Det er i dag omlag 250 fartøy på Riksantikvaren si verneliste, og 14 av desse er freda. Kvart år fordeler Riksantikvaren tilskot til fartøyvern frå eigen post på statsbudsjettet (kapittel 1429, post 74).
Fleire tusen frivillige legg kvart år ned meir enn 150 000 dugnadstimar på istandsetjing, drift og vedlikehald på dei verna og freda fartøy våre.
– Fartøyvernet er heilt avhengig av den fantastiske jobben som dei frivillige gjer. Dei er òg med på å halde i hevd tradisjonell maritim kunnskap som i dag er borte frå utdanning og arbeidsliv, seier riksantikvar Jørn Holme.
Sjå fylkesvis liste over tilskot nederst i artikkelen.
Ferdigstilling for fleire fartøy
Fleire av fartøya nærmar seg no ferdigstilling og drift, som fiskefartøyet M/S «Hermes» frå 1937, det freda skipet M/S «Granvin» frå 1931, som var første bilførande skip på riksvegen mellom Oslo og Bergen gjennom indre Hardanger, jernbaneferja M/F «Storegut» frå 1956 på Tinnsjøen, lystseglaren «Jærbuen II», bygd av Collin Archer i 1898, og lokalbåten «Hvaler» frå 1892.To av dei best bevarte dampskipa våre, oppmålingsskipet «Hansteen» frå 1866 og ruteskipet «Børøysund» frå 1908, hadde skade på dampkjelen og var ute av drift i 2017.
Reparasjon av klinkbygde skrog og dampkjelar er ikkje lenger vanleg verkstadarbeid, og kunnskapen om dette måtte difor gjenvinnast hjå Bredalsholmen Dokk og Fartøyvernsenter i Kristiansand. Med tilskota for 2018 voner Riksantikvaren at begge fartøya vil vere operative til sommaren.
Mellom større satsingar som skal vidareførast i 2018 er restaureringa av dei to freda skipa M/S «Rogaland» frå 1929, einaste bevarte passasjerskip frå Kystruta Oslo-Bergen, og M/S «Vestgar», ein sjøbuss frå 1957 som representerer siste generasjon lokalskip før dei moderne snøggbåtane overtok passasjertrafikken til sjøs. Også den omfattande restaureringa av «Fremad II» frå 1888 som er eit av dei aller eldste fiskefartøya i Noreg, fraktebåten M/S «Ekar» frå 1915 og lokalbåten «Jøsenfjord» frå 1886 held fram i 2018.
I tillegg kan mange fartøy som må settast i dokk for kontroll og mindre utbetringar, få behalde sertifikata sine. Til dømes hurtigruta M/S «Nordstjernen» frå 1956, skonnerten «Anna Rogde» frå 1868, og bilferja «Gamle Kragerø» frå 1961. Riksantikvaren har også lagt vekt på å støtte det frivillige arbeidet og gjennomføre mellombels sikringstiltak på fartøy av særleg historisk interesse.
Dessutan får seks fylkeskommunar og ein kommune om lag 4 mill. i tilskot over SAVOS-ordninga. Dette løyser ut tilsvarande sum hjå mottakarane, slik at fylka/kommuna kan fordele til saman 8 mill. kroner til verna fartøy lokalt ved hjelp denne ordninga.
Kven kan få tilskot?
For å kunne søkje Riksantikvaren om tilskot til fartøyvern, må fartøyet ha status som «verna skip». For at eit verna fartøy skal kunne få tilskot, er det særskild to tilhøve som er viktige.
Det eine er fartøyet sin kulturhistoriske relevans for norsk maritim verksemd.
Det andre er fartøyet sin fysiske tilstand og graden av autentisitet.
Riksantikvaren vurderer også realismen i prosjekta og det lokale engasjementet. Det vert også lagt vekt på at det over tid skal være ei rimeleg geografisk fordeling av midlane. I 2018 satsar Riksantikvaren på framdrift og ferdigstilling på prosjekt som er igangsette, slik at verkstadfasilitetar og tilskotsmidlar vert frigjevne for komande prosjekt.
