange som råd ønskjer å kome med innspel til strategien.

Les meir om Riksantikvarens arbeid med strategien her.

Digitalt høyringsmøte

Riksantikvaren arrangerer eit digitalt høyringsmøte for strategien den 30. mai 2024. 

Påmelding til høyringsmøtet finn du her.

Har du spørsmål kan du gjerne sende ein e-post til arrangement@ra.no

Vil du kome med innspel?

Merknadar og innspel sendast innan 14. juni 2024 til postmottak@ra.no. Merk e-post med «Høring Riksantikvarens håndverksstrategi».

Spørsmål?

Kontakt

Jorid Martinsen, prosjektleiar
jorid.martinsen@ra.no

Aase Hogfeldt-Eskevik, seksjonssjef
aase.hogfeldt-eskevik@ra.no