1Reguleringsplan for Hammerdalen (utdrag)
Dato for siste revisjon: 22.11.2010, 13.12.2010 (vedtak i kommunestyret).
Godkjenning i kommunestyret: 08.12.2010
§ 1 Føremålet med planen
Planen skal legge til rette for å verne og utvikle kulturarven i Hammerdalen til nye verdiar for grunneigar, lokalsamfunn, region og nasjon.
1.1 Planen skal sikre den industrielle kulturhistoria i området ved at alle kulturminne frå alle tidsepokar vert representert i eit heilskapleg vern av industrihistoria i Hammerdalen. Kulturmiljøet på staden består av bygningar, vegar/stiar, terreng, murar, rester av anlegg både på land og i elva, tekniske installasjonar og samanhengen mellom desse elementa. Bygningar, landskap og andre tekniske installasjonar er viktige element i eit slikt vern. Restaurering og istandsetting skal skje etter antikvariske prinsipp.
Planen skal også sikre viktige konstruksjonar, kulturlag og gjenstandar frå tidleg jernverkshistorie under bakken, som kjelde for kunnskap og oppleving.
1.2 Opplevingsverdiane i Hammerdalen, basert på historie, kultur og natur i området, skal styrkast, synleggjerast og formidlast på ein måte der samfunnstryggleiken takast vare på.
1.3 Dei eldre bygningane kan takast i bruk til nye føremål, innanfor planen sine rammer.
1.4 Grønstruktur og vasstreng skal oppretthaldast på kulturminna sine premisser.
1.5 Traseen til Jernbaneverket vert oppretthalde.
1.6 Planen skal legge til rette for at området er tilgjengeleg for ålmenta. Det kan leggast til rette for nye stiar/gangvegar langsetter og på tvers av dalføret. Desse skal ikkje fjerne eller endre kulturminne eller eksisterande vegtrasear.
(…)
§ 3 Fellesføresegner
3.1 NIKU Rapport 28 Kulturmiljøvurdering i Hammerdalen–Larvik frå januar 2009, skal brukast til støtte og rettleiing ved utarbeiding og godkjenning av alle typar tiltak i området.
3.2 Alle tiltak på bygg, installasjonar og inngrep i landskap som inneber endringar av eller tillegg til det eksisterande, er søknadspliktige (…). Bygging av ny kraftstasjon med tilhøyrande anlegg, skal godkjennast i detaljert reguleringsplan.
3.3 Skilt og gatelys skal ha ei enkel og robust utforming og materialbruk som underbygger den industrielle karakteren til området, og skal ha eit heilskapleg preg for heile området. Kommunen vil ikkje gje løyve til reklameskilt, men opplysingsskilt for bedrifter/forretningar osv. er tillate. Det skal utarbeidast eigen skilt- og belysningsplan for området basert på eksisterande mal, som inkorporerast i utomhusplanen.
3.4 Vegetasjonen i området skal forvaltast i ein skjøtselsplan som skal godkjennast av kommunen. Eksisterande monumentale tre skal takast vare på. Tre som kan skade eller skjule kulturminne, eller vere ein risiko ved flaum, kan fjernast.
Seinast kvart 10. år skal det utarbeidast ein skjøtselsplan for heile området, fyrste gong i samband med detaljplan for utomhusplan med trafikkløysing etter 3.12.
3.5 Gangstigar skal leggast skånsamt i terrenget. Det kan vurderast heva gangbane på stolpefundament for å unngå skjering/fylling, (…). Det skal leggast vinn på universell utforming, med materialbruk tilpassa omgjevnadane.
(…)
§ 4 Omsynssone Kulturmiljø
Omsynssona kulturmiljø består av landskaps- og uteområde, og bygningar.
Landskap og uteområde
4.1 Enkeltminne av historisk verdi som murar, masomnar og andre tekniske installasjonar, skal takast vare på.
4.2 Dei opne romma mellom bygningane skal takast vare på.
4.3 Under bakken er det spor etter busetnad og tidleg industrihistorie. All graving i bakken skal meldast til kulturmiljøforvaltinga i fylkeskommunen (…).