For 2018 har det kome inn søknader frå 146 fartøy på til saman ca. 252 millionar kroner. Riksantikvaren sitt budsjett på kr. 61 883 000,- det dekkjer berre 25 % av den totale søknadsmassen.
Fylkesvis oversyn over tilskota til fartøyvern 2018
Namn på farty | Type | Material | Byggjeår | Tilskot | Tilskot per fylke |
Troms | |||||
Anna | Fiskefartøy | Tre | 1923 | 91 000 | |
Anna Rogde | Fraktefartøy | Tre | 1868 | 25 000 | |
Grytøy | Bygderute | Tre | 1954 | 7 305 709 | |
Signe I | Fiskefartøy | Tre | 1908 | 7 583 | |
Sum Troms | 7 429 292 | ||||
Nordland | |||||
Anne Bro | Fraktefartøy | Tre | 1911 | 3 000 000 | |
Glimt II | Fiskefartøy | Tre | 1933 | 879 215 | |
Nordstjernen | Fiskefartøy | Tre | 1937 | 450 000 | |
Gamle Salten | Kystrute | Stål | 1953 | 500 000 | |
Skogøy | Langruteskip | Stål | 1953 | 850 000 | |
Sum Nordland | 5 679 215 | ||||
Trøndelag | |||||
Hansteen | Oppmålingsskip | Jern | 1866 | 1 752 040 | |
Hermes | Fiskefartøy | Tre | 1937 | 528 130 | |
Stoksundferja | Bilferje | Tre | 1963 | 1 251 732 | |
Sum Trøndelag | 3 531 902 | ||||
Møre og Romsdal | |||||
Bilfergen | Bilferje | Tre | 1921 | 105 000 | |
Tafjord | Bygderute | Tre | 1927 | 450 000 | |
Sum Møre og Romsdal | 555 000 | ||||
Sogn og Fjordane | |||||
Stangfjord | Skyssbåt | Tre | 1933 | 442 530 | |
Sum Sogn og Fjordane | 442 530 | ||||
Hordaland | |||||
Axel | Fraktefartøy | Jern | 1878 | 15 000 | |
Eitrheim | Bygderute | Tre | 1937 | 7 500 | |
Folgefonn | Bilferje | Stål | 1938 | 3 167 197 | |
Granvin | Bilførande lokalskip | Stål | 1931 | 2 920 389 | |
Nordstjernen | Hurtigrute | Stål | 1956 | 700 000 | |
Oster | Lokalruteskip | Stål | 1908 | 200 000 | |
Skånevik | Bilferje | Stål | 1967 | 427 350 | |
Vestgar | Lokalruteskip | Stål | 1957 | 2 542 487 | |
Tysnes | Bilførande lokalskip | Stål | 1930 | 500 000 | |
Vikingen | Fiskefartøy | Tre | 1915 | 76 110 | |
Sum Hordaland | 10 556 033 | ||||
Rogaland | |||||
Andholmen | Fiskefartøy | Tre | 1938 | 116 876 | |
Ekar | Fraktefartøy | Stål | 1915 | 1 432 000 | |
Fremad II | Fiskefartøy | Tre | 1888 | 4 339 733 | |
Jøsenfjord | Lokalruteskip | Jern/stål | 1886 | 4 176 000 | |
Riskafjord | Lokalruteskip | Jern | 1864 | 550 000 | |
Rogaland | Kystruten Oslo-Bergen | Stål | 1929 | 236 300 | |
Sum Rogaland | 10 850 909 | ||||
Vest-Agder | |||||
Jan | Slepebåt | Jern | 1877 | 150 000 | |
Sum Vest-Agder | 150 000 | ||||
Telemark | |||||
Gamle Kragerø | Bilferje | Stål | 1961 | 87 450 | |
Storegut | Jernbaneferje | Stål | 1956 | 1 902 027 | |
FDV Tinnsjøfergene | – | – | – | 2 073 082 | |
Sum Telemark | 4 062 559 | ||||
Vestfold | |||||
Frithjof II | Losskøyte | Tre | 1896 | 822 920 | |
Jærbuen II | Lystfartøy | Tre | 1898 | 1 000 000 | |
