Nyheter

– Vi må sikre kulturarven i tilfelle krise eller katastrofe

Riksantikvaren ønskjer auka merksemd på beredskap og gjennomføring av risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS) for kulturmiljø. Denne veka er Lom og Skjåk kommune pilot for arbeidet med ny nasjonal rettleiar på feltet.

Publisert: 4. oktober 2024

Lom stavkyrkje Foto: Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren

– Riksantikvaren jobbar for å auke merksemda om kulturminne og kulturmiljø i beredskapsarbeidet, og å styrke samarbeidet tvers av sektorar og nivå , seier Hanna Lønning Gjerdi, seniorrådgjevar hjå Riksantikvaren.

– Slik kan vi saman bidra til å minske øydelegging og hindre tap av kulturarv ved ekstreme hendingar som naturkatastrofar eller samfunnskrisar.

Lom stavkyrkje
Foto: Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren
Lom stavkyrkje
Foto: Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren
Lom stavkyrkje Seniorrådgjevar hjå Riksantikvaren Hanna Gjerdi t. v., seniorrådgjevar hjå Riksantikvaren Anette Morvik Robberstad i midten, og seniorrådgjevar i Innlandet fylkeskommune Irene Skauen Sandodden t. h.
Foto: Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren

I Lom stavkyrkje er det kyrkjeverge Anne Kristin Stenersen som tek imot deltakarane i pilotarbeidet. Ho er klar på at det er fleire ulike trugslar ei stavkyrkje er utsett for.

– Som stavkyrkjeeigar er Lom kyrkjelege råd glade for at Riksantikvaren har teke initiativet til denne fare-og trusselkartlegginga, seier Stenersen.

– Det er ei stor utfordring å ta vare på denne nasjonalskatten, difor vil ei kartlegging av dei mest sannsynlege trugslane hjelpe oss å forebygge alvorlege hendingar. Her i Lom har vi alltid hatt eit svært tørt klima, men meir nedbør óg auka turisme, vil være ei påkjenning for den gamle kyrkja vår.

Rettleiaren knyter seg nært til DSB (Direktoratet for sikkerheit og beredskap) sine rettleiarar, for å sikre best mogleg samordning av lokalt beredskapsarbeid.

– Kulturminne og kulturmiljø er ikkje godt nok integrert i beredskapen i norske kommunar, seier Hanna Lønning Gjerdi.

– Det freistar vi å endre på no og utarbeider difor ein rettleiar som ser på alle tenkjelege scenario, også i tilfelle der vi må sikre kulturarven mot angrep.

Uppigard Skjåk
Foto: Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren
Uppigard Skjåk Seniorrådgjevar i Innlandet fylkeskommune Irene Skauen Sandodden t. v., seniorrådgjevar hjå Riksantikvaren Hanna Gjerdi i midten, og seniorrådgjevar Anette Morvik Robberstad t. h.
Foto: Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren
Lom stavkyrkje I midten Anne Silje Berg, leiar i plan, byggesak og miljø i Lom og Skjåk kommune.
Foto: Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren
Lom stavkyrkje Kyrkjeverge Anne Kristin Stenersen.
Foto: Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren

Bruksnytte for kommunane

Til no har Sunndal, Lillehammer, Lom og Skjåk bidratt i arbeidet med å teste ut rettleiaren. Den er no testa i fleire ulike typar kulturmiljø, blant anna i freda bygnadsmiljø, vassvegar, mellomalderkyrkjegard og tett trehusmiljø.

Målsettinga er at rettleiaren skal vere ferdig innan utgangen av 2024.

– Vi ser på dette som eit tiltak for kompetanseheving på risiko- og sårbarheitsanalysar, seier Anne Silje Berg, leiar i plan, byggesak og miljø i Lom og Skjåk kommune. – Dette er lovkrav i kommunen, og vi må stadig halde oss oppdatert. Sjølv i små kommunar som her i Lom og Skjåk.

Berg peikar på at beredskapsarbeidet er krevjande å stå i for ein liten kommune. Den skal følgjast opp kontinuerleg, og må stadig haldast oppdatert.

– Jo meir vi kan, jo enklare er det for oss å ta det inn i det daglege arbeidet vårt, seier Berg.

– Det blir også enklare å oppfylle lovkrava med betre kompetanse, som til slutt vil resultere i betre beredskap i Lom kommune.

Innlandet fylke har så langt hatt vassvegane i Skjåk, det freda gardstunet Uppigard, og Lom stavkyrkje med i pilotarbeidet. Seniorrådgjevar Irene Skauen Sandodden følgjer opp arbeidet med risiko- og sårbarheitsanalysar i Innlandet fylkeskommune og meiner pilotarbeidet har vore nyttig.

– Det er utroleg viktig at vi saman med kommunen testar ut verktøy som gjer det enklare å gjere ROS-analysar av kulturmiljøa vi har i fylket, seier Sandodden.

– Samarbeidet med kommunen og Riksantikvaren vil styrke arbeidet med beredskap og sikringa av desse.

Sårbar kulturarv i Noreg og Haag-konvensjonen

Kulturarven er sårbar for eit klima i endring, men med ein stadig meir ustabil verdssituasjon vil ein også måtte vurdere risiko for målretta handlingar mot kulturminne og -miljø.

– Kulturarven er både mål og middel i væpna konflikt, seier Anette Morvik Robberstad, seniorrådgjevar hjå Riksantikvaren.

– Vi ser at kulturarven systematisk blir nytta til å destabilisere sivilsamfunn og bevisst øydelegge folks identitet og tilhøyre.

Haag-konvensjonen er Unescos konvensjon om vern av kulturverdiar i tilfelle av væpna konflikt (1954) og protokollar (frå 1954 og 1999). Konvensjonen var verdssamfunnets reaksjon på dei enorme øydeleggingane frå andre verdskrigen.

Riksantikvaren har ansvar for konvensjonen i Noreg, og skal koordinere det norske arbeidet med beredskap på kulturarvfeltet, med sittande riksantikvar i rollen som generalkommissær.

Generalkommissæren skal leie beredskapsinnsatsen på heile kulturarvfeltet dersom det bryt ut krig i Noreg.

– Når Lom stavkyrkje er case i rettleiingsarbeidet er det fordi den kan sest som eit mål i kraft av sin verdi som kulturminne, seier Anette Morvik Robberstad.

– I rettleiingsarbeidet ser vi breitt på risiko og sårbarheit, og vi må tørre å tenkje at utenkelege kan skje med kulturarven vår også. Kulturminne og kulturmiljø er både mål og middel i væpna konfliktar, og i den spente verdssituasjonen er dette eit heilt nødvendig perspektiv å ha med inn i dette arbeidet.

Den nye rettleiaren vil vere eit viktig verktøy for kommunane, fylkeskommunane, eigarar og forvaltarar av kulturmiljø i dette arbeidet.

– Stavkyrkjene er nokre av kulturminna i Noreg som er best sikra, seier Hanna Lønning Gjerdi.

– Difor har vi stor verdi av å teste ut rettleiaren her i Lom stavkyrkje, og kan trekke vekslar nasjonalt på det gode arbeidet som alt er gjort med sikring lokalt her i Lom.

ROS-analyse

Ei risiko- og sårbarhetsanalyse (ROS-analyse) er ei vurdering av uønska hendingar som kan skje, sannsynlegheita for at dei vil inntreffe og kva negative konsekvenser dei kan få.

Pressevakt Riksantikvaren

Ikke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153