4.4 For området rundt Admini (B 9) skal eventuell ny planting vere ei tilbakeføring basert på historisk dokumentasjon.
4.5 Vegar og stiar skal takast vare på i eksisterande løp. Industrielt preg skal oppretthaldast i dekkene i form av enkelt, grovt overflatedekke på plassar og gater. Grus, betong, asfalt og storgatestein skal brukast der det har vert nytta tidlegare.
4.6 Plassen mellom Mølla og Sliperiet (T1) skal vere ei samanhengande flate. Det skal utarbeidast utomhusplan for område T1. Installasjonar skal vere flyttbare.
4.7 Det er tillate å tilbakeføre terreng og synleggjere rester etter dei historiske bygningane og konstruksjonane i området, når dette kan dokumenterast gjennom historiske kjelder.
Bygningar og installasjonar
4.8 Det er ikkje tillate å rive bygningar eller installasjonar innanfor området
4.9 Ved eventuell gjenoppbygging etter brann eller anna totalskade skal det settast opp kopi. Nytt prosjekt kan utviklast (…). I så fall skal volum og høgder oppretthaldast.
4.10 Ved utbetring og reparasjon skal ein bruke same materialar og oppretthalde detaljer, eventuelt kan bygningane førast tilbake til tidlegare tilstand når denne kan dokumenterast. Originale bygningsdelar og detaljer skal takast vare på.
4.11 Eksisterande bygningar skal takast vare på. Omriss av eksisterande bygningar representerer byggeline. Verandaer, balkongar, altanar, terrasser og andre fasadeendringar vil det ikkje bli gjeve løyve til. Mindre, naudsynte tiltak kan kommunen gje løyve til etter søknad dersom verneomsynet vert teke i vare.
4.12 Den gamle kraftstasjonen B3 regulerast til vern av det faste interiøret i bygningen, etter plan- og bygningslova § 12-7 punkt 6. Gamle turbinar kan demonterast og flyttast.
4.13 Før Admini B9 blir tatt i bruk til anna føremål enn bruken i dag, skal han undersøkast for å dokumentere historia til bygningen, og kartlegge antikvariske element. Det skal utarbeidast ein heilskapleg plan for tilbakeføring og restaurering av bygningen (…). Bygningen blir regulert til vern av det faste interiøret i bygningen, etter plan- og bygningslova § 12-7 punkt 6.
4.14 Før Klokkeboden B6 blir tatt i bruk til anna føremål, skal han undersøkast for å dokumentere historia til bygningen og kartlegge antikvariske element. Ny bruk skal ta i vare eldre bygningsdelar, også innvendig.
4.15 Tilbygg BN kan det gjevast løyve til der det er teikna inn på planen. Nybygg skal harmonere med nabobygningane i materialbruk og detaljer. Høgder og volum skal underordnast dei eldre bygningane på staden. Nytt prosjekt skal utviklast med fagkompetanse i samarbeid med kulturmiljøforvaltinga i fylkeskommunen.
4.16 Før vesentlege endringar i Mølla B2, skal historia til bygget og antikvariske element dokumenterast og kartleggast. Endringar i interiør og fasade skal leggast til rette etter det overordna målet om å verne industrihistorisk viktige element i ein ny samanheng. Før det vert gjeve løyve til endringar på eller i bygget skal det ligge føre registrering/dokumentasjon av det aktuelle bygget/seksjonen.
Det er gjeve løyve til ca. 50 mindre leilegheiter/hyblar i midtre seksjon av Mølla. Det skal etablerast ca. 30 p-plassar på T7, inklusive h-plassar.
4.17 Det er eit mål å verne Vasstårnet. Framtidig bruk og vern skal vurderast på bakgrunn av ein tilstandsrapport som inngår i reguleringsplan for eventuell ny kraftstasjon.
(…)
(Frå reguleringsplan for Hammerdalen, Larvik)
2Reguleringsplan for Drøbak, (utdrag)
Vedtatt i Frogn kommunestyre 22.3.2021, sist revidert 25.10.2021.