Kysten | Langruteskip | Stål | 1909 | 375 000 | |
Sum Vestfold | 2 197 920 | ||||
Oppland | |||||
Brandbu | Fraktefartøy, seilbåt | Stål | 1907 | 2 960 000 | |
Skibladner | Ruteskip | Jern | 1856 | 1 366 070 | |
Sum Oppland | 4 326 070 | ||||
Akershus | |||||
Mjøsfærgen | Bilferje | Stål | 1923 | 765 031 | |
Sum Akershus | 765 031 | ||||
Oslo | |||||
Børøysund | Lokalruteskip | Stål | 1908 | 1 900 000 | |
Hamen | Lasteskip | Stål | 1949 | 770 000 | |
Sjøbad II | Hamneferje | Tre | 1923 | 528 800 | |
Styrbjörn | Slepebåt | Stål | 1910 | 45 000 | |
Sum Oslo | 3 243 800 | ||||
Østfold | |||||
Hvaler | lokalruteskip | Stål | 1892 | 436 325 | |
Jelse | fraktefartøy | Tre | 1760 | 750 000 | |
Turisten | Passasjerskip | Stål | 1887 | 200 000 | |
Sum Østfold | 1 386 325 |
SAVOS-tilskot til fylkeskommunar og kommunar i 2018
SAVOS-ordninga er ein avtale der Riksantikvaren bidreg med same sum som fylka eller kommunen sjølv løyver til fartøyvern. SAVOS-fylka/kommunen kan difor lokalt fordele det doble av sine eigne løyvingar. Tilskota som vert fordelte lokalt er følgjeleg dobbelt så store som den summen som står oppført for kvart fylke/kommune i dette oversynet.
Fylke/kommune | Tilskot |
Trøndelag Fylkeskommune | 648 000 |
Møre og Romsdal fylkeskommune | 500 000 |
Bremanger kommune | 60 000 |
Hordaland fylkeskommune, restaurering av verna fartøy | 840 000 |
Hordaland fylkeskommune, forvalting og drift av verna fartøy | 500 000 |
Rogaland fylkeskommune | 950 000 |
Oppland fylkeskommune | 267 786 |
Vest-Agder fylkeskommune | 300 000 |
SAVOS til saman | 4 065 786 |
Organisasjonar
Norsk Forening for Fartøyvern (NFF) får tilskot til drift og ulike prosjekt over post 74.
Namn og føremål | Tilskot |
Norsk Forening for Fartøyvern, grunntilskot | 1 900 000 |
Norsk Forening for Fartøyvern, Landskonferanse | 52 500 |
Norsk Forening for Fartøyvern, seminaret Fartøyvernets ABC | 52 500 |
NFF til saman | 2 005 000 |
Førehandstilsegn
Riksantikvaren kan gje ein avgrensa sum i førehandstilsegn frå statsbudsjettet for 2019. Slike tilsegn vert gjevne for å sikre framhald i arbeidet ved nokre større prosjekt som går over fleire år.
Namn | Type | Byggjeår | Tilsegn | Fylke |
Anne Bro | Fraktefartøy | 1911 | 4 000 000 | Nordland |
Folgefonn | Bilferje | 1938 | 2 500 000 | Hordaland |
Gamle Oksøy | Fyrtender | 1962 | 771 000 | Vest-Agder |
Hvaler | Lokalruteskip | 1892 | 850 425 | Østfold |
Polarstar | Selfangar | 1948 | 2 000 000 | Møre og Romsdal |
Stavenes | Lokalruteskip | 1904 | 2 371 200 | Sogn og Fjordane |
09.02.2018 16:13 endret 20.02.2018 11:21
Pressevakt Riksantikvaren
Ikke send sms, telefonen viderekobles.Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153