– Regjeringa syner at dei meiner alvor med å satse på kyrkjene ved å sette av 300 millionar i tilskot for 2025, seier Oddbjørn Eide, dagleg leiar i kyrkjefondet.
Det er varsla ei gradvis opptrapping til 500 millionar etter at startskotet gjekk i 2024, slik skal det sikrast at det er tilstrekkeleg kapasitet og kompetanse for å gjennomføre prosjekt som er planlagt.
– Det er veldig godt å sjå at kyrkjebevaringsfondet er oppe og står, seier riksantikvar Hanna Geiran.
I samband med tildelinga besøkte Geiran og Eide Johanneskirken i Bergen. Kyrkja er bygd i teglstein og er ein av få kyrkjer av denne typen i landet. For bergensrarar og besøkande i byen er ho eit landemerke, og står no føre ei omfattande restaurering. Kyrkja har fått 11,2 millionar i tilskot, og tilsagn for 58,5 millionar i 2025 frå Kyrkjefondet.
– Kyrkjene er både prakt- og bruksbygg, og vi treng fleire dyktige handverkarar til å utføre vedlikehalds- og restaureringsarbeid i tida som kjem, seier riksantikvar Hanna Geiran, fungerande styreleiar for kyrkjebevaringsfondet.
– Difor arbeider vi parallelt med tiltak i vår eigen handverksstrategi. No er tida verkeleg moden for dei som ønskjer å satse på restaurering og tradisjonelle handverk, seier Geiran.
Første tilskotsrunde frå Trondheim
Fondet har tre program, fordelt på kyrkjene si alder, og fire innsatsområde innanfor desse programma.
Programma er: Mellomalderkyrkjer, kyrkjer frå 1537-1850 og kyrkjer bygd etter 1850.
Under kvart av desse programma har ein følgjande innsatsområde:
- Bevaring: Istandsetting, sikring og konservering.
- Kunnskap og kompetanse: Utvikling av kunnskap og kompetanse hjå handverkarar, rådgjevarar og kyrkjeforvaltarar.
- Opplevingar og formidling: Tilrettelegging for opplevingar og formidling av kyrkjas historie til ulike målgrupper.
- Engasjement og deltaking: Mobilisering av lokalsamfunn og frivillige til å delta i bevaringsarbeidet.
I år er det også for første gong delt ut tilskot til prosjekt under det andre innsatsområdet “Kunnskap og kompetanse”:
– I år deler vi også ut tilskot og tilsegn til prosjekt der utvikling av kunnskap og kompetanse er føremålet, seier Oddbjørn Eide, dagleg leiar av programsekretariatet for kyrkjebevaringsfondet.
– Dette er tilskot som både skal sikre og heve kvaliteten på arbeidet som gjerast på kyrkjene. Difor ønskjer vi at handverkarar, rådgjevarar og dei som forvaltar kyrkjene søkjer gjennom ordninga, slik at kunnskapen blir betre og utviklast i alle ledd, seier Eide.
Fleire ulike prosjekt og problemstillinga
Kyrkjene er sårbare kulturminne og det er mange ulike problemstillingar knytt til restaureringa av dei. Dette speglar seg også i søknadane som er komne inn til kyrkjefondet.
– Det skal bli spanande å følgje prosjekta framover. Fleire har lagt opp til formidling og deltaking med virtuelle omvisingar, formidling gjennom sosiale medium og opne dagar i prosjektperioden, seier Eide.
I år er det mellom anna gitt tilskot til store malingsprosjekt som inkluderer vasking og skraping. Nokon skal restaurere grunnmur og berande konstruksjonar. Det skal takast ned skifer frå tak, tekkast med kobbar og fugast på nytt. Og, ikkje minst, er det gitt tilskot til viktige tiltak som brannsikring og universell utforming.
– Vi gler oss saman med kyrkjene som har fått tilskot, og er trygge på at kyrkjeløftet byggjast på fjell og ikkje sand, seier Eide.
Fakta om ordninga
Kyrkjebevaringsfondet starta opp i 2024, og fordelte nærare 100 millionar til 44 kyrkjer som ei start på tilskotsordninga.
Den andre søknadsrunden kom allereie før jul.
Regjeringa har tidlegare varsla ei gradvis opptrapping opp mot 500 millionar kroner i året til kyrkjebevaringsfondet.
Sjå bevaringsstrategien for kyrkjene her.
Kyrkjebevaringsfondet er eigd av Barne- og familiedepartementet, som har utnemnt eit programstyre med medlemmer frå Den norske kyrkja, Hovedorganisasjonen KA og Riksantikvaren.
Riksantikvaren leier sekretariatet for fondet og forvaltar ordninga.
