Fredar Erling Skakkes heimstad

Stødleterrassen i Etne kommune er rik på kulturminne. No vert området freda av Riksantikvaren.  

 

Stødleterrassen i Etne.
Rikt på arkeologiske funn: Stødleterrassen i Etne. Foto: Vestland fylkeskommune.

Stødleterrassen er eit platå som hever seg opp frå dalbotnen langs Etneelva, og det ligg ei stor mengd forhistoriske kulturminne i området. Over 50 kulturminne er automatisk freda,  det vil sei at dei er eldre enn frå 1537, medan dei eldste funna på terrassen er frå slutten av steinalderen.  

Desse kulturminna omfattar mellom anna fleire gravfelt, gravhaugar, bergkunst, busettings- og dyrkingsspor, samt Stødle kyrkje og den eldste delen av kyrkjegarden. Funn frå området peikar mot at Stødle alt i bronsealderen og gjennom jernalder og tidleg mellomalder har vore eit maktsentrum i Sunnhordland.  

–  Mellomalderkyrkja og bergkunstfeltet på Helgaberg ligg 4000 år frå kvarandre i tid, men dei ligg fysisk nær kvarandre og viser kor sentral Stødleterrassen har vore for folk gjennom fleire tusen år,  seier riksantikvar Hanna Geiran. 

Stødle har og vore ein svært viktig plass i noregshistoria som garden til lendmannen Erling Skakke og sonen, barnekongen Magnus Erlingsson på 1100-talet. Erling Skakke står truleg og bak bygginga av Stødle kyrkje.  

–  Samanhengen mellom dei automatisk freda kulturminna og landskapet dei ligg i er vesentleg for korleis vi opplev og forstår  kulturminna, kulturmiljøet og tidlegare bruk av området, seier Geiran. – Difor er det eit samanhengande område vi fredar, og ikkje enkelte plassar med funn.  

Arkeologiske funn på Stødleterrassen.
Arkeologiske funn: I området finns det mange kjende automatisk freda kulturminne. Dette gravminnet vart undersøkt i 1928 av Johannes Bøe. Foto: Bergen Museum.

Kulturarv under press

Tidlegare har talet på automatisk freda kulturminne vore over det dobbelte, men mange har gått tapt på Stødleterrassen. Under bakken har arkeologar påvist fleire funn og anlegg, og potensialet for nye funn er fortsatt svært høgt. 

Massane som terrassen er bygd opp av, er i vår tid ein råstoffressurs som kan utnyttast industrielt, og landskapet har omfattande inngrep frå sand- og grusuttak.  Det forhistoriske kulturlandskapet på terrassen er sårbart for ytterlegare endringar av terreng, vegetasjon og bygningar. Nye tiltak kan verke negativt inn på opplevinga av kulturminna, og forringe eller skipla samanhengen mellom dei. 

–  Fredinga skal ikkje føre til vesentlege endringar i driftsform og virke for landbruket, seier Geiran. 

–  Stødleterrassen er først og fremst eit landbrukslandskap med eit kulturlandskap vi ønskjer å ta vare på, og vidare landbruk er difor viktig for formålet med fredinga og landskapet som vi ønskjer å verne om.  

Storleiken på fredingsarealet har stått sentralt i fredingsprosessen. Det er Vestland fylkeskommune som har gjort eit godt stykke arbeid med å førebu fredinga, og grunneigarar og kommunen har ønskja eit mindre omfang enn det Vestland fylkeskommune først gjekk inn for. Fylkeskommunen har redusert området etter ei nøye og fagleg grundig vurdering, og Riksantikvaren sluttar seg til denne vurderinga.  

Lokal kunnskap om kulturminna hjå grunneigarar,i kommunen og lokale planprosessar gjer at fleire kulturminne kan ligge under markoverflata utanfor fredningsområdet. Kulturminne utanfor fredningsområdet vert teken vare på anna vis enn gjennom freding. Fredingsområdet er justert ned til vel 521 dekar. Dette dekker dei viktigaste areala med kjende kulturminne og områda omkring dei. Samstundes har fredningsområdet stort potensial for nye funn av automatisk freda kulturminne.

Formål med fredinga

Formålet med områdefredinga er å bevare verknaden av dei automatisk freda kulturminna i miljøet, ved å oppretthalde samanhengen mellom dei og med landskapet dei ligg i og ta vare på Stødleterrassen som naturformasjon og kulturlandskap. Vidare skal fredinga sikre dei vitskaplege interessene som knyter seg til dei automatisk freda kulturminna og ivareta kjeldeverdien som ligg bevart i og under markoverflata.  

Stødleterrassen.
Landskapet i Stødle: eit landsbrukslandskap som er svært rikt på spor etter bruk i førhistorisk tid og mellomalder.
Foto: Signe Nygaard, Vestland fylkeskommune.
Arkeologiske funn på Stødleterrassen.
Funn frå Stødle. Stødleterrassen har eit stort potensiale for nye funn av automatisk freda kulturminne.
Foto: Bergen museum.
Stødleterrassen: Bergkunst på Helgaberg.
Bergkunst: Det er fleire felt med bergkunst, slik som her på Helgaberg.
Foto: Atle Omberg, Riksantikvaren.
  • Fredningsår

    25.10.2024

  • Region

    Vestland

  • Eierskap

    Privat

  • Datering

    Førreformatorisk tid

  • Lokaliteter

    Arkeologisk minne: Funnsted