Sunnhordland museum og åtte kommunar i Sunnhordland, med Sveio kommune som prosjektleiar, har gått saman om prosjektet. Målet er å styrke vern av sjøbruksbygningar i regionen gjennom ny bruk.
–Vi seier ofte at bruk er det beste vern, seier avdelingsdirektør Linda Veiby hjå Riksantikvaren. – Sjøhus er ein viktig del av kystkulturen, og vi veit at dette er bygningstypar som forsvinn i raskt tempo langs kysten. Difor er det spanande at Sunnhordaland gjer eit slikt praktisk retta prosjekt for å få ny bruk inn i dei gamle sjøhusa.
Prosjektet skal gjere prosessen mot ny og vidare bruk enklare, ved å lage ei eksempelsamling for regionen med døme på dei ulike typane av bygningar og bevaring og ny bruk av dei. Dei skal og visa og analysera døme på prosessar mot tilpassing av sjøbruksbygningar, til nytte for både eigarar og kommunar.
Dei skal registrere sjøbruksbygningar i regionen, og dokumentere tilstand, byggjemåtar og korleis sjøhusa er utsett for klimapåverknad. Vidare skal dei undersøke korleis bygningane kan brukast vidare i framtida, på tradisjonelt vis eller ved gjenbruk og transformasjon, utan at kulturminneverdiane går tapt. Dei har også klare mål om å formidle kunnskapen til lokalsamfunnet for å auke kompetanse og kjennskap til mogelegheitene.
– Riksantikvaren tar sikte på å løfte innsatsen for alle dei mangfaldige kulturmiljøa langs kysten gjennom ein ny bevaringsstrategi for kystens kulturmiljø. Sjøhus og naust er viktige i denne satsinga, og difor passar prosjektet i Sunnhordaland godt inn i denne ramma for den nye satsinga vår, seier Veiby. – Vi ser fram til å hauste erfaringar frå prosjektet i tida som kjem.
Riksantikvaren har også tidlegare gitt tilskot til prosjektet i 2023. Til saman for 2023 og 2024 er det totale tilskotet for prosjektet oppe i ein million.
Dette er Riksantikvarens satsing på verdiskaping:
Verdiskaping i kulturmiljø er ei tilskotsordning over statsbudsjettet. Riksantikvaren har som mål at verdiskapingsprosjekt skal vere gode eksempel på rolla kulturmiljøa kan spele i samfunnsutviklinga. Verdiskaping er eit viktig verktøy i arbeidet med dei nye bevaringsstrategiane for kysten og landbrukets kulturmiljø.
Riksantikvaren skal legge til rette for gode prosjekt for kulturmiljøbasert næring, distriktsutvikling og omstilling i lokalsamfunn. Samarbeid med Sametinget, fylkeskommunane og nasjonale partnarar står sentralt i satsinga, og skal styrke kunnskapsutvikling, læring og formidling.
Pressekontakt:
Ring oss: 404 65 153.
Send e-post: kom@ra.no