Tilskudd til kompetanseheving
wdt_ID | Søkers virksomhet | Kort redegjørelse for prosjektet | Tilskudd 2025 | Tilsagn 2026 |
---|---|---|---|---|
1 | Fortidsminneforeningen | Kunnskapsprosjekt om påføring og holdbarhet av milebrent tjære som overflatebehandling på kirker. | 1,123,000.00 | 1,123,000.00 |
2 | Fortidsminneforeningen | Prosjektet "Varig virke" som skal sikre trevirke av god og rett kvalitet til restaurering av kirker. | 868,000.00 | 963,000.00 |
3 | Fortidsminneforeningen (Aust-Agder lokallag) | Prosjektet "Etablering av praktisk kursarena for tradisjonell kalkbrenning i Tvedestrand. Kunnskap og formidling om kalk i Agder og tilgrensende fylker". | 100,000.00 | 50,000.00 |
4 | Innlandet fylkeskommune | Etablering av fast seminarserie for lærere i den videregående skolen med fokus på tradisjonshåndverk og istandsetting. Samarbeid mellom NTNU, NDR og Innlandet fylkeskommune. | 500,000.00 | |
5 | Kristiansand kommune | Organisering av kurs og opplæring. | 325,000.00 | |
6 | Kyrkjekultur Vest AS (på vegne av Vestland fylkekommune, Bergen kommune, Bjørgvin bispedømme og Kirkens Bymisjon) | Informasjonsarbeid og nettverksbygging for fagmiljøer relevante for Kirkebevaringsfondet på Vestlandet. | 75,000.00 | |
7 | Larvik kirkelige fellesråd | Kurs (4 uker) i tradisjonell kalkmuring på middelalderkirker. | 920,000.00 | 920,000.00 |
8 | Museumssenteret i Hordaland | Program for bevaring av kirketekstiler. | 563,000.00 | |
9 | Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider (NDR) | Søker midler til å utvikle et videreutdanningstilbud i bygningsvern og restaurering for håndverkere. Samarbeid mellom NTNU, NDR og Innlandet fylkeskommune. | 425,000.00 | |
10 | Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider (NDR) | Prosjektet "Historiske kalkmørtler i middelalderske steinkirker. Et kunnskapsløft basert på analyser utført på 50 middelalderkirker og -anlegg" (3 år). | 1,040,000.00 | 1,000,000.00 |
11 | Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU) | Desentralisert etter- og videreutdanningstilbud (læringsarenaer) til håndverkere og rådgivere innen antikvarisk istandsetting. Samarbeid mellom NTNU, NDR og Innlandet fylkeskommune. | 1,600,000.00 | |
12 | Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU) | Kartlegging av gravkrypter i Nordland, Troms og Finnmark samt tilstandsanalyse/kulturhistorisk registrering av gravkrypten i Trondenes kirke. | 356,800.00 | |
13 | Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU) | Tilstandsregistrering av muralmaleriene i norske middelalderkirker i stein. Videreføring av påbegynt prosjekt (22 av 53 kirker registrert). | 1,200,000.00 | |
14 | Totalsum | 9,095,800.00 | 4,056,000.00 | |
Søkers virksomhet | Kort redegjørelse for prosjektet | Tilskudd 2025 | Tilsagn 2026 |
Tilskudd til kirker
wdt_ID | Kirkens navn | Type prosjekt | Fylke | Kommune | Bevaringsprogram | Tilskudd 2025 | Tilsagn 2026 |
---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Alstahaug kirke | Særskilt forprosjekt | Nordland | Alstahaug | Middelalder | 135,000.00 | |
2 | Aukra kirke | Hovedprosjekt | Møre og Romsdal | Aukra | 1537-1850 | 370,000.00 | 370,000.00 |
3 | Berg stenkirke | Hovedprosjekt | Vestfold | Larvik | Middelalder | 460,000.00 | |
4 | Bergen domkirke | Særskilt forprosjekt | Vestland | Bergen | Middelalder | 300,000.00 | 200,000.00 |
5 | Bispekapellet, Stavanger | Særskilt forprosjekt | Rogaland | Stavanger | Middelalder | 325,000.00 | |
6 | Bjølstad kapell | Hovedprosjekt | Innlandet | Sel | Middelalder | 25,000.00 | |
7 | Bjølstad kapell | Overordnet forprosjekt | Innlandet | Sel | Middelalder | 380,000.00 | 30,000.00 |
8 | Bjørke kirke | Overordnet forprosjekt | Akershus | Nannestad | 1537-1850 | 350,000.00 | |
9 | Borre kirke | Overordnet forprosjekt | Vestfold | Horten | Middelalder | 250,000.00 | 200,000.00 |
10 | Båstad kirke | Hovedprosjekt | Østfold | Indre Østfold | Etter 1850 | 1,000,000.00 | 890,000.00 |
Kirkens navn | Type prosjekt | Fylke | Kommune | Bevaringsprogram | Tilskudd 2025 | Tilsagn 2026 |
Pressevakt Riksantikvaren
Ikke send sms, telefonen viderekobles.Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153
Sjå oversikta: desse kyrkjene får tilskot i 2025
Kyrkjebevaringsfondet har teke imot totalt 164 søknadar om tilskot frå kulturhistorisk viktige kyrkjer frå nesten heile landet. No er fordelinga klar.
Deler ut 11,7 millioner til middelalderbygg
Rekordmange har søkt om penger til å vedlikeholde og restaurere middelalderbygg, og nå får de tilskudd fra Riksantikvaren.
En leir som ble skjult
I 2024 ble det ferdigstilt en rekke kulturarvprosjekter hvor norske organisasjoner samarbeider med andre europeiske land gjennom EØS-midlene. I Tsjekkia åpnet et minnested for rombefolkningens holocaust på stedet for en tidligere konsentrasjonsleir.