– Vi må auke kompetansen og kapasiteten innan handverksfaga slik at fleire kan og vil arbeide med kulturminne og kulturmiljø, seier riksantikvar Hanna Geiran.
– Dette gjer vi for å ivareta kulturmiljø, gje handverkarar betre tilgang til oppdrag og bidra til nødvendig kunnskapsutvikling. Marknaden for tradisjonelle handverkstenester skal bli meir føreseieleg, både for kunde og leverandør, seier Geiran.
Handverksstrategien skal stimulere til rekruttering innan handverksfag som er relevante for å ivareta freda og verneverdige bygningar, anlegg og fartøy. Riksantikvaren tildeler tilskot til ulike kulturminne i Noreg. Når no den nylanserte tilskotsordninga for kulturhistoriske viktige kyrkjebygg kjem, vil etterspørselen etter kvalifiserte handverkarar auke.

Kyrkjebevaringsfondet vart lansert tidlegare i år, og dei første tilskota vart alt delt ut i haust. I 2025 skal fondet dele ut inntil 300 millionar, og deretter trappast opp til 500 millionar kroner årleg. For andre kulturhistorisk viktige bygg og fartøy er tilskuddene over statsbudsjettet for 2025 foreslått til over 500 millioner fra Riksantikvarens tilskuddsordninger samt 137 millioner hos Kulturminnefondet. Til saman vil dette vere over ein milliard i tilskot til kulturminne, kulturmiljø og landskap i Noreg.
Til saman vil dette være over 1 milliard i tilskot til kulturminne, kulturmiljø og landskap i heile Noreg.
Pengane som skal gå til restaurerings- og istandsettingsprosjekt, vil også være retta mot kompetanseheving.
– Timinga er heilt ideell, seier riksantikvar Hanna Geiran.
– Med nye tilskotsmidlar kjem etterspurnaden etter kompetanse på tradisjonelle handverk til å auke, og vi oppmodar små og store handverksbedrifter til å satse, seier Geiran.

På bakgrunn av desse satsingane er målsetninga at tradisjonelle handverk skal få eit nasjonalt løft. Ein treng fleire gode og relevante utdannings- og opplæringstilbod, og rådgjevingstenester. Med fleire gode handverkarar får ein betre bruk av offentlege tilskot, og ein betre marknad for tradisjonelle handverkstenester.
– Handverkaren står i sentrum av denne satsinga, seier Geiran.
– Dette er eit tema som går på tvers av fleire sektorar. Både næring, utdanning, kultur og miljø har interesser, ønskjer og behov for utvikling av handverksfaga, og vi må arbeide saman for løfte dei fram, seier Geiran.
Fleire med på laget
Både Utdanningsdirektoratet, Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse og Kulturdirektoratet, saman med NHO Byggenæringen og Norsk Handverksinstitutt har deltatt i styringsgruppa og bidratt med gode innspel til strategien. I tillegg har tre referansegrupper med til saman 42 personar frå ulike fagmiljø bidratt. I løpet av prosessen har Riksantikvaren fått 158 høyringsinnspel, og engasjementet har vore stort.
Viktig før grøn omstilling av byggenæringa
Erfaringsbasert kunnskapsutvikling og forsking på feltet vil også vere viktig for god og berekraftig bevaring av kulturmiljø i eit endra klima. Vi treng også meir kunnskap om tradisjonelle byggemetodar og materialbruk når samfunnet skal omstille seg frå prioritering av nybygg til auka tilpassing og ombruk av eksisterande bygningar.
– Vi treng handverkarar som meistrar dei mange ulike byggeskikkane vi har og har hatt her i landet. Når vi skal gjenbruke fleire og fleire bygg i tida framover, så ønskjer vi oss handverkarar som handterer lafteøksa like godt som spikarpistolen. Det er ein god føresetnad, seier Geiran.
Pressevakt Riksantikvaren
Ikke send sms, telefonen viderekobles.Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153
Arbeidet med strategien
Her kan du lese meir om korleis Riksantikvaren har arbeida med strategien.
Siste nyheter

Forslag til ny kulturmiljølov
Lovutvalget for ny kulturmiljølov har mandag 24. mars lagt frem sin utredning om ny kulturmiljølov.

Redder kirkekunst i kritisk tilstand
Riksantikvarens tilskudd til kirkekunst i 2025 er fordelt. Se hvilke kirker som får.

Innsigelse til Sadelmakerhullet i Oslo
Riksantikvaren reiser innsigelse til Hav Eiendoms planforslag rett ved Børsen.

Kven fortener kulturminneprisen i 2025?
Er det deg, er det nokon du kjenner? Fram til 2. mai kan du foreslå kandidatar til Riksantikvarens kulturminnepris 2025.

Motsegn i Luster
Riksantikvaren meiner at omsynet til Solvorn strandsitjarstad, kulturlandskapet i Lusterfjorden og verdsarven Urnes stavkyrkje må vege tyngre enn ei ny småbåthamn med parkering og veg.

Lyser ut millioner for kyst og landbruk
Riksantikvaren lyser ut tilskudd til verdiskaping i kulturmiljø. I 2025 vil søknader for kysten og landbruket bli prioritert.