§ 5.1 H570 Fellesføresegner til omsynssone vern kulturmiljø (§ 12-7 nr. 1-2, 6-7)
Heile gamle Drøbak sitt verneverdige kulturmiljø skal takast vare på. Kulturmiljøet er delt inn i 19 omsynssoner som inngår i ein samla heilskap. Det er ikkje tillate å utføre tiltak som bryt med og/eller forringer verneverdig kulturmiljø.
Som del av verneverdig kulturmiljø skal reknast:
a. Historisk by- og taklandskap, bystruktur, terreng og sjøline, gate- og byrom, stigar og smett, busetnads- og tomtestruktur, trapper, murer og forstøttingsmurar.
b. Historiske byggverk med volum, hovudkonstruksjon, takform/møneretning, bygningsdelar, materialval og detaljer, proporsjonar, kulturhistorisk uttrykk, historisk fasadeutforming og arkitektoniske kvalitetar.
c. Gate- og byromsmøblering, utomhusanlegg, grønstruktur og vegetasjon.
- Med byromsmøblering meiner vi blant anna trapper, rekkverk, gjerder, portar, murer, vasspostar, skilting og utvendig gatebelegg. Lista er ikkje uttømmande.
- Med utomhusanlegg meiner vi vegar, smug, stigar og smett, terreng, gangvegar, torg, plassar, parkar, hagar, brygger og kaier.
d. Handverksmessig bygningstradisjon i utføring av bygningsdetaljar, materialbruk og fargebruk.
§ 5.1.1 Krav til Kvalitet i utforming og utføring
Kvalitet i utforming og utføring skal vektleggast. Med kvalitet meiner vi material med varigheit, god formgiving, byggteknisk detaljer og god handverksmessig utføring.
§ 5.1.2 Krav til vern av bylandskap og busetnadsstruktur
a. Drøbak som heilskapleg kulturmiljø skal takast vare på. Landemerke som er karakteriserande for by-silhuetten skal takast vare på og ikkje byggast igjen. Dette gjeld eksempelvis kyrkja og Drøbak handelshus. Horisontliner i bybusetnad og landskap skal oppretthaldast.
b. Historisk busetnads- og tomtestruktur og historisk gatestruktur, gateløp, smug, bakgardar og byrom skal takast vare på og førast vidare. Grensejusteringar og mindre arealoverføringar utan regulering kan berre tillatast for å oppnå føremålstenleg arrondering.
c. Utbygging og utfylling av sjø- og hamneområde som visuelt og funksjonelt skil den historiske byen frå sjøen skal ein unngå.
d. Gateløp som er opne mot sjøen og gjennomgåande siktaksar/smett mot sjø, gjennom historisk busetnad, skal ikkje lukkast igjen.
e. Utomhusanlegg som vegar, smug, stigar, gangvegar, torg, plassar, parkar, hagar mm skal takast vare på. Eksisterande element som brygger/kaier, trapper, rekkverk, gjerde, portar, murar, vasspostar, gatelykter og utvendig belegg som har kulturhistorisk verdi skal takast vare på.
f. Eksisterande terrengformasjonar skal takast vare på. Større terrenginngrep som utfylling/utsprenging vert ikkje tillate. Historiske forstøttingsmurar i naturstein er forbilde for nye murer. Høge forstøttingsmurar er ikkje tillate med mindre det er i tråd med strøkskarakteren.
g. Historiske stigar, smett og ferdselsvegar skal haldast opne. Historiske stigar, smett og ferdselsvegar som er blitt stengde skal vurderast gjenopna for allmenn ferdsel.
§ 5.1.3 Krav ved tiltak på eksisterande busetnad
§ 5.1.3.1 Vern
Eksisterande verneverdig byggverk skal takast vare på og tillatast ikkje reve, fjerna eller flytta. Eksteriør og bærande konstruksjonar til verneverdige bygningar skal takast vare på. Mindre endringar kan tillatast dersom det vurderast å ikkje gå ut over dei kulturminnefaglege og estetiske verdiane til byggverket. Ved funn av eldre ikkje-registrerte/ukjende bygningsdelar, skal dette dokumenterast og verneverdi avklarast med bygningsstyresmakta.
Unntak frå riveforbod kan berre tillatast for byggverk og bygningsdelar som etter ei vurdering frå kulturminnefagleg sakkyndig i kommunen og/eller regional kulturmiljøforvalting får stadfesta å ha liten eller ingen verneverdi (jf. § 2.10 b).
§ 5.1.3.2 Vedlikehald, Istandsetting og utskrifting
Stadeigen byggeskikk og handverkstradisjon skal nyttast ved vedlikehald og istandsetting av verneverdige bygningar/bygningsdelar. Dette skal skje i samsvar med historisk utføring og med same slags teknikkar så framt det er praktisk mogleg. Dersom verneverdige bygningsdelar ikkje lar seg utbetre eller reparere, skal dei erstattast med kopier utført med lik utforming og tilsvarande utføring med omsyn til material, teknikkar og bygningstradisjon.
§ 5.1.3.3 Innsetting av nye element
Mindre endringar av eksteriør og berekonstruksjonar kan tillatast etter kulturminnefagleg tilråding dersom det ikkje vesentleg endrar den estetiske utforminga og/eller inneber ei svekking av kulturminneverdiane til bygningen. Innsetting av nye element skal vere i tråd med det kulturhistoriske og arkitektoniske stiluttrykket til bygningen.
§ 5.1.3.4 Vindauge
Historiske vindauge frå før 1950 skal takast vare på. Vedlikehald og istandsetting skal gjerast i samsvar med § 5.1.3.2.
Ved naudsynt utskifting av eldre vindauge som ikkje lar seg utbetre eller reparere, skal utforminga vere som eksisterande/historisk situasjon. For vindauge der eksisterande/historisk situasjon har gjennomgåande sprosser skal dette førast vidare, og det skal nyttast kopla, sidehengsla vindauge, eventuelt enkle vindauge med varevindauge/innvendig vindauge.
Nye vindauge skal vere identisk med eksisterande/historiske i dimensjonar, proporsjonar, materialbruk og plassering både i lysopning, rammeverk o.l.
§ 5.1.3.5 Dører
Verneverdige dører skal takast vare på. Ved naudsynt erstatning av verneverdig dør skal den nye døra vere identisk med den som bytast ut i dimensjonar, proporsjonar, utforming, materialbruk, slagretning og plassering i fasaden og vegglivet.
§ 5.1.3.6 Ombygging – tilbygg eller påbygg
Til- og påbygg kan tillatast dersom det ikkje svekker dei kulturminnefaglege og estetiske verdiane til bygningen/bygningsmiljøet. Til- og påbygg på verneverdig bygning skal underordne seg den verneverdige bygningen i volum, utforming og høgde. Tiltaket skal tilpassast slik at den verneverdige bygningen, med hovudform og særtrekk vert tatt vare på og er det mest iaugefallande. Til/påbygget skal vidareføre kvalitetane og tilpassast særpreget til bygningen, og skal ikkje oppfattast som ein kontrast.
- Verneverdige eksteriør og stilistisk eigenart til bygningen skal oppretthaldast.
- Til- og påbygg skal stå fram som mindre iaugefallande enn den verneverdige bygningen og omkringliggande verneverdig busetnad/miljø sett i sin samanheng.
- Arker/takoppløft/kvist/takvindauge blir berre tillat der dette er i samsvar med det kulturhistoriske og arkitektoniske stiluttrykket til bygningen.
§ 5.1.3.7 Veranda/Balkong/Terrasse
Ny veranda/balkong/altan/terrasse blir berre tillat dersom det er foreinleg med det historiske stiluttrykket til bygningen og andre tilpassingskrav til omgjevnadane. Der tradisjonell uteplass har vore på bakkenivå skal dette førast vidare. Takterrassar blir ikkje tillate.
§ 5.1.3.8 Taktekking
Ved skifte av taktekking skal det nyttast enkelkrum, uglasert, rød teglstein om ikkje anna har vore brukt opphavleg. Anna type taktekking kan nyttast der dette har vore brukt opphavleg, er i samsvar med det kulturhistoriske og arkitektoniske stiluttrykket til bygningen og lar seg tilpasse i kulturmiljøet.
§ 5.1.3.9 Interiører
For bygningar datert eldre enn 1850 som blir brukt til offentleg/publikumsretta føremål skal opphavleg eller eldre romstruktur og etasjeskilje takast vare på. Element som dører og trappegangar som er eldre enn 1850 skal takast vare på. Installasjonar/element, som heis, trapperom og større VV-sjakter må ikkje komme i konflikt med verneverdig, opphavleg interiør.
§ 5.1.3.10 Utendørs fargesetting
For bygningar oppført i lokalt kulturminneregister skal eksisterande farge førast vidare, eventuelt tilbakeførast på dokumentert grunnlag. For andre bygningar er utvendig fargeendring tillate, eventuell ny fargesetting skal vere tilpassa bygningsmiljøet i området.
§ 5.1.4 Skilt
Skilt er berre tillat i form av verksemdsskilt. Skilt skal ivareta verneomsyn til bygningen og omgjevnadane jf. §§ 5.1-5.2. Dei skal ta omsyn til og underordne seg den verneverdige karakteren til området og dimensjonen og eigenarten til byrommet/bygningen/anlegget med omsyn til fasadedetaljar, material- og fargebruk og skal utformast i tråd med rettleiar. Der det er tilstrekkeleg plass kan det tillatast eit veggskilt og eit uthengsskilt. Ved mindre plass berre ein av skilttypane. Utover dette blir det vist til skiltføresegnene i kommuneplanens arealdel.
Kommunen kan krevje at skilt inngår i ein godkjent skiltplan før oppføring.
§ 5.1.5 Tilbakeføring
Tilbakeføring til opphavleg/ historisk situasjon kan tillatast etter ei kulturminnefagleg vurdering. Tilbakeføring av byggverk og/eller bygningsdelar til tidlegare periode, skal skje på historisk dokumentert grunnlag. Om dokumentasjon ikkje ligg føre i sin heilskap, kan det vurderast om enkelte bygningsdelar kan tilbakeførast til stilhistorisk riktig utforming og materialbruk ut frå eksempel på tilsvarande bygningar.
§ 5.1.6 Gjenoppføring etter brann eller anna totalskade
Dersom brann eller anna uoppretteleg skade har ført til at byggverk må erstattast heilt eller delvis av nytt byggverk, kan det tillatast oppført ein kopi av det tapte kulturminnet utan reguleringskrav. Byggverk av svært stor verneverdi skal gjenoppførast som ein kopi.
§ 5.1.7 Vegetasjon
Store tre og karakteristisk vegetasjon med stor verdi for biologisk mangfald, kulturmiljø eller bylandskap skal takast vare på, med mindre vegetasjonen utgjer direkte risiko for liv og helse eller reduserer verdien av kulturminne eller kulturmiljø vesentleg, jf. § 5.1. Arter som er typiske for staden, og som inngår som del av det historiske miljøet skal førast vidare. Der det er motstrid mellom omsyn til biologisk mangfald og kulturmiljø når det gjeld vurdering av vegetasjon, skal omsynet til kulturmiljø vektast høgt i tråd med denne planen.
Skjering av tre skal alltid vurderast før felling.
Tre eller karakteristisk vegetasjon som må fjernast skal vurderast erstatta med tilsvarande art eller tre / vegetasjon som tek vare på kulturmiljøets særtrekk og opprettheld grønstrukturen.
Skjering av tre, felling/fjerning eller tiltak i rotsona på vegetasjon med stor verdi for biologisk mangfald eller kulturmiljø skal meldast kommunen før det vert gjennomført.
Kommunen kan krevje fjerning av tre som er til risiko og skade for bygningar, liv og helse.
Tiltak på vegetasjon i tråd med godkjend utomhusplan krev inga melding til kommunen. Skjering av frukttre og ordinær skjøtsel av vegetasjon krev inga melding til kommunen.